tirsdag 23. april 2013

Grashoppesongarane nærmar seg...

Då har årets første grashoppesongarar blitt observert i Norge. To fuglar har nemleg blitt ringmerka på Utsira i Rogaland. Eit ind. den 20. og eit ind. den 21.april. Dermed er nok den første songaren ikkje langt unna, om den ikkje alt er på plass... Berre vinden gir seg så blir det ein skikkeleg sjekk rundt om på alle dei utallige grashoppesongarlokalitetane på Sandsøya og Voksa. For prosjektet som har blitt starta opp på arten skal vidareførast også i år.

 
Her er ein grashoppesongar i sitt rett miljø. Utanom når dei syng er desse skapningane
veldig kryptiske. Store delar av tida blir tilbrakt pilande rundt på bakken som ei mus.

Grashoppesongar 2K+ M, Voksa mai 2011

Som alle kanskje har fått med seg så har eg dei siste åra fylgt nøye med på grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa. Det heile starta egentlig med at eg ville prøve å få gode bilder av arten. Så utvikla det seg til å prøve å finne ut kor mange fuglar det var snakk om, i første omgong ved hjelp av foto. Etter det så bli det starta eit prosjekt på arten med både ring- og fargemerking.

Her er ein av dei mange songarane som blei merka på øyane i 2011.
Grashoppesongar 2K+ M, Våge, Sandsøya mai 2011


Kjem dei tilbake?
Den beste sesongen så langt, altså sesongen 2011 var heilt rå! Totalt vart det sett 34 forskjellige hannfuglar våren og sommaren det året. Den beste natta satt det ikkje mindre enn utrulige 14 grashoppesongarar og song samtidig på øyane. Dette er ei rekord som skal bli svært vanskeleg å slå. Men får ein rette veir og vindforhold til rett tid er alt mogleg. Fjorårets sesong vart svært dårleg med veldig ugunstige forhold i ankomstperioden til arten, altså frå slutten av april til midten av mai. Totalt vart det ikkje sett meir enn 6-7 hannfuglar i fjor. Likevel var det konstatert hekking i hvert fall på Voksa. I fjor kom det berre attende 1 av dei 25 songarane som hadde eller fikk påsatt ringar i 2011. Dermed blir det veldig, veldig interessant å sjå om det berre var dei vanskelige forholda i fjor som gjorde slik at dei ikkje kom tilbake, og at dei dermed dukkar opp i år, etter eit år andre stadar. Skjer det så hadde det vore heilt fantastisk!

I år har eg endeleg muligheita til å ringmerke songarane sjølv. Det vil seie at eg no slepp å vente på andre som skal vere med for å merke, men faktisk " ta unna" songarane så snart som dei kjem. Då vil eg også få merka songarar som vi ikkje ville ha fått merka tidligare, til dømes songarar som er på gjennomtrekk. Ellers så får vi berre håpe på ein bra hekkesuksess for arten. Då vil det bli prioritert å få ringmerka flest mogleg ungar for å sjå kva desse gjer som voksne fugar. Kanskje kjem dei tilbake til området der dei blei klekt?

Her er ein av dei mange grashoppesongarungane som såg dagens lys sommaren 2011.
Grashoppesongar 1K, Voksa august 2011

Ta gjerne kontakt...
Skulle du befinne deg på Sunnmøre og samtidig kome over ein syngande grashoppesongar så hadde eg satt stor pris på om du gav lyd frå deg. Det hadde nemleg vore svært så interessant å få sjekka opp desse songarane for ringar, og eventuelt få ringmerka dei.

For dei som ikkje er veldig kjent med songen til arten så høyrest den slik ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar