tirsdag 6. oktober 2015

Svinøya 11. og 12. september 2015

Den 11. og 12. september vart turen lagt til Svinøya i Herøy kommune heilt sør i Møre og Romsdal. Svinøya ligg vest i havet, ca. 10 km i luftlinje frå det vestligaste punktet på Sandsøya. Turane til denne verharde plassen er alltid nokre av høgdepunkta i løpet av sesongen.

Svinøya sett frå båt.
Utsikta frå Svinøya mot aust/søraust.

Ringmerking
Målet med turen var å merke havsvaler, både voksne og reirungar. Svinøya har nemlig ein havsvalekoloni som er estimert til å vere på minst 100 par. Havsvala er berre påvist hekkande nokre få plassar langs norskekysten, så det å få vere med å merke ungar er ganske eksklusivt.

Totalt vart det funne seks ungar det var mulig å få tak i. Av desse var berre tre av dei store nok til å bli ringmerkte. Der var sjølvsagt mange fleire ungar, men desse låg slik til at dei var umulig å få fatt i. Enten djupt inne i jordholer, langt inne i bergsprekker, eller djupt inne i steinurer. Det var også ei havsvale som vart sett  liggande å ruge. Skulle den greie å ruge fram ein unge, så vil den tidligast vere flygedyktig i midten av november, ja kanskje ikkje før godt ut i desember. Ei havsvale har ei rugetid på ca. 40 dagar. Vidare så har den ei reirtid på 50-80 dagar, alt etter kor bra næringstilgongen er. Det vanligaste er i følge litteraturen ei reirtid på rundt 65 dagar. Legg ein så saman ruge- og reirtida, altså frå egget er lagt til ungen tek til vingene, så går det altså tre og ein halv til fire månadar.

Her er ein av dei tre ungane som var store nok til at dei kunne ringmerkast.
Havsvale pullus, Svinøya 11. september 2015.
Å få eit bilde av ein havsvaleunge liggande naturlig på reiret har lenge vore ein draum. Denne gongen klaffa det endelig. Under kan du sjå resultatet.
Havsvale pullus
Havsvala er ein pelagisk art som ikkje kjem på land på hekkkeplassen før etter mørkets frambrudd. Dei er nemlig heilt hjelpelause på land, og hadde derfor vore eit lett bytte for måsar og andre predatorar på dagtid. Dei har derfor tilpassa seg slik at dei ventar til godt ut på sommaren for dei legg egg. Dermed er det tilstekkelig mørkt om natta når egga klekker og dei voksne fuglane må farte ut og inn av kolonien for å mate ungar. Kombinerer ein denne strategien med sein egglegging og den svart lange ruge- og reirtida så er så og seie året omme før ungane kjem seg på vingene.



Etter at vi var ferdige med å ringmerke ungar var det berre å vente på at det skulle bli mørkt, slik at vi kunne prøve oss med eit par timar med nettfagst på voksne havsvaler.

Solnedgong mot S/SV med stadtlandet heilt til venstre i bildet.

Etter at det var tilstrekkelig mørkt rundt 22:00 opna vi netta. I løpet av to timar, til ca. 00:00, fikk vi ikkje mindre enn 48 havsvaler. Dette var fordelt på to 12 meter mistnett og utan brukt av lyd.

Havsvale 2K+/adult


Norges eldste registrerte havsvale?
Av desse 48 havsvalene var det 16 som hadde ringar frå før. Dei fleste var fuglar som hadde blitt ringmerkte i kolonien på Svinøya ved tidligare anledningar. Den soleklart mest interessante fuglen var derimot ikkje ringmerkt på Svinøya, men på Flø i Ulstein kommune. Men det var ikkje det at den blei ringmerkt på Flø som var så interessant, det interessante var tidspunktet. Havsvala med metallring nr. E403709 vart nemlig ringmerkt så langt tilbake som den 1. august 1993. Det vil altså seie at fuglen var minst 23 år gammal då den gikk i nettet på Svinøya. I og med at den blei ringmerkt som ein voksen fugl i 1993 så kan jo denne svala potensielt vere styggammal. Men det å vere 23 år gammal er uansett ein svært imponerande alder for denne i gjennomsnitt 25 gram tunge fuglen. Så langt eg har funne ut så dreier dette seg om den eldste havsvala registrert i Norge. Den eldste registrerte havsvala nokon sinne stammar derimot ikkje frå Norge, men frå Storbritannia. Den var heile 33 år gammal. Dermed så har havsvala frå Svinøya noko å strekke seg etter.

Optimale lytteforhold
Det som var genialt med denne Svinøyturen var at fyret var ute av drift. Dermed slapp vi den konstante lyden av aggregatet som driv fyret. Utan denne forstyrrande lyden vart det mulig å gå rundt å lytte etter havsvaler. Dette resulterte i at vi fann fleire nye plassar på øya der havsvalene hekkar. Eg gjorde også eit lydopptak av ein unge tiggande med ein voksen på reiret. Opptaket finn du under.


Andre observasjonar
Det var ikkje berre havsvaler som vart sett på turen til Svinøya. Så snart sola stod opp den 12. september var det berre å kome seg rundt på øya for å sjå om det hadde komt inn nokre trekkfuglar i løpat av natta. Og det var ikkje heilt fritt. Det vart sett artar som enkeltbekkasin, buskskvett, møller, gråflugesnappar, måltrost og spurvehauk. Den største godbiten var derimot ein trekkgjest frå Sibir, nemlig ein gulbrynsongar. Denne finn du eit bilde av under.


Gulbrynsongar 1K+, Svinøya 12. september 2015

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar