I dag vart det først ein liten biltur rundt på Voksa for å sjå om der kanskje kunne vere noko å sjå. Det var heller lite... Det einaste som var verdt å legge merke til var ei flokk på 11+ viper som rasta på nordsida av øya. På Sandsøya starta eg med å sjå om der kunne vere noko i storevika. Der vart det sett ei næringssøkande 1K lappspove. Til slutt på dagen så vart det satsa på måsane på Sandshamna. Fortsatt var ein av dei 2-3 polarmåsane som vart sett for eit par dagar sidan på plass.
Her kan du sjå nokre bilder av den nydelige måsen.
|
Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya |
|
Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya |
|
Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya |
Eg legg også inn eit par portrettbilder av krykkje og gråmåse!
|
Krykkje 1K, Sandshamna/Sandsøya |
|
Gråmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar