mandag 23. april 2012

Kvitmåsar og russiskmerka svartbak, Sandshamna 21.04.12

Den 21.april vart det nok ein gong sett gjennom måsane på Sandshamna. Der vart det sett 1 2K polarmåse og
1 2K grønlandsmåse. Utanom kvitmåsane så vart det sett ein fullt utfarga svartbak med ein russisk metallring. Eg fikk desverre ikkje sett heile ringen, men muligens så fikk eg sett det eg trengte... Eg leste nemleg av alle tala i ringkoda. Framfor dei seks tala som eg fikk sett er det truleg to bokstavar, og desse er då dei samme(?) på alle ringane. Så kanskje får vi vite kor måsen kjem frå? Eg har i hvertfall oversendt informasjonen til Stavanger museum som vidare har sendt det til Russerane. Så dermed er det er berre å krysse fingrane for at eg har det som trengst for å kunne sei kor den er merka.

Her er nokre bilder av måsane.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Svartbak 5K+, Sandshamna
Denne er merka i Russland. Det som eg fikk sett av ringkoda var 009405.
Truleg er heile koda ES009405.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar