tirsdag 21. mai 2013

Fuglenytt frå Sandsøya og Voksa 11-21.05.13

Dei siste dagane har det vel blitt i gjennomsnitt ca. 18 timar i felt kvar dag! Mykje av fokuset har vore på nattsongarar, og då særleg grashoppesongarar. Av små lokale raritetar kan eg nemne at øyane sin andre raudstjert har hatt tilhold i Våge på Sandsøya i godt over ei veke, der den er aktivt syngande. Dermed kan ein kanskje få øyane sitt første hekkefunn av arten i år? Ellers så vart eit skjeandpar sett på Sandsøya frå den 14.mai t.o.m. den 17.mai. Desse fuglane utgjorde den tredje funnet av arten på øyane, og mitt andre. Den 20.mai vart det sett ei enslig trane på Voksa. Eg kan også nemne at det blei sett eit tranepar i Storevika naturreservat på sørsida av Sandsøya den 4.mai. Men utenom desse små gobitane har det ikkje vore alt for spennande når det gjeld raritetar... Noko som kanskje er litt merkelig i og med at vi har hatt eit fantastisk veir med veldig bra temperaturar dei siste dagane. Men som alltid, før eller sidan så dukkar det opp eit kvart.

Her er eit par dokumentasjonsbilder av raudstjert og skjeand.
Raudstjert M, Våge Sandsøya . Her avbilda den 11.mai 2013

Skjeand M, her avbilda den 14.mai i Sandsvågen på Sandsøya. 


Endelig syngande nattsongarar!
Med den siste tidas temperturar og veir har det vore perfekte forhold for nattsongarar og nattsongarlytting. Starten på årets "sesong" blei prega av kalde og ugunstige veirforhold, men når det no endeleg blei sommartemperaturar dukka også litt av kvart opp. Den 17.mai vart årets første åkerriksehann høyrd syngande på Voksa. Dette vart ei av dei tre første åkerriksene syngande i Norge i 2013. Det vart nemleg høyrd 2 ind. syngande i Rogaland den samme natta. Åkerriksa på Voksa vart sist høyrd syngande i natt som var, så den er fortsatt på plass.

Åkerriksa blei innfanga for ringmerking. Her er
eit par bilder av fuglen i hand.
Åkerrikse 2K+ M, Voksa 17.mai 2013

Åkerrikse 2K+ M, Voksa 17.mai 2013


Ein heilt grei grashoppesongarsesong?
Denne sesongen ser ut til å blei heilt på det jevne når det gjeld grashoppesongarar. For med eit ekstremt dårleg år for arten i 2012 ser vi i år ut til å vere tilbake på eit meir normalt nivå, samanlikna med trenden dei siste åra. Så langt i år har den vore 6-7 grashoppesongarar innom på Sandsøya og Voksa. Dermed har eg egentleg overgått antallet for heile fjoråret allereie når det gjenstår ei og ei halv veke av mai. Det lovar veldig, veldig bra!
Av dei 6-7 grashoppesongarane har eg fått ring- og fargemerka 6 fuglar. Dermed er det mulig å følge dei som blir verande gjennom sommaren, og vidare i åra framover, visst dei skulle kome tilbake også ved seinare anledningar. Fortsatt er det mange ekstremt gode områder for arten som står tomme her på øyane, og normalt så dukkar det opp fuglar stort sett gjennom heile sommaren, så i år blir nok antallet ein stad mellom 10 og 20 ind. (då rekna berre hannfuglar). Dermed er det berre å sjå framover og gle seg. Eg håper at songarane får fram godt med ungar i år, for eit av måla for året er å få ringmerka ein god del av årsungane for å sjå om nokre av desse vender tilbake til hekkeloklitetane eller ikkje.

Her er eit par oversiktskart over øyane der eg har plotta inn grashoppesongarane,
samt forflytningane dei har gjort. For nokre av songarane har flytta ein god
del rund for å finne det optimale hekkeområdet.

Sandsøya

Voksa

Av dei ringmerka songarane så er det berre songar "3" som blei ringmerka på Sandsøya den 17.mai som virkar å ha forflytta seg vidare av øya. Dei andre virkar å vere nokolunde stasjonære.

Her bilder av alle årets ringmerka grashoppesongarar.

1
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 10-21.mai 2013
Denne songaren blei opprinneleg ringmerka den 10.mai, men natt til den
19.mai satt det ein songar og song på ein ny stad på Voksa. Dermed sette
eg opp nettet og på med lyden. Kort etter var det denne som hang i nettet.
Då hadde den forflytta seg nokre hundre meter vidare frå der eg hadde hatt
den tidligare.

2
Grashoppesongar 2K+ M, Støylemyrane, Sandsøya 14-21.mai 2013
Denne songaren har flytta ein del rundt. I natt som var, var den nok ein gong
på plass der eg ringmerka fuglen den 14.mai.

3
Grashoppesongar 2K+ M, Leina og Evja, Sandsøya 17-18.mai 2013
Denne songaren har truleg trekt vidare. Den forflytta seg frå lokaliteten der
den blei merka den 17.mai til ein ny lokalitet natta etter. Natta deretter var
der ikkje teikn til liv.

4
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 17-21.mai 2013
Denne songaren har tilhold på ein lokalitet der det årleg er hekking av arten.
Den har faktisk allereie slutta å synge, så kanskje er det ei hoe på plass...

5
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 19-21.mai 2013
Denne songaren har ein litt avvikande song. Eit opptak av songen til fuglen
kan du høyre nedersit i innlegget.

6
Grashoppesongar 2K+ M, Sandshamn, Sandsøya 20-21.mai 2013
Denne songaren satt og song på ein lokalitet eg aldri tidligare hadde hatt
ein grashoppesonar innom. Noko som alltid er like kjekt.

Heilt til slutt så legg eg ut eit par lydopptak av songen til eit par grashoppesongarar. I det første opptaket høyrer du songen til songar "5". Så kan du samanlikne den med songen til songar "3". Det er nemleg stor forskjell i songen til fuglane. Der songen til songar "3" er den normale, medan songen til songar "5" er ein smule avvikane.


Grashoppesongar M (5), Voksa 19.mai 2013


Grashoppesongar M (3), Leina, Sandsøya 17.mai 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar