onsdag 11. juli 2012

Ringmerka tjeldar frå Storbritannia

Den 31.mars i år lykkast eg med å få avlest to ringmerka tjeldar med metallring frå Storbritannia på øyane heime. Den eine vart lest av på sørsida av Sandsøya, medan den andre vart lest av på Voksevegen rett nord for Voksa. For ei lita stund sidan fikk eg svar på begge fuglane. Her er det eg fikk vite om dei to...

Tjeld, Voksa/Voksevegen:
Denne minst 20 år gamle tjelden med metallring nr. FA65235 har tilhold
ved Voksevegen nordaust på Voksa.
Tjelden som vart avlest på Voksevegen viste seg å vere ein eldre fugl. Den vart nemleg ringmerka som ein adult fugl (3K+) den 2.november i 1994 på lokaliteten Friskney New Marsh i Linkolnshire på austkysten av England. Dermed er tjelden no minst 20 år gammal. Men sidan den vart merka som ein fullt voksen fugl så kan den i teorien vere veldig gammal! Aldersrekorden for denne arten er på 43 år og 4 månadar. Dette var det første gjenfunnet etter at den blei merka.

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå der "FA65235" vart ringmerka i England og til
Voksevegen er på ca. 1063km.
                                                                                                                                                                   


Tjeld, Sandsøya:
Denne tjelden med metallring nr. FP82910 har hatt tilhold på den samme
staden på sørsida av Sandsøya for minst det andre året på rad.
På Sørsida av Sandsøya vart det avlest ein ringmerka tjeldhann. Denne viste seg å vere merka på sørvest-kysten av Skottland den 5.september i 2009. Lokalieten er nærmare bestemt Waterfoot, Annan. Denne vart også merka som ein fullt voksen fugl (3K+). Noko som vil seie at den i dag er minst 5 år gammal. Dette er minst det andre året den er på plass på sørsida av Sandsøya, men i fjor blei den aldri avlest... Som hos fuglen frå Voksevegen var også dette det første gjenfunnet etter at den blei merka.

Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom der "FP82910" vart merka i
Skottland og Sandsøya er på ca. 947 km.

I år har paret med den ringmerka hannen ("FP82910") 3 ungar. Eg har så langt ringmerka 2 av dei. Her er eit bilde av ein av ungane.
Tjeld pullus, Sandsøya 9.juli 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar