onsdag 20. juni 2012

GULIRISK, polarmåse og myrsongar m.m. 14-20.06.12

Den siste halvannan veka har det vore heilt stappa med feltarbeid. Men eg har fått "pressa" inn litt nattsongarlytting, og ellers så er sjølvsagt sansane skjerpa. For ein veit aldri kor sjeldenheita befinn seg! Det er nemleg gårsdagen eit meget bra eksempel på... For etter endt feltdag så kom vi tilbake til Alv Ottar Folkestad sitt hus på Aursneset ved Eiksund. Der satt MR sin andre GULIRISK og song i gran- og furuskogen rett aust for huset. Den vart høyrd kort, men meget godt. Denne fuglen er vanleg sørover på kontinentet. Den hekkar regelmessig så lang nord som til sør-Sverige, og den vart første gong påvist hekkande i Norge i 2010. Etter dette har den vore på plass både i 2011 og 2012. Men her er det snakk om Bærum og det er eit stykke lenger sør og aust. Det første funnet for MR vart gjort på slutten av 1980- eller starten på 1990-talet. Då vart det sett ein hannfugl av Kjell Mork Soot på foringa på Hareid i juni. Gårsdagens fugl fikk eg desverre ikkje dokumentert, men slik er det... Under legg eg ved ein link til eit lydopptak av songen til ein gulirisk.

Her er songen til ein gulirisk.
http://www.xeno-canto.org/sounds/uploaded/BPSDQEOJWG/GulhamplingGoksongBjorket2009-05-17.mp3


Nattsongarar...
Det har ikkje vorte særleg mykje lytting på øyane heime, men eg fikk derimot gjort ei lita lytterunde i Herøy natta til den 19.juni. Der vart det høyrd 1 vaktel, og 1 myrsongar syngande på Remøya. Eg tok også turen ut til Kopparstad på Nerlandsøya for å sjekke opp grashoppesongaren som blei rapportert av lokalbefolkninga for fleire veker sidan. Den satt og song, og eg fikk sett fuglen, og dermed konstatert at fuglen var ringlaus. Natta til den 19. juni vart det også høyrd 1 syngande vaktel på Voksa. Den satt også og song i natt som var, altså den 20. juni. I natt som var satt også året 3.åkerrikse for øyane og song i Våge på Sandsøya.

Her er ein liten videosnutt med songen til myrsongaren på Remøya.



Måsar...
Natta til den 14.juni var eg ute på ei nattsongarunde heime på øyane. Men der var desverre ingenting å høyre. Dermed tok eg meg ein tur til fiskemottaket på Sandshamna for å sjå om der var måsar. Det var klar himmel og dermed ganske så lyst sjølv om klokka var 01. på natta. Og lyset var bra nok til å sjå gjennom måsane på ein nokonlunde bra måte. Der fikk eg mitt første sommarfunn av polarmåse! Der låg nemleg ein 2K-fugl og sov på eit skjær på hamna.

Natta til den 16.juni var det akkurat likeeins, nemleg ingen spennande nattsongarar å høyre. Så då sjekka eg måsane på Sandshamna. Der fann eg ein engelskmerka svartbak. Men sidan klokka var 02. om natta så var det litt vanskeleg å sjå kva som stod på fargeringen. Men sidan fuglen ikkje var utfarga så var det mogleg å finne ut kva fugl det var snakk om. Under kan du lese meir om måsen.


Svartbak 4K, Sandshamna 20.juni
Med fargeringkode LF8T.
Denne 4K svartbaken med fargeringkode LF8T vart merka på Pitsea søppelfylling i Essex den 5.februar i 2011 som ein 2.vinter fugl. Fuglen er nok heilt sikkert ei hoe då den var liten og smekker, og nebbet var spinkelt med liten gonysvinkel. Dette var det første gjenfunnet av måsen etter at den blei merka.
 
Her er ein link til eit oversiktskart.
http://www.ntgg.org.uk/map/MA26866

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar