torsdag 7. mars 2013

Avlesing av ringmerka havørner

Den 25.februar var Alv Ottar Folkestad og eg på Skorpa i Herøy kommune for å telle villgeitene som held til der. På båtturen ut til øya kom vi over ein god del havørner, blandt dei var det ein fjorårsunge (2K) som eg trudde var ringmerka. Noko som viste seg å stemme. Etter å ha tatt nokre få bilder av ørna var ringen avlest. Den nye ringtypa som blei tatt i bruk i fjor gjer det ekstremt mykje lettare å lese av desse ringmerka ørnene. Før har siffera/bokstavane vore mykje verre å lese av då kontrastane mellom ringfargen og fargen på siffera/bokstavane, samt plasseringane av desse har gjort det vanskelig å få lest av ringkodene. På den nye ringtypa er kontrastane store, og ringkoda er plassert saman slik at den lett kan avlesast. Skulle ein for eksempel berre sjå siste delen av koda på den eine sida av ringen vil ein sjå den første delen av koda på den andre sida av ringen, dermed skal det svært mykje til og ikkje lukkast med avlesinga. Ein annan ting er at ringen er veldig stor, og dermed er det plass til store bokstavar og siffer, dette gjer det slik at ein med få problem også kan lese av desse ringane på langt hold ved hjelp av teleskop eller foto. Under kan du sjå eit bilde av fjorårsungen frå Skorpa med ein slik ring.

Havørn 2K, Skorpa 25.februar 2013
Havørna N001 vart ringmerka på eit reir i Fræna kommune i M&R i juni i 2012. Den 25.februar vart den som sagt funnen igjen på Skorpa i Herøy kommune ca. 111 km i frå ringmerkingsstaden. Totalt blei det i 2012 ringmerka ca. 100 havørnungar med denne nye ringtypa i Norge. Desse vart merka langs kysten frå Rogaland t.o.m. Nordland.


Frå Vatnefjorden til Sandshamna
Den 7.desember i fjor var eg ute og såg på måsar på Sandshamna. Rett før det vart mørkt vart eg oppmerksom på nokre havørner som holdt seg like ved. Dermed var det fram med teleskopet. Då viste det seg at ei av ørnene, ein årsunge (1K) var ringmerka. Ørna var då ca. 270 meter i frå der eg sto, men det var likevel få problem med å få lest av ringen. Og på ringen sto det N004. Ørna viste seg å ha blitt merka i Vatnefjorden i Haram kommune i M&R i juni i 2012. Avstanden frå ringmerkingsstaden og til Sandshamna er på ca. 70 km. I reiret der denne vart merka var der to ungar, den eine av desse vart samla inn og seinare overført til Skottland som ein del av overførings-
prosjektet.

Her er eit dokumentasjonsbilde av N004 som igjen viser kor enkelt det er å få lest av
 denne ringtypa. Dette bildet er tatt på ganske langt hold med ei brennvidde på 420mm.
Havørn 1K, Sandshamna/Sandsøya 7.desember 2012

Dermed er det berre å sjekke alle havørnene ein ser. For no skal det ikkje lenger vere uoverkomeleg å få lest av ringane på fuglane berre ein er klar over kor enkelt det er og dermed faktisk tek seg bryet å ta "skopet" opp frå sekken eller kanskje "fyre" av eit par ekstra bilder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar