onsdag 16. mai 2012

AFTENFALK, Sandsøya 15.05.12

Etter nokre dagar med forkjølelse og dritveir vart det i går ettermiddag endeleg ein tur ut. Mest for å sjekke lokalitetar rundt omkring på øyane etter eventuelt nye grashoppesongarar. Men på grashoppesongarfronten var det desverre lite å juble for. Etter å ha gått over Voksa var det einaste som var verdt å nortere seg ein fullt utfarga dvergfalkhann som jakta låvesvaler på sørsida av øya. På Sandsøya var det egentleg det samme, nemleg ingen grashoppesongarar der heller. Så tilfeldigvis retta eg kikkerten opp på ei kråke som befann seg i lufta over Våge på Sandsøya. I lag med kråka var der ein liten, langvinga og langstjerta falk. Falken var så og seie ansfarga mørk gråleg, med raud undergump og "bukser". Dermed var det ikkje tvil! Det var øyane sin første AFTENFALK som vart sett kort krinsande over Våge. Fuglen var ein 2K hann. Dette vart då det 5-8. funnet av aftenfalk totalt i MR. Så ein skikkeleg gobit kan ein trygt seie at det var. Aftenfalken finn vi nærmast oss i aust-Europa. Falken er dermed ein stor raritet i Norge, med berre nokre få funn årleg.


Her er nokre dokumentasjonsbilder av gårsdagens gobit.
Aftenfalk 2K M, Våge/Sandsøya
Aftenfalk 2K M t.v. og kråke t.h., Våge/Sandsøya

Her er ein link til blogginnlegget med bilder av den 2K aftenfalkhannen som befannt seg på Runde for 1 år sidan. http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/2011/05/aftenfalk-og-akerrikse.html


Fuglenytt ellers...
Utanom falken så har det blitt sett litt av kvart mellom den 10. og den 16.mai. Den 10.mai vart fylket sin første tornsongar for året sett og høyrd på Voksa. Morgonen den 11.mai vart det sett ei jordugle på Voksa, og årets første gjøk på Sandsøya. I dag den 16.mai vart det sett 1 grønnstilk, 1 svarthalespove og 2 kortnebbgjess på Voksa. I tillegg til desse så vart årets 3 første sivsongarar observert på øyane. Dette vart faktisk dei første registrerte i fylket i år! På Sandsøya vart det på Sandshamn høyrd ein gjøk syngande. I Våge vart det sett ei lappspurvhoe, samt at den ringmerka grashoppesongaren som vart oppdaga den 9.mai fortsatt er på plass.

Her er eit bilde av den stasjonære grashoppesongaren i Våge.
Ingenting er meir fantastisk enn å vere uten ein tidleg morgon for å sjå og
høyre ein grashoppesongar synge av full hals. Det er rett og slett magisk!!

2 kommentarer:

  1. Hei!..Eg såg ein aftenfalk på Farstad på Lepsøya for om lag 2 veker sidan. Tok ikkje bilete av han, men er sikker på at der var ein aftenfalk. den sat på ein stein ca tre meter frå meg.
    Venleg helsing Gunnbjørg Seth

    SvarSlett
  2. Kan du beskrive fuglen nærmare? Ein skal ikkje sjå vekk i frå at det kansje kan vere den samme fuglen som eg såg då den vart sett i det samme tidsrommet...

    Mvh Ingar

    SvarSlett