mandag 29. april 2013

Tur til Gurskøya 29.04.13

Dei siste dagane har det blitt ein del turar i felten. Fortsatt er dessverre temperaturen og veirforholda litt for dårlige til at det er den heilt store aktiviteten. Men som alltid, leitar ein godt nok så finn ein også eit kvart. I føregårs vart endeleg ei hoe sett i lag med svartstrupehannen som har vore stasjonær i Sandsvågen på Sandsøya sidan den 30.mars. Dermed ligg alt til rette for svartstrupehekking på Sandsøya i år. Noko som er på tide etter to år utan.

Gurskøy-tur...
I dag vart turen lagt til den ytre delen av Gurskøya. Målet var å prøve å finne igjen fleire av måsane som eg merka på Sandsøya den 19.april. Og utruleg nok så fann eg ein med ein gong, for den første gråmåsen som eg brukte kikkerten på hadde både metall og fargering. Den satt i par med ei hoe på Gjøneset, rett over fjorden frå Sandsøya. Avstanden frå merkestaden der den blei merka for 10 dagar sidan er på ca. 2,5 km.

Her er eit bilde av den ringmerka gråmåsehannen, med hoa til venstre.
Gråmåsar 5K+, Gjøneset 29.april 2013

Etter at den ringmerka gråmåsen var nøye dokumentert vart turen lagt vidare til Gjerdsvika. Der fikk eg auge på ein ringmerka sildemåse. Etter utallige bilder, og ein god del med tid blei ringen endelig avlest. Den voksne sildemåsen er merka ein stad i Storbritannia. Eg hadde faktisk akkurat denne fuglen innom på Sandshamna på Sandsøya den 2.juni i fjor, men då blei berre delar av ringnummeret avlest. Sildmåsehannen var etablert i par med ei hoe, så truelg hekkar den i kolonien i fjellsida like ved der den blei sett i dag. Det skal bli spennande å få ringmerkingsdata på fuglen etter kvart...

Her er eit bilde av den britiskmerka sildemåsen.
Sildemåse 4K+ M, Gjerdsvika 29.april 2013
(Metallring nr. FP37802)


Eg kom også over nokre fjøreplyttar i steinane på moloen der sildemåsen oppholdt seg. Under kan du sjå bilder av tre av fuglane.
Fjøreplytt 2K, Gjerdsvika 29.april 2013
Legg merke til armdekkarane og tertiærane. Desse har breie lyse bremmar,
vidare så er dei av ein svært dårlig kvalitet. Dette er nemleg juvenilfjører.
Samanliknar ein med fjørkvaliteten på dei fullt voksne fuglane under så
ser ein dette veldig, veldig tydelig.

Fjøreplytt 3K+, Gjerdsvika 29.april 2013

Fjøreplytt 3K+, Gjerdsvika 29.april 2013

søndag 28. april 2013

Avlesne ring- og fargemerka måsar frå februar t.o.m. april

Sidan slutten av februar har det blitt avlest totalt 8 måsar som ikkje stammar frå min ringmerkingsaktivitet her i området. Det er alltid like interessant å kome over desse merka individa. Å få lest av ein ring er ein fin bonus medan ein ventar på at den virkelige gobiten skal sitte der.

Her er ein av dei mange fiskebåtane på veg inn mellom øyane for å levere fisk på
fiskemottaket på Sandshamna. Og som alltid tiltrekk det seg ein god del måsar.

Avlesne måsar
Her er meir om dei måsane som har blitt observert og avlest på øyane dei siste par månadane. Det er måsar frå både Finland, Danmark og sist men ikkje minst Norge. 

C89PR
Gråmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 19.februar - 28.mars 2013
Gråmåsen C89PR vart først observert på Sandshamna av Sindre Molværsmyr den 19.februar, og den vart sist sett på den samme lokaliteten den 28.mars. Det tok si tid før eg fikk merkedata på denne fuglen, men no er dataene på plass. Måsen vart merka som reirunge (pullus) i nordre del av midt-Finland, nærmare bestemt i Rauna, Lappi (sjå kart). Den vart ringmerka der den 12.juli i 2012. Observasjonane på Sandshamna er dei første som har blitt gjort av denne fuglen etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstad er avmerka. 
Avstanden mellom Rauna, Lappi i Finland og Sandshamna er
på ca. 1124 km.


JN845
Gråmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 27.februar 2013
Gråmåsehoa JN845 vart ringmerka som ein 1K-fugl i Tveitevannet i Bergen kommune den 15.september i 2012. Den vart så sett på Sandshamna den 27.februar i år. Dette var den første observasjonen av måsen etter merking. Under finn du eit kart der ringmerkings- og funnstad er merka av.

(Her er det mulig å zoome inn, samt forflytte seg på kartet)
Desse karta er det av ein eller annen grunn berre mulig å sjå i Firefox!


  JN652
Gråmåse 3K, Sandshamna/Sandsøya 4.mars 2013
Gråmåsehannen JN652 vart merka som 1K-fugl i Byparken i Bergen den 30.november i 2011. Etter dette har måsen blitt observert nokre gongar i Hordaland. Fuglen vart avlest der sist i Våge marina i Tysnes kommune den 2.februar i år, før den så vart sett på Sandshamna den 4.mars. Under finn du eit kart der ringmerkings- og funnstadane er merka av. 

(Her er det mulig å zoome inn, samt forflytte seg på kartet)



JN694
Gråmåse 5K+(adult), Sandshamna/Sandsøya 5.mars 2013
Gråmåsehannen JN694 vart merka som ein adult fugl (5K+) i Stormark måsekoloni i Fedje kommune den 20.mai i 2012. Observasjonen av fuglen på Sandshamna den 5.mars var den første etter merking. Under finn du eit kart der ringmerkings- og funnstad er merka av. 

(Her er det mulig å zoome inn, samt forflytte seg på kartet)


JM0Z
Gråmåse 5K+(adult), Sandshamna/Sandsøya 5.mars 2013
Gråmåsen JM0Z vart merka som ein 3K+-fugl på Valderøya i Giske kommune den 8.juli i 2007. Dermed er den i dag minst inne i sitt 9. kalendarår. Før årets funn var det berre ein tidligare observasjon av denne måsen etter merking. Den vart nemleg sett på Sandshamna den 16.mars i fjor. I år vart måsen sett den 5.mars, det også på Sandshamna. Under finn du eit kart der ringmerkings- og funnstad er merka av. 

(Her er det mulig å zoome inn, samt forflytte seg på kartet)


JY155
Svartbak 2K, Sandshamna/Sandsøya 4.april 2013
Svartbaken JY155 vart ringmerka som reirunge (pullus) på Hirsholmane i i Nordjylland heilt nord i Danmark. Måsen vart merka der den 28.juni i 2012. Etter merking vart fuglen sett eit par gongar, det også heilt nord i Danmark. Sist den vart sett der var i Hirtshals havn den 6.janaur. Den vart så sett på Sandshamna den 4.april. Avstanden mellom ringmerkingsstaden i Danmark og Sandshamna er på 601 km. Under finn du eit kart der ringmerkings- og funnstadane er merka av. 

(Her er det mulig å zoome inn, samt forflytte seg på kartet)



 J3906
Gråmåse 3K, Sandshamna/Sandsøya 22-23.april 2013
Gråmåsen J3906 vart merka som ein reirunge (pullus) i Ørdalen i Tromsø kommune i Troms den 7.juli i 2011. Måsen vart så sett på Sandshamna den 22. og 23.april. Desse to observasjonane var dei første av fuglen etter merking. Vidare så vart fuglen sett på nytt i dag (28.mars) av Anders Bjordal, denne gongen i Ålesund. Under finn du eit kart der ringmerkings- og funnstadane er merka av. 

(Her er det mulig å zoome inn, samt forflytte seg på kartet)


337561

Svartbaken med metallring nr. 337561 vart ringmerka som reirunge på Flyøy i Tysnes kommune i Hordaland. Den vart merka der den 17.juli i 2006. Dermed er måsen i dag inne i sitt 8.kaldarår. Tidligare var denne fuglen sett to gongar etter merking. Begge desse funna vart gjort på Sandshamna i august i fjor. I år vart den sett den 25.april på Marøya. Marøya ligg ved Voksevegen mellom Sandsøya og Voksa. Dermed virkar det som om måsen held seg i området. Kanskje hekkar den i nærheita?
Svartbak 8K, Marøya 25.april 2013
Ut i frå generell størrelse, samt relativt lite hovud og nebb er nok denne
fuglen med stor sannsynlegheit ei hoe.
 
 
Merking av måsar...
Den 19.april fikk eg endeleg merka ein del måsar. Eg hadde nemleg ikkje lukkast med fangst av måsar sidan den 15.januar, så det var virkeleg på tide! Den 19.april fikk eg merka totalt 19 måsar. Då fordelt på 6 svartbakar (5 ad. og 1 3K) og 13 gråmåsar (12 ad. og 1 5K). Eitt par dagar etter var eg tilfeldigvis i Gjerdsvika på Gurskøya. Der såg eg igjen ein av dei voksne svartbakane som eg merka på Sandsøya. Den var etablert i par, og hekkar truleg ein stad i området der den blei sett. Avstanden frå der eg merka måsen og til der den blei gjenfunnen var på 4,5 km.

Her er eit bilde av ein av svartbakane som vart merka den 19.april.
Denne har ved eit par anledningar blitt sett på Sandshamna etter at den blei merka.
Den 25.april kasta eg ut litt fiskeavfall på Marøya. Etter ikkje alt for lenge dukka den
også opp der. Dermed tydar alt på at måsen hekkar ein stad på den søraustlege delen av
Sandsøya, eller på eit av skjæra/holmane mellom øyane.

Svartbak 5K+ M, Marøya 25.april 2013
 

tirsdag 23. april 2013

Grashoppesongarane nærmar seg...

Då har årets første grashoppesongarar blitt observert i Norge. To fuglar har nemleg blitt ringmerka på Utsira i Rogaland. Eit ind. den 20. og eit ind. den 21.april. Dermed er nok den første songaren ikkje langt unna, om den ikkje alt er på plass... Berre vinden gir seg så blir det ein skikkeleg sjekk rundt om på alle dei utallige grashoppesongarlokalitetane på Sandsøya og Voksa. For prosjektet som har blitt starta opp på arten skal vidareførast også i år.

 
Her er ein grashoppesongar i sitt rett miljø. Utanom når dei syng er desse skapningane
veldig kryptiske. Store delar av tida blir tilbrakt pilande rundt på bakken som ei mus.

Grashoppesongar 2K+ M, Voksa mai 2011

Som alle kanskje har fått med seg så har eg dei siste åra fylgt nøye med på grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa. Det heile starta egentlig med at eg ville prøve å få gode bilder av arten. Så utvikla det seg til å prøve å finne ut kor mange fuglar det var snakk om, i første omgong ved hjelp av foto. Etter det så bli det starta eit prosjekt på arten med både ring- og fargemerking.

Her er ein av dei mange songarane som blei merka på øyane i 2011.
Grashoppesongar 2K+ M, Våge, Sandsøya mai 2011


Kjem dei tilbake?
Den beste sesongen så langt, altså sesongen 2011 var heilt rå! Totalt vart det sett 34 forskjellige hannfuglar våren og sommaren det året. Den beste natta satt det ikkje mindre enn utrulige 14 grashoppesongarar og song samtidig på øyane. Dette er ei rekord som skal bli svært vanskeleg å slå. Men får ein rette veir og vindforhold til rett tid er alt mogleg. Fjorårets sesong vart svært dårleg med veldig ugunstige forhold i ankomstperioden til arten, altså frå slutten av april til midten av mai. Totalt vart det ikkje sett meir enn 6-7 hannfuglar i fjor. Likevel var det konstatert hekking i hvert fall på Voksa. I fjor kom det berre attende 1 av dei 25 songarane som hadde eller fikk påsatt ringar i 2011. Dermed blir det veldig, veldig interessant å sjå om det berre var dei vanskelige forholda i fjor som gjorde slik at dei ikkje kom tilbake, og at dei dermed dukkar opp i år, etter eit år andre stadar. Skjer det så hadde det vore heilt fantastisk!

I år har eg endeleg muligheita til å ringmerke songarane sjølv. Det vil seie at eg no slepp å vente på andre som skal vere med for å merke, men faktisk " ta unna" songarane så snart som dei kjem. Då vil eg også få merka songarar som vi ikkje ville ha fått merka tidligare, til dømes songarar som er på gjennomtrekk. Ellers så får vi berre håpe på ein bra hekkesuksess for arten. Då vil det bli prioritert å få ringmerka flest mogleg ungar for å sjå kva desse gjer som voksne fugar. Kanskje kjem dei tilbake til området der dei blei klekt?

Her er ein av dei mange grashoppesongarungane som såg dagens lys sommaren 2011.
Grashoppesongar 1K, Voksa august 2011

Ta gjerne kontakt...
Skulle du befinne deg på Sunnmøre og samtidig kome over ein syngande grashoppesongar så hadde eg satt stor pris på om du gav lyd frå deg. Det hadde nemleg vore svært så interessant å få sjekka opp desse songarane for ringar, og eventuelt få ringmerka dei.

For dei som ikkje er veldig kjent med songen til arten så høyrest den slik ut.

fredag 12. april 2013

Runde 11.04.13

I går vart turen lagt til Runde for årets første feltdag. Målet med turen var å få lest av flest mulig av dei fargemerka lundane som vi har merka dei siste åra. Denne avlesinga er ein del av seapop-prosjektet på Runde. Totalt er det ca. 200 lundar som har fått påsatt både metall- og fargering. Dei første vart merka i 2007, vidare i 2009, og dei siste vart merka i fjor. Eg har ikkje rukke å gå gjennom alle bilda frå i går for å sjå kor mange forskjellige merka lunder som var opp og sverma, for så å sete seg inn i fellsida. Men ein god del titals fuglar burde det nok vere. For aktiviteten på lundane var på topp. Dei satt inne store delar av tida frå eg ankom lundeura ca. kl. 16.00 til eg tok kvelden rett før det blei skikkeleg mørkt ca. kl. 20.45. Utanom sjøfuglane, så var der også ein god del havørner som benytta varmlufta i fellsidene. Ei av dei 2K havørnene som vart sett var også ringmerka. Og med den nye typen ringar så var det ikkje så alt for vanskeleg å få lest av ringkoda. Meir om ørna er det mulig å lese nederst i innlegget.

 Her er nokre bilder som blei tatt av lundane i går.
Lunde, Runde 11.april 2013

Lunde, Runde 11.april 2013

Lunde, Runde 11.april 2013

Lunde, Runde 11.april 2013

Lunde, Runde 11.april 2013

Lunde, Runde 11.april 2013

Havørn frå Rogaland...
Eg fikk som sagt lest av ei ringmerka havørn i det eg satt og venta i lundeura i går. Ørna med ringkode N054 blei merka som ein reirunge (pullus) i Bjerkreim kommune i Rogaland den 10.juni i 2012. Plassen der ørna blei sett i går ligg ca. 420 km frå ringmerkingslokaliteten.


Her er eit bilde av ørna.
Havørn 2K, Runde 11.april 2013


fredag 5. april 2013

Sandsøya/Voksa 01-05.04.13

Starten på denne månaden har blitt brukt til ein god del skoding på Sandsøya og Voksa. Det har blitt tatt nokre runder rundt om på både øyane, men mesteparten av tida har blitt brukt på Sandshamna på Sandsøya. Der har det vore bra aktivitet på fiskemottaket og dermed eit ganske så bra antall med måsar. Rundt om på øyane utanom Sandshamna så er det fortsatt lite å sjå. Men blandt anna så har svartstrupehannen som først vart oppdaga den 30.mars blitt stasjonær i Sandsvågen på Sandsøya. Der er den svært aktiv syngande, og forhåpentlegvis så dukkar det opp ei hoe også snart. Ellers så vart mi første vipe for året sett på sørsida av Sandsøya den 1.april. Utanom desse to observasjonane er det desverre lite å melde om. På Sandshamna derimot er det litt av kvart å sjå. Den 2.april dukka det opp ein 2K sildemåse. I og med at måsen har eit utprega kaspimåse-jizz og i tillegg har relativt lyse indre håndsvingfjører gikk tankane i retning den austlege underarten heuglini. For å få klarheit i om det kunne vere ein ei slik austleg sak vart det sendt nokre mailar til utenlandske ekspertar. Svaret eg fikk frå ekspertisen var at  måsen "min" hadde ingen fjørdraktkarakterar som skiller den i frå ein vestleg graellsii/intermedius. Ein heuglini burde komt lenger i mytinga, då særleg i handdekkarane, samt at fjørdrakta burde vært mindre slitt. Uansett så er ein 2K sildemåse her i Norge ein relativt stor raritet. Desse yngre sildemåsane heng som oftast igjen lenger sør i Europa og i Afrika. Måsen var fortsatt på plass i dag. Når vi først er inne på sildemåsar så har det så smått starta å dukke opp voksne sildemåsar også. Den første utfarga sildemåsen vart sett den 3.april. Normalt så dukkar desse opp rundt den 15.mars, men i år har ugunstige veirforhold gjort sitt til at dei er nokre veker forsinka.

Her er nokre bilder frå dei siste dagane av den heilt råe 2K sildemåsen.
Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013

Sildemåse ua. graellsii/intermedius 2K, Sandshamna/Sandsøya 3.april 2013
Her står sildemåsen nest lengst til venstre med ein 3K gråmåse rett bak seg.
Legg merke til jizzet på fuglen i forhold til gråmåsane. Mykje smekkrare og
elegant med ein lang bakpart og lange vinger.


Her er også ein liten videosnutt av fuglen.
  


Kvitmåsar m.m.
Utanom sildemåsen så er fortsatt dei 2 2K polarmåsane på plass, det samme er den stasjonære
2K grønlansmåsen som har blitt sett i området dei siste månadane. Når det gjeld avlesingar av ringmerka måsar så vart det i går sett ein 2K svarbak som blei merka i Danmark som reirunge i fjor, samt ein 2K gråmåse som blei merka i Byparken i fjor som ein 1K-fugl. Eg har også fått nokre gjenfunn frå utlandet på måsane som eg merka som reirungar i fjor sommar. Dette vil eg kome tilbake til i eit eige innlegg.

Her er nokre bilder av dei stasjonære kvitmåsane.
Polarmåse 2K F, Sandshamna/Sandsøya 1.april 2013

Polarmåse 2K F, Sandshamna/Sandsøya 4.april 2013

Polarmåse 2K M, Sandshamna/Sandsøya 4.april 2013

Polarmåse 2K M, Sandshamna/Sandsøya 5.april 2013

Grønlandsmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 5.april.
Denne har vore i området sidan den 13.desember i fjor.

Heilt til slutt så er her er eit lite videoklipp frå i dag av den unge polarmåsehannen.