fredag 11. april 2014

Runde 09.04.14

Den første feltdagen for sesongen på Runde er alltid eit av høgdepunkta i løpet av året. Slik blir det også i år! For eit par dagar sidan vart nemleg årets første tur lagt til Runde. Der skulle det fotograferast og lesast av fargeringar på lundefuglar som vi har merkt i løpet av dei siste 7 åra. Totalt er det no merkt rundt 200 ind. Desse prøvar vi å lese av kvart år, for å då få eit innblikk i overlevelsen til hekkefuglane. Aktiviteten på lundane i forgårs var meget bra, med mange fuglar som satt seg opp i fjellsida, i tillegg til at det låg eit stort antall med fugl på sjøen. Og med eit nydelig ver i tillegg, kan ein ikkje be om meir!

Det er mykje som skal klaffe...
Dette blir min sjette sesong med feltarbeid på Runde. For lundane har det i løpet av desse åra vore heller så som så. Med nullår i 2010 og 2011, og tilnærma nullår i 2013, vil det då seie at det berre er i 2009 og i 2012 det har komt fram ein god del med ungar. Vi får berre håpe at det blir eit bra år for arten i år. Men det er mykje som skal klaffe, maten må nemleg vere på rett stad til rett tid. Det vil seie at når egga klekker i starten av juni og vidare ut ungeperioda, så må småfisken vere innan for rekkevidde. Lundane har ein rekkevidde på 70-80 km når det gjeld næringssøk, blir det over dette tek det ikkje lang tid før dei gir opp og heller let ungane ligge å svelte i hjel, dette i staden for å sette sitt eige liv på spel for å få ungen på vingene. Lundane blir så gamle at dei kan heller ta det igjen neste år. Heldigvis så er dødligheita hos dei voksne fuglane veldig lav, dermed tåler dei fleire år med dårleg eller ingen ungeprodukson utan at antallet på hekkefuglar går betraktelig ned. Men blir det år etter år med dårleg hekkeresultat, er det sjølvsagt langt i frå heldig.

Enn så lenge så virkar fuglane å vere der dei skal vere, nemlig klar til å ta fatt på ein ny hekkesesong!

Her er eit videoklipp av ein lunde som tek "kveldspussen".



Heilt til slutt så er her nokre bilder av både fugl og miljø...
Lunde 4K+ (adult), Runde 9.april 2014
  
Lunde 4K+ (adult), Runde 9.april 2014

Ser ein godt etter på bildet så sit der mange lundar i fjellsida

Solnedgong i vest, med Rundebranden t.h. Kva kan vel bli betre enn dette?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar