søndag 24. juni 2012

Havørn 2012

I år var det det siste året det skulle samlast inn havørnungar for overføring til Skottland. Det som kunne samlast inn var som ved alle dei føregåande, altså åra frå 2007 og t.o.m. i år 20 ungar. Men i år var det rett og slett ikkje mogleg. Ørnene har nemleg i år den dårligaste ungeproduksjonen sidan havørnprosjektet vart  oppstarta i 1974. Og aldri før har det blitt sjekka så mange reir i samband med overføringsprosjektet, men likelvel så blei det berre innsamla 6 ungar. Det vart vel sjekka nærmare 150 reir, og på eit normalår så ville vi hatt  langt over 20 ungar på eit slikt antall sjekka reir. I år blir det estimert ein ungeproduksjon på ca. 25%. Det som er normalt er på over 50%. Akkurat dette må nok kanskje veiret ta ein del av skulda for. Med mykje vind og nedbør la det nok ein dempar på "lysta" allereie før dei var skikkeleg i gong med ruginga. For når det kom snøv i påskeveka tok det ikkje lenge før eit stort antall ørner braut av. Lenger inn og nord i fylket kom det også store snømengeder dei aktuelle dagane, og då var det nok så gale at sjølv om motivasjonen hadde vore på topp så hadde nok mange brutt av. Men veirfaktoren er nok berre ein av mange faktorar som har spelt inn... Men slik er naturen ting går både opp og ned!

Her er eit par bilder av ungar frå i år.
Ein einslig ørneunge på reiret. Skal det samlast inn ein unge må det vere
minst to ungar på reiret. Når det ein sjeldan gong er tre ungar så kan det
samlast inn to. Trenden i år var at når ørnene først hadde ungar så
var det einslingar. Og flesteparten av desse var hannfuglar.
 Dette vart den nest siste innsamla ørneungen til Skottland.
Her blir havørnungane lasta om bord i flyet på Vigra som skulle frakte
dei til Skottland.

Fuglenytt ellers...
Den 21.juni vart myrsongaren som vart oppdaga på Remøya den 19.juni sjekka opp igjen på nytt. Og den var fortsatt på plass. Dermed vart det gjort eit skikkeleg lydopptak av songaren. På Voksa vart det natt til den 23.juni høyrd ein syngande grashoppesongar på den eksakt samme plassen som det vart høyrd eit syngande ind. den 5.juni. Oppførselen til fuglen gjer det slik at eg trur det muligens kan vere snakk om den samme songaren. Så kanskje er det vellykka hekking der i år. Ellers så sit fortsatt åkerriksa i Våge og syng. Den vart seinast høyrd syngande i natt som var.

Her er nokre lydopptak frå dei aktuelle dagane.

Myrsongar, Remøya (Herøy)


Gulsongar, Sandsvika (Herøy)


Åkerrikse, Våge, Sandsøya

onsdag 20. juni 2012

GULIRISK, polarmåse og myrsongar m.m. 14-20.06.12

Den siste halvannan veka har det vore heilt stappa med feltarbeid. Men eg har fått "pressa" inn litt nattsongarlytting, og ellers så er sjølvsagt sansane skjerpa. For ein veit aldri kor sjeldenheita befinn seg! Det er nemleg gårsdagen eit meget bra eksempel på... For etter endt feltdag så kom vi tilbake til Alv Ottar Folkestad sitt hus på Aursneset ved Eiksund. Der satt MR sin andre GULIRISK og song i gran- og furuskogen rett aust for huset. Den vart høyrd kort, men meget godt. Denne fuglen er vanleg sørover på kontinentet. Den hekkar regelmessig så lang nord som til sør-Sverige, og den vart første gong påvist hekkande i Norge i 2010. Etter dette har den vore på plass både i 2011 og 2012. Men her er det snakk om Bærum og det er eit stykke lenger sør og aust. Det første funnet for MR vart gjort på slutten av 1980- eller starten på 1990-talet. Då vart det sett ein hannfugl av Kjell Mork Soot på foringa på Hareid i juni. Gårsdagens fugl fikk eg desverre ikkje dokumentert, men slik er det... Under legg eg ved ein link til eit lydopptak av songen til ein gulirisk.

Her er songen til ein gulirisk.
http://www.xeno-canto.org/sounds/uploaded/BPSDQEOJWG/GulhamplingGoksongBjorket2009-05-17.mp3


Nattsongarar...
Det har ikkje vorte særleg mykje lytting på øyane heime, men eg fikk derimot gjort ei lita lytterunde i Herøy natta til den 19.juni. Der vart det høyrd 1 vaktel, og 1 myrsongar syngande på Remøya. Eg tok også turen ut til Kopparstad på Nerlandsøya for å sjekke opp grashoppesongaren som blei rapportert av lokalbefolkninga for fleire veker sidan. Den satt og song, og eg fikk sett fuglen, og dermed konstatert at fuglen var ringlaus. Natta til den 19. juni vart det også høyrd 1 syngande vaktel på Voksa. Den satt også og song i natt som var, altså den 20. juni. I natt som var satt også året 3.åkerrikse for øyane og song i Våge på Sandsøya.

Her er ein liten videosnutt med songen til myrsongaren på Remøya.



Måsar...
Natta til den 14.juni var eg ute på ei nattsongarunde heime på øyane. Men der var desverre ingenting å høyre. Dermed tok eg meg ein tur til fiskemottaket på Sandshamna for å sjå om der var måsar. Det var klar himmel og dermed ganske så lyst sjølv om klokka var 01. på natta. Og lyset var bra nok til å sjå gjennom måsane på ein nokonlunde bra måte. Der fikk eg mitt første sommarfunn av polarmåse! Der låg nemleg ein 2K-fugl og sov på eit skjær på hamna.

Natta til den 16.juni var det akkurat likeeins, nemleg ingen spennande nattsongarar å høyre. Så då sjekka eg måsane på Sandshamna. Der fann eg ein engelskmerka svartbak. Men sidan klokka var 02. om natta så var det litt vanskeleg å sjå kva som stod på fargeringen. Men sidan fuglen ikkje var utfarga så var det mogleg å finne ut kva fugl det var snakk om. Under kan du lese meir om måsen.


Svartbak 4K, Sandshamna 20.juni
Med fargeringkode LF8T.
Denne 4K svartbaken med fargeringkode LF8T vart merka på Pitsea søppelfylling i Essex den 5.februar i 2011 som ein 2.vinter fugl. Fuglen er nok heilt sikkert ei hoe då den var liten og smekker, og nebbet var spinkelt med liten gonysvinkel. Dette var det første gjenfunnet av måsen etter at den blei merka.
 
Her er ein link til eit oversiktskart.
http://www.ntgg.org.uk/map/MA26866

torsdag 7. juni 2012

Fargemerka gråmåse m.m. Sandsøya/Voksa 01-07.06.12

Den siste veka har det vore så og seie i ett med feltarbeid på havørnprosjektet, samt sjøfuglprosjekta på Runde. Dermed har det ikkje blitt så mykje tid til å følge med på fuglelivet på øyane. Men eg har prøvd å få inn nokre lytterunder etter nattsongarar, samt å sjå gjennom måsane på Sandshaman visst det har vore tid til det. På nattsongarfronten kan eg nemne at no har åkerriksa som var oppdaga på Voksa den 19.mai også fordufta. Den vart sist høyrd syngande den 2.juni. Den 5.juni vart årets 3. grashoppesongarhann for min del på øyane høyrd syngande på Voksa. Men desverre var den songaren også ein gjennomtrekkar. Dermed er det fortsatt berre songar "9E40523" som har tilhold på øyane. Den vart sist høyrd syngande i Våge på Sandsøya i natt som var. Ellers så er det fortsatt ein vaktelhann som syng på Voksa.

Ser ein vekk i frå nattsongarane vart det i dag sett 3 stjertender i Storevika på Sandsøya. Det var snakk om 1 hann og 2 hofuglar som var aktivt næringssøkande der. Litt før på kvelden vart det sett ein fargemerka gråmåse på Sandshaman. Og nettopp måsen kan du lese meir om under.

Fargemerka gråmåse..
Gråmåes 2K M (fargeringkode JN714), Sandshamna 7.juni 2012.
Den 2K gråmåsehannen med fargeringkode JN714 vart merka som ein 2K-fugl den 22.april i Tranvågen, Ågotnes i Hordaland. Dette var det første gjenfunnet etter at den blei merka.

Dato       Stad                                                              Koordinatar    Observatørar        Dagar/km/°

22.04 2012 Tranvågen, Ågotnes, Fjell, Hordaland, Norway 60°24'47"N 005°00'10"E Breistøl, Arild
Fjeldheim, Vegard Finset
Pedersen, Christian -
07.06 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 46/206/6

 Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom Tranvågen og Sandshamna er på 206 km.