torsdag 8. august 2013

Sjøfuglovervåking Runde 2013

Då er sesongen på Runde i 2013 på hell. Også i år har vi, altså Alv Ottar Folkestad og eg overvåka sjøfuglane på Runde som ein del av seapop-prosjektet, og nok ein gong er det veldig lite positivt å melde, dessverre... For teikninga dette året har vore slik som den har vore dei siste åra. Nemleg at flesteparten av sjøfuglane på øya gjer det dårleg. Då med to unntak, havsule og storjo. Havsula får fram bra med ungar, og bestanden aukar årleg. Når det gjeld storjoen så aukar bestanden i 2013 på ca. 10%, men når det gjeld ungeproduksjonen er det heller lite å skryte av. For i store delar av bestanden som no er på ca. 100 par er det heilt tomt for ungar. Unntaket er på den vestlege delen av Goksøyrmyrane, altså vest for stien. Der er det veldig bra med ungar, det vil sei ein ungeproduksjon på godt over ein unge pr par. Forklaringane på at det er så dårleg med ungar på dei andre stadane på platået og austover på fjellet kan vere fleire. Ei av forklaringane er fortsyrring av folk, det er nemleg alt for ofte ein ser folk på ville veiar i dette området. Ei anna forklaring kan vere at det stadig etablerar seg nye par her, og dermed blir det kjapt gnissingar mellom para, noko som igjen vil seie at dei fort har andre ting å tenke på enn å få fram ungar. Muligens er det samansatt, men uansett så må det gjerast noko, for ein må greie å unngå at folk forstyrrar joane, dei kan fint betraktast på avstandt og då kan ein heller holde seg på stiane slik det er meint!

Lunde ad., Runde mai 2013
Eit dårleg år for lundane...
Når det gjeld ungeproduksjonen for lundane enda det til slutt med meget dårleg resultat. Tidleg virka det veldig, veldig bra. Då med ungar og egg i så og seie alle reira i produksjonsfeltet vårt. Men på neste sjekk var mange av desse borte. På dei neste par gjennomgangane av feltet datt endå fleire ungar frå. Men der var stadig ungar som var i live, då utan å verken utvikle seg fjørmessig eller størrelsesmessig sjølv etter fem veker. Dermed vikar det i år å vere eit slikt år der det akkurat har vore på bikken om maten har vore innanfor rekkevidde eller ikkje. Noko som vil seie at det ikkje skulle vore mykje annleis før det blei eit veldig bra år. Den siste gjennomgangen av feltet den 1.august viste at no hadde lundane tydligvis fått maten innanfor rekkevidde, for dei få ungane som stadig var i live hadde utvikla seg masse sidan sist. Ja, dei utvikla seg nesten like mykje på dei 11 dagane sidan forrige sjekk som dei gjorde i dei 3-4 vekene i forvegen. Totalt kom det fram 7 ungar i dei 50 reira vi fulgte. Det vil seie ein ungeproduksjon i år er på rett i overkant av 14%. I fjor var ungeproduksjonen på ein stad mellom 50-60%, og i virkelige gode år så kan den vere så høg som 75%. 

Her er ein av ungane som kom fram i overvåkingsfeltet vårt i år.
Lunde pullus, Runde 1.august 2013
Krykkjeovervåkinga flytta til Ålesund 
Når det gjeld dei andre alkefuglane, altså alke og lomvi så får dei fram enkelte ungar, men her er antallet veldig, veldig lavt slik det har vore i ein god del år no. Går ein vidare til toppskarven så var der ingen ungar i skarveura i år heller, akkurat likens som det var i fjor. Det virkar som om skarvane er i ferd med å forlate skarveura og flytte kolonien rundt på sørsida. Det blei nemleg registrert utallige nye toppskarvetableringar på denne sida i år. Noko som kan tyde på at hypotesa om ei forflytninga av kolonien stemmer. På sørsida fikk dei også fram ein god del med ungar.  Når det gjeld krykkja så blei det sett ein god del fugl i fjellet tidleg på sesongen, altså i mars/april. Men no når dei burde ha ungar på reira var det ikkje ein unge einaste å sjå. Faktisk så var det ikkje fleire enn mellom 200-300 voksne krykkjer å sjå i heile fuglefjellet når vi gikk over og talte totalen i fjellet i slutten av juli. Dette førte til at overvåkingsprosjetet på krykke frå om med i fjor blei flytta til ein koloni i Ålesund. Der får dei nemleg fram ein god del med ungar. Denne kolonien er på ein stad rundt 700 par. (medrekna sitteplassar) Der har vi samla inn næringsprøver, merka ungar og voksnefugl, samt følgt med på utviklinga får dei la egg til ungane var flygedyktige, eller nesten flygedyktige.

Her er nokre bilder av krykkjer frå Ålesund.
Denne krykkja har ein unge. Det vanliganste er at dei har
1-2 ungar, men det hender også at dei har 3.

Krykkje 4K+ (adult), Ålesund 22.juli 2013 
 
Krykkje 4K+ (adult), Ålesund 22.juli 2013 

Krykkje 4K+ (adult), Ålesund 22.juli 2013 

1 kommentar:

  1. Hei,
    Jeg skriver for å informere deg om at vi tilbyr personlige lån med 2% rente. Vi kan gi deg lån slik at du kan gjennomføre prosjektene dine eller andre ting du vil gjøre. Kontakt oss direkte via e-post: sduplens@gmail.com
    Beste hilsener

    SvarSlett