tirsdag 18. mars 2014

Sandshamna 05-18.03.14

I løpet av dei siste to vekene så har det gått med ein god del tid i felt. Mykje av den tida har blitt brukt på måsar. Etter ein god del dagar med uver og lite fiskeri, som igjen vil seie svært få måsar, så har det no dei siste dagane vore eit meget bra antall med fuglar innom på hamna. Og med eit stort antall med måsar, er også muligheitene virkelig der. Det har blant blitt ein god del avlesingar på merkte fuglar, dei fleste av desse frå Hordaland, men det er også snakk om fuglar frå Rogaland og Oppland. I tillegg til desse har eg også lest av ein fugl frå Danmark. Ser ein så vekk i frå dei merkte måsane, så har det dagleg vore kvitmåsar innom på hamna. Det har då i hovudsak vore snakk om grønlandsmåsar, men det har også blitt sett ein polarmåse. Totalt i 2014 så har eg sett minimum
11 grønlandsmåsar på Sansdøya, 10 av desse på hamna, og ein langs Voksevegen mellom Sandsøya og Voksa. Aldersmessig er desse fuglane fordelt slik: 8+ 2K, 1 3K, 1 4K, 1+ 5K+. Går vi så vidare til polarmåsar, så har det denne vinteren vore svært få å sjå av den sorten. Totalt har det berre blitt observert 3 polarmåsar så langt i 2014. Då fordelt på 2 2K og 1 3K. Mange av desse kvitmåsane har vore svært stasjonære. Den fuglen som har vore lengst i området er ein 2K grønlandsmåse, den vart første gongen sett den 3.jan og sist i dag den 18.mars.

Her er eit par bilder av to av dei nyaste kvitmåsane, ein grønlandsmåse og ein polarmåse.
Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.mars 2014
Ut i frå størrelsen på denne fuglen så er nok det her snakk om ein hofugl.
Den vart første gong sett den 25.februar, etter dette har den hold seg i
området.

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.mars 2014

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.mars 2014
  
Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 10.mars 2014

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 10.mars 2014



Eit par "longstayera"...
Ser ein vekk i frå kvitmåsane, så har eg som kanskje mange har fått med seg hatt både gulbein- og kaspimåse innom på hamna etter nyttår. KASPIMÅSEN vart første gong observert den 14.februar, etter dette så var den svært stasjonær. Den var til slutt litt meir frå og til, og siste gongen den bli sett var den 7.mars. Eit par dagar før eg såg "kaspien" for første gong, altså den 12.februar, vart det sett ein GULBEINMÅSE. Gulbeinmåsen har vore langt i frå så stasjonær som kaspimåsen. For i løpet av dei to første vekene den hold seg i området, så vart den faktisk berre sett fire forskjellige dagar. Og eg trudde det var det... Men på laurdag den 15.mars var den igjen på plass, då etter å ha vore vekk i ca. to og ei halv veke. Dette viser berre at fuglane held seg i området, og ein skal vel heller ikkje heilt utelukke at kaspimåsen også kan dukke opp igjen.

I går og i dag var gulbeinmåsen fortsatt på plass. Det vil då seie at den har vore i området i 35 dagar. Då kan ein trygt seie at den er ein skikkelig longstayer! I går var den også for første gong på skikkelig fotohold, under kan du sjå nokre av bilda som blei tatt.


Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 17.mars 2014

Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 17.mars 2014

Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 17.mars 2014
Samanliknar ein fuglen med gråmåsane som står i forgrunnen, så er
gulbeinmåsen mykje meir kontrastrik. Dette gjer det slik at det ikkje er så
alt for vanskelig å plukke den ut blant dei som oftast meir 
ensfarga gråmåsane.

Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 15.mars 2014

Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 15.mars 2014



Fargemerkte måsar...
Som nemnt over så har eg fått lest av fleire ringmerkte måsar i denne perioda. Dette er då sjølvsagt snakk om fuglar som eg ikkje har merkt sjølv. Totalt sidan den 5.mars har eg fått lest av 11 fargemerte måsar, fordelt på 9 gråmåsar og 2 svartbakar. Dette er fuglar som er merkte i Hordaland (6 gråmåsar, 1 svartbak), Rogaland (2 gråmåsar) og Oppland (1 gråmåse). I tillegg til desse så har eg også hatt ein fugl (svartbak) frå Danmark.

Her er bilder av tre av gråmåsane.

J5217
Gråmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.mars 2014
J5217 blei merkt som ein 2K-fugl den 10.januar i 2013 ved Breiavatnet
i Stavanger. 

Gråmåse 3K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.mars 2014


JN717
Gråmåse 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.mars 2014
JN717 vart merkt som ein 2K-fugl den 22.april i 2012 i Tranvågen, Ågotnes.
 
Gråmåse 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya 15.mars 2014


JN596
Gråmåse 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya 17.mars 2014
JN596 vart ringmerkt som ein 1K-fugl i Byparken i Bergen den
22.september i 2011.

Gråmåse 4K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya 17.mars 2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar