lørdag 18. juni 2011

Havørnungar m.m. 16-18.06.11

Dei siste par dagane har det virkelig gått i ett med feltarbeid på havørnprosjektet. Det er nemleg mindre enn ei veke til havørnungane skal flygast over til Skottland. Til no har vi samla inn 5 ungar. Målet er å få sendt over 20 ungar. Men i år er produksjonen på ungar under gjennomsnittet, og dermed er det ikkje sikkert at det målet blir nådd. Men uansett so er det inga tid å miste....

Her er nokre bilder av havørnungar frå so longt i år!

 




Nattsongarar...
Den siste skikkelige lytterunda eg hadde heime på øyane var for eit par dagar sidan. Då fann eg årets 2. myrsongar. Denne gongen på Leina på Sandsøya. Berre ca. 50m frå ein av grashoppesongarane. Ellers so høyrde eg elvesongaren sist i dag tidlig, so den er fortsatt på plass. Og åkerriksa på S-sida av Sandsøya har flytta seg akkurat 300m mot vest. So no kan eg berre opne soveromsvinduet mitt for å høyre både elvesongar og åkerrikse!!

Nattsongarar i herøy
Eg var også ein liten tur til Sævika på Remøya, samt til Myklebustvatnet like ved Fosnavåg i Herøy natt til 17.juni. På denne turen fann eg ein grashoppesongar i Sævika (Remøya), og ein i Myklebustvatnet. Den i Myklebustvatnet er minimum årets 3 grashoppesongar for den lokaliteten. Utanom grashoppesongarane var det også 2 MYRRIKSER i Myklebustvatnet. Ein syngande hann i kvar ende av vatnet!

Grashoppesongarhekkig på Runde!
Grashoppesongaren som har vore på plass ved snuplassen i enden på vegen i Goksøyra på Runde sidan rundt 10.mai var fortsatt på plass når vi sjekka den opp på onsdag som var. (15.juni) Og no for den å flaug med mat i nebbet. Dermed har Norges nordligaste hekkefunn av grashoppesongar blitt påvist!!!!!

Her er eit bilde av songaren!
Grashoppesongar M, Goksøyr/Runde.
Dette bildet blei tatt 18.mai.

2 kommentarer: