torsdag 28. august 2014

Måsebonanza i Oslo

Det heile starta mandag (18.august) i forrige veke. Då dukka nemlig Oslo sin andre kaspimåse gjennom tidene opp. Men det stoppa ikkje der, så langt, langt i frå! Dagen etter dukka hovudstaden sin tredje kaspi opp. Og to kaspimåsar på to dagar her til lands er i seg sjølv veldig, veldig bra. Men den virkelige rosina i pølsa skulle først dukke opp dagen etter. Eg må ærlig talt innrømme at eg vart meget overraska når meldinga blei lagt ut på Bird Alarm den 20.august litt før kl. 17.00. For i den meldinga stod det nemleg STEPPEMÅSE... Ja, faktisk STEPPEMÅSE!! Denne aust/søraustlege arten hekkar aust for Svartehavet og vidare austover i Sentral-Asia. Og den var ikkje med sikkerheit sett her til lands før denne fuglen dukka opp. Dermed blei fasiten på tre dagar dette: To kaspimåsar og ein STEPPEMÅSE. Det skal noko til for å nokon gong greie å overgå akkurat det resultatet.

For min eigen del så starta det å krible litt i både armar og bein allereie etter at den første kasimåsen dukka opp. Og etter at kaspimåse nummer to, og ikkje minst steppemåsen dukka opp, blei det rimelig kjapt bestemt at her må ein nesten ta seg ein tur til Oslo. Men før eg bestemte meg for at eg skulle reise var det kjekt å sjå det litt ann. Blei steppemåsen stasjonær eller ikkje? Og joda, den blei stasjonær. Så dagen etter at steppemåsen blei oppdaga satte eg meg i bilen og køyrde mot hovudstaden. Litt før eg kom til Stryn starta varsellampen til motoren på bilen min å lyse. Dette gjorde slik at eg ikkje tok sjansen på å køyre heilt ned til Oslo. Dermed satte eg igjen bilen på Lillehammer. Der i frå så fikk eg sitte på med ein kompis frå Molde som skulle nedover i samme ærend. Vi køyrde då vidare mot Oslo. Rett før vi kom inn til byen stoppa vi og overnatta. Morgonen etter starta vi grytidlig, og vi var vel dei første som var på plass for å sjå etter måsen. Etter at vi var på plass tok det ikkje alt for mange minutta før den svære, men elegante fuglen kom seglande over Operahuset i Bjørvika. Men det blei ikkje heilt slik som eg hadde tenkt meg... For fuglen vart berre sett i eit par minutt før den trekte utover i fjorden og blei borte. Vi venta så frå kl. 08.00 då måsen sist vart sett, til kl. var ca. 15.00, utan igjen å sjå snurten av fuglen. Dermed blei det bestemt at vi skulle vende nasa nordover igjen. Så vi satte oss i bilen og starta turen heimover. Litt før vi kom til Lillehammer så tikka det plutseleg inn ei bildemelding på mobilen. På bildet satt selvfølgelig steppemåsen. Då hadde den dukka opp igjen ca. tre timar etter at vi hadde forlatt lokaliteten. Etter at eg kom over i min eigen bil på Lillehammer så starta eg å køyre vidare nordover. På veien blei eg berre meir og meir frustrert. Dei hadde nemleg måsen på kloss hold, ja langt innanfor nærgrensa til 500mm min. Det blei også gjort forsøk på å fange inn fuglen for å få den ringmerkt, utan at det gikk i boks. Det var etter at eg fikk vite at det ikkje lukkast å få fange den inn eg bestemte meg for å snu nasa tilbake mot Oslo. Då hadde eg køyrd i ca. ein og ein halv time, ja heilt opp til Kvam. Sånn sett i ettertid så kan eg vel ikkje seie at eg angrar på at eg tok ein aldri så liten usving... Etter å ha snudd køyrde eg til Mysen der eg overnatta med onkelen min. Morgonen etter, altså laurdags morgon var eg på plass i Bjørvika/Bispevika frå kl. var 08.00, då sjølvsagt med store forhåpningar om å få sett fuglen litt betre enn dagen i forveien. Etter nokre timar med venteing og litt fugleprat med dei andre som også hadde møtt opp for å sjå måsen, kom den plutseleg flygande inn. Derifrå gikk alt meget raskt. Eg rakk berre så vidt å få tatt nokre få bilder av steppemåsen før den blei innfanga og ringmerkt. Etter merking la den seg til for å sove på nokre flytebrygger like ved der den blei merkt. Og slik låg den ei god stund, før den igjen "gikk på" brød. Dermed gav det fine fotomuligheiter av fuglen både i felt og i hånd. Og ikkje nok med at steppemåsen viste seg frå si beste side, ein av kaspimåsane dukka også plutselig opp. Både kaspimåsen som vart observert den 18. og 19.august blei ringmerkt rett etter at dei blei oppdaga. (Dette var henholdsvis den andre og tredje kaspimåse som har blitt ringmerkt i Norge nokon gong) Dermed var det litt spennande å sjå kven av fuglane det var snakk om, eller om det kanskje kunne vere endå eit nytt ind. som hadde dukka opp. Etter litt om og men så fikk vi sett beina på kaspien. Den hadde då både metall og fargering. På fargeringen stod det J8345. Dermed var det fuglen som dukka opp den 18.august som igjen var på plass i storbyen. Kaspimåsen viste seg også godt, og åt flitting av alt brødet som blei severt. Eg må ærleg innrømme at det å få sett kaspimåse i tilnærma full juvenil drakt virkelig var prikken over i`en for del. Ja, det var nesten minst like bra det som å få sett steppemåsen. 

Det blei tatt ein god del bilder av både steppe- og kaspimåsen. Her er nokre av dei:
Det var her i Bispevika ved utløet av Akerselva måsane samla seg.

Steppemåse (Pallas`s gull)
Steppemåse, Pallas`s gull 1K (1.vinter), Bispevika, Oslo 23.august 2014

 Her er også nokre bilder av steppemåsen i hånd.
Steppemåse, Pallas`s gull 1K (1.vinter), Bispevika, Oslo 23.august 2014
Her er steppemåsen innfanga og det blir tatt mål og vekt. Ser ein på desse
måla så er denne fuglen på størrelse med ein liten hofugl av svartbak.

Steppemåse, Pallas`s gull 1K (1.vinter), Bispevika, Oslo 23.august 2014

Steppemåse, Pallas`s gull 1K (1.vinter), Bispevika, Oslo 23.august 2014

Steppemåse, Pallas`s gull 1K (1.vinter), Bispevika, Oslo 23.august 2014

Steppemåse, Pallas`s gull 1K (1.vinter), Bispevika, Oslo 23.august 2014

Steppemåse, Pallas`s gull 1K (1.vinter), Bispevika, Oslo 23.august 2014
 
Steppemåse, Pallas`s gull 1K (1.vinter), Bispevika, Oslo 23.august 2014

Kaspimåse
Kaspimåse 1K (juvenil), Bispevika, Oslo 23.august 2014

Lyse gråmåsar
I tillegg til steppe- og kaspimåsen så vart det også sett nokre interessante gråmåsar. Det vart nemleg sett fleire lyse ind. i området ved utløpet av Akerselva i Bispevika. Det er slike fuglar mange meinar er hybridar mellom gråmåse og polarmåse. Særleg ein av dei (ind.4) var ein innertiar med tanke på ein slik fugl. Problemet med hybridteorien er at fuglen er ungemerkt rett ute i fjorden frå der den no vart sett, der det er veldig få polarmåsar inne i bildet for å seie det slik...

Ind.1 
Gråmåse 1K (juvenil/1.vinter), Bispevika, Oslo 22.august 2014

Ind.2
Gråmåse 1K (juvenil), Bispevika, Oslo 22.august 2014

Ind.3 (J8267)
Gråmåse 1K (juvenil), Bispevika, Oslo 23.august 2014

Ind.4 (J8228)
Gråmåse 1K (juvenil/1.vinter)), Bispevika, Oslo 23.august 2014

Ind.4 (J8228)
Gråmåse 1K (juvenil/1.vinter)), Bispevika, Oslo 23.august 2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar