søndag 24. juni 2012

Havørn 2012

I år var det det siste året det skulle samlast inn havørnungar for overføring til Skottland. Det som kunne samlast inn var som ved alle dei føregåande, altså åra frå 2007 og t.o.m. i år 20 ungar. Men i år var det rett og slett ikkje mogleg. Ørnene har nemleg i år den dårligaste ungeproduksjonen sidan havørnprosjektet vart  oppstarta i 1974. Og aldri før har det blitt sjekka så mange reir i samband med overføringsprosjektet, men likelvel så blei det berre innsamla 6 ungar. Det vart vel sjekka nærmare 150 reir, og på eit normalår så ville vi hatt  langt over 20 ungar på eit slikt antall sjekka reir. I år blir det estimert ein ungeproduksjon på ca. 25%. Det som er normalt er på over 50%. Akkurat dette må nok kanskje veiret ta ein del av skulda for. Med mykje vind og nedbør la det nok ein dempar på "lysta" allereie før dei var skikkeleg i gong med ruginga. For når det kom snøv i påskeveka tok det ikkje lenge før eit stort antall ørner braut av. Lenger inn og nord i fylket kom det også store snømengeder dei aktuelle dagane, og då var det nok så gale at sjølv om motivasjonen hadde vore på topp så hadde nok mange brutt av. Men veirfaktoren er nok berre ein av mange faktorar som har spelt inn... Men slik er naturen ting går både opp og ned!

Her er eit par bilder av ungar frå i år.
Ein einslig ørneunge på reiret. Skal det samlast inn ein unge må det vere
minst to ungar på reiret. Når det ein sjeldan gong er tre ungar så kan det
samlast inn to. Trenden i år var at når ørnene først hadde ungar så
var det einslingar. Og flesteparten av desse var hannfuglar.
 Dette vart den nest siste innsamla ørneungen til Skottland.
Her blir havørnungane lasta om bord i flyet på Vigra som skulle frakte
dei til Skottland.

Fuglenytt ellers...
Den 21.juni vart myrsongaren som vart oppdaga på Remøya den 19.juni sjekka opp igjen på nytt. Og den var fortsatt på plass. Dermed vart det gjort eit skikkeleg lydopptak av songaren. På Voksa vart det natt til den 23.juni høyrd ein syngande grashoppesongar på den eksakt samme plassen som det vart høyrd eit syngande ind. den 5.juni. Oppførselen til fuglen gjer det slik at eg trur det muligens kan vere snakk om den samme songaren. Så kanskje er det vellykka hekking der i år. Ellers så sit fortsatt åkerriksa i Våge og syng. Den vart seinast høyrd syngande i natt som var.

Her er nokre lydopptak frå dei aktuelle dagane.

Myrsongar, Remøya (Herøy)


Gulsongar, Sandsvika (Herøy)


Åkerrikse, Våge, Sandsøya

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar