tirsdag 19. august 2014

Idyll i seinsommarnatta

Noko av det eg ser mest fram til gjennom året er å få nærkontakt med den småmystige havsvala. Havsvala er ein liten stormfugl som på dagtid held til langt til havs eller i reirholene(i hekkesesongen) sine. Det er ikkje før det er mørkt at dei tek sjansen på å kome inn på eller nær land. Dei er nemleg så og seie totalt hjelpelause på landjorda, så det å kome inn om natta er ei tilpassing til akkurat dette. Det er nemleg svært få om ingen predatorar som er ute og jaktar på den tida av døgnet.

Havsvala er berre påvist hekkande nokre få stadar langs kysten. Og skal ein virkelig få nærkontakt med arten, så må ein ut i seinsommarnatta, sette på lyd og montere opp mistnett. Bur ein gunstig til langs kysten så er sjansen stor for at ein vil få ei havsvale eller fleire i nettet. Frå og med rundt den 20.juli og til litt ut i september kan ein få nærkontakt med havsvale kvar natt visst ein virkelig vil det. I hvertfall vist ver og vindforhold skulle tillate det.

Så lant denne sesongen så har eg plukka ut 52 havsvaler frå mistnetta. Fordelt på 46 nymerkte og seks kontrollar. Når det gjeld kontrollane så er to av fuglane havsvaler som eg merkte på den samme staden, altså i Hellandsvågane på Sandsøya i august i fjor. Dei andre fire "svalene" er fuglar som er merkte andre stadar i Norge. Ei av dei hadde ein ring som virka svært gammal og slitt, så er eg heldig så er det snakk om ein fugl som kanskje nærmar seg ein levealder på ca. 20 år. Aldersrekorda for havsvale er på ca. 33 år. Den norske rekorda er så vidt som eg har funne ut på rundt 19 år. Akkurat den må det no vere mulig å slå? Det er no i hvert fall lov til å håpe!

Mi første fangstnatt denne sesongen var natt til den 6.august. Etter dette har eg vore ute natt til den 7., 9., 11., 14. og 16.august. Fleire av desse nettene har nærmast vore magiske. Med nydelig ver og månelyst, og ikkje minst havsvaler i netta. Kva meir kan ein ønske seg?

Havsvalefangst i Hellandsvågane august 2014

Havsvalefangst i Hellandsvågane august 2014

Ei havsvale har gått i mistnettet...

Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya august 2014

Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya august 2014

Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya august 2014

Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya august 2014

Havsvale 2K+, Hellandsvågane, Sandsøya august 2014


Visst det skulle vere av interesse så er det mulig å lese meir om havsvale, samt sjå fleire bilder i desse to blogginnlegga:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar