lørdag 3. oktober 2015

Oppfostring av krykkjeungar

Som mange kanskje har fått med seg, og som eg for så vidt nemnte i det forrige blogginnlegget mitt, så hadde eg fleire krykkjeungar til oppfostring i den siste halvdelen av juli og gjennom heile august. Desse ungane stamma frå krykkjekolonien som vi overvåker i Ålesund som eit delprosjekt av sjøfuglovervåkinga på Runde. Vi har nemlig blitt nødt til å overvåke kolonien i Ålesund for i det heile tatt å få data på krykkjer her i distriktet. Krykkjene som for ikkje mange åra sidan var svært talrike på Runde, har sidan starten på 2000-talet ikkje produsert ungar i noko antall. Dei 3-4 siste åra har også antallet voksne fuglar minka dramatisk. I år var det for eksempel berre 300-400 par som satt i fuglefjellet då vi gikk rundt øya med båt den 19. mai. (Dette talet var då krykkjene var på det mest talrike på Runde estimert til å vere i størrelsesordenen 100 000 par). Då vi kom ut i starten på juli hadde dette talet minka til 30-40 krykkjer. I tillegg til desse voksne fuglane så var der også 7-8 store ungar som på det tidspunktet ikkje hadde alt for lenge igjen før dei var flygedyktige. Dette er faktisk ei auke i antall ungar i forhold til dei føregåande åra, og det seier vel sitt om den svært dystre situasjonen for arten på Runde. Samanliknar vi antall krykkjer i fjellet på Runde med antall krykkjer i kolonien vi overvåker i Ålesund, så var det i 2015 faktisk ca. dobbelt så mange krykkjer i kolonien i Ålesund enn på Runde. I alle fall visst vi legger til grunn antallet på 300-400 par som vi talte i fjellet på Runde den 19. mai og antallet på ca. 700 par som vi talte i Ålesund den 2. juni.

Krykkjekolonien i Ålesund.

Ikkje berre er det for øyeblikket fleire voksne fuglar i kolonien i Ålesund, men fuglane i Ålesund får også fram ein god del ungar. Den 2. juni i år vart det talt opp 687 reir i Ålesund. Den 15. juli vart antallet ungar talt til 475. Dette skulle gi ein ungeproduksjon på ca. 0,69 ungar per reir. Krykkjene har 1-3 ungar. Der ein og to ungar er vanligast, medan tre er svært, svært sjeldan. Dermed blir ein ungeproduksjon på ca. 0,69 per par heilt middels, altså verken bra eller dårlig.

Krykkjeungar i dusjen
Så tilbake til ungane eg hadde til oppfostring... I løpet av dei rundene eg hadde med feltarbeid i krykkjekolonien i Ålesund så kom eg over 6 ikkje flygedyktige ungar som hadde falt ned og satt heilt på bakkenivå under krykkjeveggen. Hadde desse ungane blitt sittande der så hadde dei ikkje blitt langliva. Kattar går og patruljerer der daglig, samt at også andre predatorar nok fort hadde sett si muligheit til å få seg eit saftig måltid. Foreldra ville nok heller ikkje mata ungane då dei ikkje lenger satt på reiret. Uansett, eg hadde ikkje hjerte til å berre la dei sitte der og enten svelte i hel, eller bli drept. Dermed så tok eg dei med meg heim. Dei to føregåande åra så hadde Alv Ottar Folkestad krykkjeungar, også det frå kolonien i Ålesund, til oppfostring. I år hadde ikkje han anledning til å ta seg av ungane, så dermed vart det min tur å gjere eit forsøk. Eg fann ut at den einaste plassen eg kunne ha dei var i dusjen. Der var det enkelt og berre skylle vekk skiten etter kvart som den kom. Eg kunne også dusje dei ofte slik at dei ikkje blei skitne. Greier ein å halde det reint der fuglane sit, så minskar ein også sjansen for at dei skal bli sjuke.

Den 16. juli kom eg heim med dei to første ungane. Etter å ha hatt dei i 10 dagar så var den største klar til å bli slept fri. Dermed reiste eg tilbake til kolonien i Ålesund for å gi den friheita tilbake. Det er nok alfa omega å sleppe dei tilbake til kolonien, der dei har eit koloniforsvar, samt at dei kan sjå og følge dei andre krykkjene, og dermed ikkje må ta fatt på livet heilt på eigenhand.

Den første ungen som eg slepte fri starta etter ikkje mange dagane å flyge rundt og sette seg opp på dusjkabinettet. Under kan du sjå eit par bilder som blei tatt like før den blei slept tilbake til kolonien i Ålesund.




Tre nye ungar
Eg slepte fri ein unge den dagen, men kom sjølvsagt tilbake med tre nye. Dermed så gikk eg frå å ha to ungar til oppfostring til å ha fire.


Krykkjer er nokre hissige skapningar, og ungane er ikkje noko unntak. Ofte blir det litt slåsting når ein plasserer ungar som ikkje tidligare har noko forhold til kvarandre i lag. Slik var det også denne gongen. Dei to første ungane eg hadde gikk veldig greit i lag. Då eg kom tilbake med tre nye, var det derimot ikkje fullt så greit. Ein av dei nye ungane, åpenbart ein stor hann, var svært aggressiv, og når dei andre heller ikkje la noko i mellom vart det fort litt slåsting. Heldigvis så tok det ikkje lenge før dei hadde forstått rangordninga, og når den var på plass gikk det for det meste veldig greit.

Besøk frå NRK...
Den 3. august fikk eg så besøk frå NRK Møre og Romsdal som ville lage ei lita reportasje på krykkjeungane. Dette var jo ei veldig god anledning til å vise krykkjer som noko anna enn "berre ein måse". Mange har dessverre lagt denne nydelige fuglen for hat. Dette pga. av at den drit ned bygningar og lagar mykje støy. Det var greit å få laga til ei reportasje for å formidle litt om stoda til arten og å vise krykkjer i ein annan samanheng enn det dei normalt blir vist i. Krykkjene treng nemlig all den hjelpa dei kan få. Og ein start er og ikkje øydeleggje plassar der dei hekkar. Litt skit og støy må ein godta! Vi lever tross alt i ei verd med levande skapningar rundt oss, og då kan vi ikkje alltid ta den lettaste vegen ut. Det blir det nemleg gjort alt for masse av i dagens samfunn...

Dette skiltet heng i krykkjeveggen i Ålesund.

Det er nemlig ikkje berre på Runde krykkjene slit stort. Over store delar av utbredelsesområdet sitt er situasjonen akkurat den samme. Dei får ikkje fram ungar, og sakte men sikkert så går antallet på voksnefuglar i koloniane ned. Hovudgrunnen til dette er matmangel.

Går du inn på linken under så kan du sjå korleis reportasjen NRK laga blei.
http://www.nrk.no/mr/frykter-for-krykkjens-fremtid-1.12484205

Kattemat i store mengder
Ungane blei mata med kattemat. Totalt gikk det nok med minst 80-90 boksar med kattemat i den perioden eg hadde ungane. I starten så måtte eg holde ungane i fanget og stappe maten med fingrane ned i gapet på dei for i det heile tatt å få i dei noko. Det tok derimot ikkje lenge før dei hadde skjønt opplegget, og tok maten sjølv frå boksane. Det var riktignok ein av ungane som aldri ville ete på eigenhand. Gjennom heile perioden eg hadde ungen så måtte den matast for hand.

Her er nokre av dei utallige boksane med kattemat som blei innkjøpt, og som
gikk med til krykkjemat f.o.m. 16. juli t.o.m. den 31. august.

Her er ein videosnutt som viser matinga av krykkjeungane...



Ein slept fri, og ein ny...
Den 5. august var eg igjen tilbake i Ålesund for å sleppe ein av krykkjeungane. Denne gongen slepte eg fri den andre av dei to ungane som eg tok i oppfostring den 16. juli. Men eg kom også denne gongen over ein ny unge som hadde falt ned. Dette var den soleklart yngste ungen av dei eg hadde funne. Denne ungen var nok rundt fire veker gammal og hadde fortsatt ein del dun på kroppen.

Den siste ungen var mykje mindre enn dei andre, og etter eit lite forsøk med å ha den i dusjen med dei tre store ungane eg hadde i pleie frå før, så fann eg ut at det ikkje gikk. Den blei nemlig hakka på av den store hannen, og då den fann ut at den skulle hakke tilbake, så gikk ikkje det så bra. Dermed så måtte eg ta den ut av dusjen. Eg fann då ut at eg skulle prøve å lage til ei kasse der den kunne sitte. Ungane er fortsatt koda på å sitte på reiret, og plasserer du dei ein plass der det ikkje er naturlig å vandre rundt, så blir dei sittande der. Dei leitar også etter ein kant dei kan drite ut i frå. Eg laga difor til ei kasse der den satt på eit lite opphava parti i den eine delen, og så laga eg til eit plastlok som den kunne drite på, og eg etterpå kunne drage ut og skylle. Dette fungerte utmerket heilt til den blei nokre dagar eldre, og fann ut at verda var større enn pappkassa. På bildet under kan du sjå korleis kassa såg ut.

Den minste krykkjeungen på det provisoriske "reiret".

Sjukdom
Den første dagen eg hadde "Mini", som blei kallenavnet på minstemann, så åt den veldig bra med mat. Om kvelden var det derimot full stopp. Då eg sjekka krykkjeungane tidlig morgonen etter, hadde den gulpa opp heile det siste måltidet den hadde fått. Slik fortsatte det i fleire dagar. Skiten viste at det den hadde ei form for magesjuke, og resultatet var at den absolutt ikkje ville ha mat. Etter og knapt ha fått i den ein matbit på fleire dagar, så prøvde eg til slutt å mate den med ei sprøyte. Dette såg gledelig nok ut til å virke. Eg måtte riktignok ta det i det små i starten, med berre 3-4 milliliter per måltid. Etter ei stund så gikk eg over til å gi den meir og meir, til den til slutt åt heile innhaldet i sprøyta på ca. 25 milliliter. Etter å ha holdt på med dette i nokre dagar, så gikk eg over til å gi den faste bitar. Og eg kan love deg at det var jubel då maten ikkje kom opp igjen.

Her er sprøyta med mat som eg gav ungen
då den ikkje ville ete mat i fast form.

Ein unge igjen
Den 9. august var dei tre store ungane som eg hadde hatt i pleie sidan den 26. juli klare til å bli slept fri. Dermed var det berre å hoppe i bilen å kjøyre til Ålesund. Etter at eg slepte dei så flaug alle fint avgårde og blanda seg i lag med dei andre krykkjene som flaug rundt i koloniområdet.
 
 
Her er dei tre store ungane ringmerkte og klare til å bli slept fri.
Den ungen eg då satt igjen med fikk no flytte inn i dusjen. Eg hadde hatt den separat i frå dei andre fordi den ikkje gikk god i lag med den store hannen, og også fordi den ikkje var heilt frisk. I tilfelle det den hadde var smittsomt så ville eg ikkje risikere å smitte dei andre.

Ekstrem appetitt
Etter at den blei frisk så var det ingenting som feila matlysta. Den dagen den åt mest så gikk det faktisk med heile TRE(!) boksar med kattemat. Kvar boks var på 85 gram. Den åt altså ca. 250 gram med kattemat på ein dag. Dette er ekstremt med tanke på at ungen ikkje vog stort meir. Ei voksa krykkje veg frå ca. 300g til litt over 400g .

Bading
Ungen var ganske tøff, for var den svolten så kom den gåande ut av dusjen av eiget initiativ. Etter at den var mett og ferdig med måltidet, så gikk den inn igjen i dusjen. Etter kvart måltid så fikk den seg også ein dusj. Dette gjorde eg med alle ungane gjennom heile perioden eg hadde dei. Slik haldt eg dei reine og fine. Det denne ungen fikk prøve, og som dei andre ikkje fikk, var å bade i ein stamp. Under kan du sjå ei av runde med bading.

 

Mangel på krykkjer
Pga. av sjukdommen den minste ungen hadde så stoppa nesten kropps- og fjørveksten heilt. Når den endelig starta å ete for fullt igjen så tok jo veksten seg opp, men ungen låg då langt etter dei ungane som var like store som den då eg tok den i pleie. Det eg då frykta var at krykkjene ville ha forlatt kolonien i Ålesund før ungen "min" var klar til å bli slept fri. Og eg fikk rett. I slutten av august då eg skulle sleppe "Mini" fri, var det ikkje krykkjer i noko antall i nokon av koloniane her i nærområdet. Verken i Måløy, på Leikanger på Stadtlandet, eller i Ålesund var det krykkjer å oppdrive. Dermed fikk eg Alv Ottar Folkestad til å ta ein telefon til ein han kjente på Otrøya i Midsund kommune. Han skulle sjekke om det var igjen krykkjer i Midsund sentrum. Der er det nemlig ein koloni på eit par hundre par på nokre bygningar. Og endelig så lykkast det med å finne krykkjer. Rapporten eg fikk var at det var igjen ein del krykkjer i koloniområdet. Den 31. august, etter å ha hatt ungen i pleie sidan den 5. august, riste eg så dei 125 km til Midsund for å sleppe den fri. I Midsund var det 80-90 voksne fuglar. Der var også nokre ungar som fortsatt satt i lag med foreldra på reira og tigga etter mat. Alt i alt så var dette den perfekte plassen å sleppe ungen fri.

Etter at eg slepte ungen fri så flaug den bort og satte seg på eit tak like ved der det satt ein del krykkjer. Den turte ikkje å nærme seg heilt i den perioda eg satt og følgde med, men forhåpentligvis så gikk det greit. Eg hadde i alle fall gitt den alle muligheiter til å lukkast.


Alle ungane som eg hadde i pleie fikk kvart sitt sett med metall og fargeringar før dei blei slept fri. Skulle nokon av dei dukke opp ein eller annan plass så skal det vere ei rimelig enkel sak å identifisere dei. Det ultimate hadde jo vore å finne igjen ein av dei sittande i ein krykkjekoloni om nokre år på eit reir med eigne ungar. Eg har i alle fall gjort mitt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar