søndag 26. mai 2013

Grashoppesongar, vaktel og polarmåse på Sandsøya og Voksa 22-25.05.13

Dei siste dagane har det blitt ein del turar i felten, der har det blitt satsa ein god del på måsar på dagtid, og nattsongarlytting om natta. Dessverre så har fortsatt den virkelige gobiten uteblitt. Det mest interessante som har dukka opp blant måsane, då utanom fleire fargemerka fuglar, er ein 2K polarmåse. Når det gjeld nattsongarar så er det nye at årets andre syngande vaktel i Norge vart høyrd syngande kort på Voksa tidleg på morgonen den 24.mai. For sjølv med varmebølga som vi hadde virkar det å ha dukka opp forbausande få vaktelar i landet. Ellers så sit fortsatt åkerriksa og syng på den samme staden på Voksa, samt at det fortsatt er nokre syngande grashoppesongarar rundt omkring på øyane. (Meir om grashoppesongarane kan du lese under)

Her er eit bilde av polarmåsen.
Polarmåse 2K, Sandshamna, Sandsøya 24.mai 2013


Nok ein grashoppesongar på plass...
Grashoppesongaren som eg hadde syngande lengst vest på sørsida av Sandsøya natta til den 18.mai hadde eg verken sett eller høyrd livsteikn frå i ettertid. Men eg tenkte at eg skulle spele litt lyd når eg likevel kjøyrer forbi lokaliteten ganske så ofte. Dermed spelte eg av lyd på dagtid den 22.mai. Kort tid etter svarte det i buska like ved. Dermed var faktisk året 7.grashoppesongar på plass, og fuglen var dermed ikkje ein gjennomtrekkar slik som eg opprinneleg trudde. Så då var det berre å sette opp nettet og på med lyden. Nokre få sekund etter hang songaren i nettet. Dermed har eg no full kontroll på alle grashoppesongarane på øyane. Og faktisk så virkar alle dei 7 hannfuglane som eg har fått ringmerka å ha blitt stasjonære. Fleire har også blitt tause, noko som kanskje tyder på at det er hofuglar på plass allereie! Dermed lovar det godt for hekkesuksess i år.

Her er eit bilde av årets sjuande grashoppesongar.
Grashoppesongar 2K+ M, Kinna, Sandsøya 22.mai 2013


Det fyllest opp...
Av andre songarar så har det no starta å fylle seg skikkeleg opp med sivsongarar på øyane. Totalt er det så langt i år ein stad mellom 30-40 syngande sivsongarar som sit og syng på forskjellige stadar på Sandsøya og Voksa. Av desse har eg fått ringmerka 16 fuglar. Målet er å få ringmerka dei fleste av dei. Dermed  har eg fortsatt ein heil jobb å gjere!
Her er eit bilde av ein av sivsongarane som eg har ringmerka på Voksa.
Sivsongar 2K+ M, Voksa 17.mai 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar