lørdag 3. august 2013

Ringmerking av grashoppesongarar

Dette er det fjerde året eg har følgt nøye med og kartlagt grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa. Året i år er ikkje noko toppår for arten, men det er langt i frå eit bunnår heller. I år har det nemleg blitt observert
9 hannfuglar på øyane. Eg har også vore på nokre "runder" utanfor øyane. Der har eg komt over 4 syngande hannar til, to i ytre Herøy, ein i indre Sande og ein i Ørsta. Alle desse har blitt innfanga og ring- og fargemerkte. Dermed har eg greidd å individmerke 13 hannfuglar i 2013. Når det gjeld hannfuglane som har blitt observert på Sandsøya og Voksa så virkar alle desse å ha blitt stasjonære, noko som igjen vil seie at dei har danna par og hekker her i år. Eit av dei store måla med årets grashoppesongarsesong er å få merkt nokre årsungar på hekkeplass. Det eg har lyst til å finne ut av er om dei kjem tilbake til området dei blei klekt, og om at dette er ei av forklaringane på kvifor vi på Sandsøya og Voksa dei seinare åra har fått ein veldig god bestand av arten. For fram t.o.m. toppåret i 2011 der det vart observert utrulige 34 grashoppesongarhannar så har antallet auka jevnt og trutt. Og sjølv åra der forholda er ugunstige så kjem der alltid eit meget respektabelt antall av arten.

Her er eit par oversiktskart som viser grashoppesongarane og forflytningane
dei har gjort på øyane sesongen 2013.

Sandsøya

Voksa

 
Ugunstig med gjengroing av slåttmark...
Sjølv om antallet grashoppesongarar i år har vore heilt greitt er det ein ting som er påfallande. Det er at det ikkje er ein einaste grashoppesongar i Våge på Sandsøya. Dette er faktisk det første året som eg kan huske at det ikkje er minst eit par grashoppesongarhannar i dette området. Våge har nemleg vore den beste loklaliteten for arten på øyane. I 2011 var der ikkje mindre enn 10(!) hannar berre der åleine. Det som har forandra seg sidan 2011 er at fleire av markane ikkje har blitt slått. Dermed har heile markar blitt ståande igjen med gammal vegetasjon. Grashoppesongarane virkar å foretrekke å ha kantar med gammalt gras. Denne vegetasjonen er dei heilt avhengige av ved ankomst i slutten av april og tidleg i mai, då årets vegetasjon rett og slett ikkje har komt langt nok på dette tidspunktet. Etter som årets gras veks seg høgt, kan dei då trekke ut i dette og har dermed eit mykje større området for næringssøk osv. På så og seie alle lokalitetane der årets grashoppesongarar har slått seg til har forholda vore akkurat slik. Det vil seie at dei har etablert seg i utkantar på slåttmark med kantvegetasjon. Dermed hadde det vore interessant å fått slått nokre av desse markane i Våge slik at ein kom tilbake til slikt det var for eit par år sidan, for å sjå om antallet av songarar kan ta seg opp på nytt. Det er sjølvsagt mykje lettare å kome seg ned på bakkenivå for å finne insekt på ei mark der det har blitt slått jamnleg og ikkje har hopa seg opp med gammlt gras på botnen.  

Syngande årsunge
Til noko heilt anna. I fjor fikk eg for første gong høyre ein ung grashoppehann som gjorde forsøk på å synge. I år gjentok det seg nok ein gong. Kl.4 på morgonen den 26.juli ankom eg lokaliteten på Voksa der songar "6" har holdt til sidan den 17.mai. Det første eg høyrde i det eg steig ut av bilen var den stasjonære hannen som song nokre korte strofer. Like etter kunne eg høyre ein song, eller i det minste forsøk på song som det ikkje var mulig å ta feil av. Det var nemleg ein ung hann som var vokal. (Korleis ein slik "song" høyrest ut kan du finne ut i videoklippet under)

I denne videosnutten høyrer du ein "syngande" 1K grashoppesongarhann. Dette opptaket blei gjort på Voksa i slutten av august i fjor. I bakgrunnen høyrer du playback av songen til ein voksen grashoppesongar.



Årets første ringmerkte unge...
Etter å ha høyrd den unge hannen med songforsøk tok eg med meg netta og nokre nettstenger for å gjere eit forsøk på å få fanga den inn. Etter ei stund kom eg over ein årsunge som var svært aggressiv på lyd, og det tok ikkje lang tid før den hang i nettet. Ut i frå oppførslen til fuglen så var nok dette høgst truleg den samme unge hannen som eg høyrde "syngande" litt tidligare.

Her er eit bilde av ungen.
Grashoppesongar 1K M(?), Voksa 26.juli 2013
I den samme slengen hang også den voksne hannen som er far til denne ungen i nettet. Under kan du sjå eit bilde av hannen, samt eit samanlikningsbilde der ein tydelig ser forskjell på blant anna irisfargen på dei to fuglane. Ein kan også legge merke til slitasjen i fjørdrakta. På årsungen er denne slitasjen ikkje-eksisterande, medan på den voksne fuglen ser ein slitasjen tydelig.
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 26.juli 2013

Grashoppesongar 1K t.v. og 2K+ t.h.
Legg merke til den mørke irisfargen på 1K`en mot de mykje lysare irisen på
den voksne fuglen. På dette samanlinkningsbildet ser ein også tydelig at nebbet
på årsungen ikkje er fullt utvokst.
 
Første ringmerkte hoe..
Eit par dager etter at årsungen vart innfanga kom eg over ei grashoppesongarhoe som mata der hann "6" har hatt tilhold på Sandshamn på Sandsøya. Hoa blei forsøkt innfanga, men det resulterte berre i at at ho gikk rett gjennom 16mm nettet to gongar. Og i og med at den dreiv aktivt og mata var det berre å la den vere i fred, og ikkje forstyrre unødvendig.

Her er er eit par bilder av den matande hoa på Sandshamn.
Grashoppesongar 2K+ F, Sandshamn, Sandsøya 28.juli 2013

Grashoppesongar 2K+ F, Sandshamn, Sandsøya 28.juli 2013

Eit par dagar etter det igjen, altså den 30.juli var eg på nytt tilbake på lokaliteten på Voksa der eg merkte den
1K grashoppesongaren den 26.juli. Målet var då å få merkt fleire årsungar, både av sivsongar og sjølvsagt grashoppesongar. Eg kom då over ein varslande grashoppesongar som ikkje kunne vere noko anna enn ein 2K+ ut i frå slitasjen i fjørdrakta. Fuglen var ringlaus og måtte vere hoa i paret. I tillegg til den vart det sett minst 1-2 årsungar. Eg satte derfor opp nettet mellom to busker, for å sjå om eg kunne vere så heldig å få ein grashoppesongar eller to... Etter ca. ein halv time sjekka eg netta på nytt. Eg gikk først forbi det eine nettet som tomt. I det andre nettet hang det ein 1K lauvsongar. I det eg hadde tatt den ut av nettet, såg eg tilbake i det andre, og gjett kven som hang der, joda ein 2K+ grashoppesongar. Når det gjaldt kjønnet på fuglen så var det egentleg aldri nokon tvil om at dette måtte vere ei hoe, då det ikkje har vore meir enn ein grashoppesongarhann på lokaliteten. Og når det viste seg at songaren hadde ein aktiv rugeflekk var all tvil fjerna. Dermed hadde eg då fått merkt mi første grashoppesongarhoe! Og forhåpentlegvis så får eg merkt fleire hoer og ungar før sesongen er heilt over... For det er ingen tvil, skal ein lære denne arten å kjenne enda betre må ein individmerke fuglane. Og dess fleire som er merkte dess meir data på arten greier ein å oppdrive.

Her er eit bilde av grashoppesongarhoa som blei merkt på Voksa.
Grashoppesongar 2K+ F, Voksa 30.juli 2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar