mandag 29. januar 2018

5.-26. januar 2018

I løpet av januar så langt har det blitt ein del fugleskoding. Og som det brukar å vere på denne tida av året, så går det mest i måsar. På Sandshamn på Sandsøya har det vore lite måsar å sjå. Ikkje alt for mange fiskebåtar som har vore inne og levert fisk på fiskemottaket, i alle fall ikkje på dagtid, i kombinasjon med mykje fint vër, har resultert i at måsane nok har holdt seg for det meste til havs. Men litt måsar har det jo tross alt vore å sjå. Dei beste dagane denne månaden var den 5. og 6. januar. Desse to dagane var det mange hundre måsar å sjå på Sandshamn. Blant desse vart det sett minimum 2 2K polarmåsar, og minst 3 grønlandsmåsar, derav i alle fall 2 adulte og 1 2K. Etter dette dabba det av, og enkelte dagar har det vore så få som 60-70 måsar inne på hamna, noko som ikkje akkurat er noko å skryte av. Eg har også sett at dei fuglane som har blitt sett tidligare er dei same som går igjen, og at det dermed så langt ikkje har vore mykje utskiftning. Men dette vil nok forandre seg når vinterfisket tek til for fullt, i kombinasjon med nordtrekket av måsar som skal tilbake til hekkeplassane sine.



Etter at eg i fjor anskaffa meg båt, så har eg også hatt muligheit til å forflytte meg rundt i fjordsystema og rundt øyane her på søre Sunnmøre. Dette gir meg muligheit til å få eit meir heilheitlig bilde på korleis måsane brukar dei forskjellige områda. Og ikkje minst få lest av og avbilda ringmerkte fuglar som ellers ikkje ville blitt observerte. Det er akkurat dette med å få avbilda fuglar med kjent alder og fødeplass som er så verdifullt. Då kan ein studere fjørdraktene til måsane i dei forskjellige aldersklassene og dermed få eit betre bilde på variasjonen i fjørdrakta i dei forskjellige alderane. Dette har ikkje blitt gjort her i området tidligare. 

I løpet av perioda f.o.m. 5 januar t.o.m. 26. januar har det blitt fleire båtturar. Eg har besøkt plassar som Volda, Lauvstad, Fosnavåg, Fiskå, Åheim, Leikanger osv. På desse turane har det blitt lest av og avbilda fleire måsar. På turen min den 26. januar rundt Bergsøya og Gurskøya kom eg også over 3 grønlandsmåsar. Under finn du bilder av to av dei. 

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 5K+ (4. vinter eller eldre) Larsnes, Sande kommune 26. januar 2018


Forskjellige aldersklasser
Men det er jo sjølvsagt fuglane som er ringmerkte med kjent alder og kjent fødeplass som er mest verdifulle. Her er bilder av nokre utvalgte fuglar eg har lukkast å få lest av og avbilda i januar. Det er her snakk om representantar for alle dei seks første draktene/aldersklassene. Ein gråmåse kan vere utfarga i si 4. drakt, men som oftast heng det igjen litt pigmentering her og der, særlig i stjert og på handdekkfjører. Ein del fuglar er også så seint utfarga at dei i si 4. drakt (4. vinter) ikkje er mulig å skille frå ein fugl i si tredje drakt (3. vinter). Slike fuglar vil nok i mange tilfeller også ha restar av immaturitet i si femte drakt (5. vinter), og vil dermed overlappe med fuglar i si fjerde drakt (4. vinter).  Kort fortalt, variasjonen er stor! Er ikkje fuglane ringmerkte slik at alderen er kjent, så blir det å aldersbestemme fuglar i tredje, fjerde, og femte drakt i mange tilfeller berre "kvalifisert" gjetting. 


Gråmåse «J864K» (2K/1. vinter)
Gråmåse 2K (1.vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018

Gråmåse 2K (1.vinter), Åheim, Vanylven kommune 21. januar 2018
Gråmåsen «J864K» blei ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge i måsekolonien i Kvalsvika på Nerlandsøya 4. juli i fjor (2017). Etter merking blei den sett på Sandshamn på Sandsøya den 14. august. Etter dette blei den ikkje observert før den blei sett i Sandvika i Volda kommune 2. januar. Etter dette virkar det som eg har møtt på den alle plassane eg har vore. Den har blitt observert på Rovde (Vanylven kommune), Åheim (Vanylven kommune) og no sist også i Fosnavåg (Herøy kommune). Dette er altså ein fugl som fartar ein del rundt. 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «J798K» (3K/2. vinter)
Gråmåse 2K (2.vinter), Syvdsfjorden Vanylven kommune 12. januar 2018

Gråmåse 2K (2.vinter), Syvdsfjorden Vanylven kommune 12. januar 2018
Gråmåse «J798K» blei ringmerkt i måsekolonien i Kvalsvika på Nerlandsøya i Herøy kommune 8. juli 2016. Dette var første observasjon etter merking.

___________________________________________________________________________


Gråmåse «JAP52» 3-4K (3. vinter)
Gråmåse 4K (3. vinter) Vålnes, Herøy kommune 26. januar 2018

Gråmåse 3K (3.vinter), Vålnes, Herøy kommune 16. desember 2017
Gråmåsen «JAP52» vart ungemerkt i Kvalsvika på Nerlandsøya 5. juli 2015. Den held seg no i området rundt opprettsanlegget på Vålnes på Gurskøya i Herøy kommune. Første observasjon etter merking vart gjort no i desember, og den har ikkje blitt observert andre plassar enn rundt det dette oppdrettsanlegget. Ein slik fugl vil utsjånadsmessig overlappe med ein seint utfarga fugl som er året eldre. 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «J7294» (5K/4. vinter)
Gråmåse 5K (4. vinter), Rovde 12. januar 2018
«J7294» vart som dei tre føregåande måsane også ringmerkt i Kvalsvika på Nerlandsøya. Den blei ringmerkt der som ein ikkje flygedyktig unge 4. juli 2014. No held den seg tydeligvis for det meste i Rovdefjorden, der den har blitt observert både på Vålnes på Gurskøy-sida, men også på Rovde. Før mine tre observasjonar av den no i desember og januar hadde den ikkje blitt sett meir enn ein gong etter merking. Legg merke til pigmenteringa på dei små haddekkarane. Sett bort i frå det så er fuglen utfarga. Den har ein del mørkt i nebbet, men ei slik nebbteikning kan ein også finne på eldre fuglar. 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «J6134» (6K/5. vinter)
Gråmåse 6K (5.vinter), Mårset, Syltefjorden 21. januar 2018

Gråmåse 6K (5.vinter), Mårset, Syltefjorden 21. januar 2018
J6134 vart ungemerkt på Storholmen i Sande kommune 30. juni 2013. Før eg no såg fuglen i Syltefjorden 21. januar så hadde den ikkje blitt observert sidan eg såg den på Åheim 20. februar 2014, altså for nesten 4 år sidan. Legg merke til at fuglen fortsatt ikkje er 100% utfarga. Den har nemlig fortsatt litt pigmentering igjen på stjertfjørene. Altså, ein fugl som har pigmentering i stjert, og også på handekkarar/lisjevinge, men ellers er fullt utfarga, kan i realiteten like godt vere ein 6K (5.vinter) som ein 5K (4. vinter). 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «FA17160» (7K/6. vinter)
Gråmåse 7K (6.vinter), Syvdsfjorden, Vanylven kommune 12. januar 2018

Gråmåse 7K (6.vinter), Syvdsfjorden, Vanylven kommune 12. januar 2018
Gråmåsen med metallring nr. FA17160 vart ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge på Hareid 9. juli 2012. Dette er altså ein fugl som til sommaren blir 6 år gammal, eller slik vi klassifiserar den, i sitt 7. kalenderår (7K). Dette var første observasjon etter merking, eller rettare sagt, første avlesing etter merking. Slike metallringar er bort i mot umulige å lese av i felt, og hadde den hatt ein fargering i tillegg skal eg love deg at den hadde blitt avlest fleire gongar allereie. Denne måsen er 100% utfarga, med ingen teikn til immaturitet. 


På plass på hekkeplass...
No i siste halvdel av januar startar dei første måsane å dukke opp på hekkeplassane sine. Medan mange gråmåsar som hekkar her i området blir værande gjennom vinteren, så trekker dei fleste svartbakane sørover, enten over til Storbritannia, eller nedover langs kystane på kontinentet sør til Frankrike, og overvintrar der. Desse fuglane dukkar opp på holmane og skjera dei hekkar på i desse dagar. I år såg eg den første lokale svartbaken som er ringmerkt sitte på skjeret der den hekkar den 16. januar. 

Lokal hekkefugl merkt i Vest-Agder
På heimvegen frå båtturen eg hadde innover i Vanylven til Fiskå og Åheim den 21. januar, kom eg over ein fargemerkt svartbak på Sandholmane rett nord for Frekøy fyr sør for Kvamøya i Sande kommune. Etter å kasta ut litt brød fikk eg den inn til båten, og eg lukkast å få lest av fargeringen den hadde på venstre bein. Det viste seg at dette var «JT334», ein hannfugl som opprinnelig er ringmerkt i Mandal i Vest-Agder. Den blei ringmerkt der 28. februar 2014 som ein 2K fugl. Eg så den ved eit par anledningar ved måsekolonien på Storholmen, nokre hundre meter lenger nord, i fjor. Den var då i sitt 5. kalenderår og kunne strengt tatt ha hekka i området. Eg lukkast dessverre ikkje med å lokalisere den då. I år derimot satt den som den einaste voksne svartbaken i området inne på eit skjer som høgst sansynlig er der den vil prøve å slå seg ned å hekke. Då eg var tilbake der tre dagar etter var det den som dominerte området, og den jaga vekk alt og alle som vart for nærgåande.

Legg merke til at sjølv om svartbaken «JT334» no er i sitt sjette kalderår, så har den fortsatt teikningar i fjørdrakta som viser at det er snakk om ein "yngre adult". Den har nemlig pigmentering på dei midtre stjertfjørene. Etter nesten myting til sommaren/hausten vil nok denne fuglen vere 100% utfarga. 
Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 21. januar 2018

Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 21. januar 2018

Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 21. januar 2018

Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 24. januar 2018


Storskarv frå Røst
Det er ikkje berre måsar eg har lukkast å få lest av på båtturane mine den siste tida. Den 21. januar var eg sta og bunkra på hamna i Haugsbygda på Gurskøya, før eg reiste innover i Vanylven. Der kom eg over ein storskarv med metallring. Normalt så vil det vere svært vanskelig, om ikkje umulig, å få lest av ein slik ring. Heldigvis var denne fuglen eksemplarisk, og satt rolig på jernstaken den satt på sjølv om eg berre var 6-7 meter unna. Folk som eventuelt såg meg lurte nok på kva i alle dagar eg holdt på med då eg dreiv og gikk rundt denne staken med båten. Til dei kan eg seie at eg berre prøvde å få tilstrekkelig med bilder slik at eg kunne lese av metallringen den hadde på venstre bein. Noko eg lukkast med. På ringen stod nummeret BA37204. Dagen derpå fikk eg vite at dette var ein fugl som hadde blitt ringmerkt på Låterskolten ved Røst som ein reirunge 5. juli 2016. Dette var nesten sjølvsagt første observasjon etter merking.

Storskarv ua. carbo, 3K (2. vinter), Haugsbygda hamn 21. januar 2018

Avstanden mellom Låterskolten og Haugsbygda er ca 659 km. 


Endelig!
Så skal vi litt ut av det maritime miljø. Eg har i januar, i tillegg til å skode måsar, brukt ein del tid på å prøve å lokalisere eventuelle svartstruper som måtte overvintre her på Sandsøya. Eg har sjekka fjøresona på heile den vestlige delen av øya, utan resultat. I haust som var, var det nemlig heile 6 årsungar av svartstrupe som ei lita periode holdt seg i Sandsvågen. Håpet har vore at nokre av desse kunne overvintre. Den 15. januar lukkast eg endelig med å lokalisere ei. På eit sauebeite i Våge holdt det seg nemlig ein hann. Og ikkje nok med det, den 18. januar, etter å ha relokalisert hannen på sauebeitet i Våge, kjøyrde eg lenger vest ut i Hellandsvågane, til eit område det brukar å overvintre svartstruper visst dei er på øya. Og der var det enda ei... Og ikkje nok med det, den hadde ringar på beina! Den 30. september i fjor fanga eg nemlig inn og ringmerkte ein av dei 6 fuglane, ein hann, som holdt seg i Sandsvågen. Var det den eg såg? For at eg skulle få lest av ringen måtte eg spele av litt song for å få den på litt nærmare hold. Normalt så ville eg ikkje forstyrra ein fugl slik unødig, men i og med at det her ville gi verifulle data om eg fikk lest av ringen, så måtte eg berre gjere eit unntak. Etter å ha satt på lyden tok det ikkje lenge før den kom flygande mot der eg satt i bilen for å sjekke ut kven det var som song. Etter å ha knipsa ein del bilder i det dårlige lyset, kunne eg endelig konstatere at det var den unge hannen som eg ringmekte i Sandsvågen i september i fjor som no holdt til i Hellandsvågane. Slike gjensyn er alltid like kjekke. No får vi berre håpe at desse hannane greier seg gjennom den siste delen av vinteren, slik at dei kan slå seg ned å få den lokale hekkebestanden på fote igjen. For etter å ha hatt så og seie årlig hekking av arten t.o.m. 2015, så har eg sidan det ikkje lukkast med å lokalisere hekkande fuglar på øya. Dette er første gong det har gått to år samanhengande utan hekking av arten her, sidan eg blei obs på at det fanst svartstruper på Sandsøya på starten av 2000-talet.

Her er eit bilde av fuglen frå den 18. januar. Fargeringen den har på høgre bein kan lesast av på mange timeters hold enten ved hjelp av foto, eller teleskop. 
Svartstrupe 2K M (SMN), Hellandsvågane, Sandsøya 18. januar 2018


Her er nokre bilder frå då den blei ringmerkt 30. september i fjor. Svartstrupa kan blant anna aldersbestemmast til 1K på slitte sving og stjertfjører. Den enklaste karakteren å sjå i felt, og som denne fuglen har, er kontrastar mellom nymytte 2. generasjons tertiærar som står i kontrast mot juvenile teriærar og/eller armsvingfjører. På venstre vinge har den kun mytt den inste teriæren, medan den på høgre vinge har mytt dei to inste. 
Svartstrupe 1K M (SMN), Sandsvågen, Sandsøya 30. september 2018

Svartstrupe 1K M (SMN), Sandsvågen, Sandsøya 30. september 2018

Svartstrupe 1K M (SMN), Sandsvågen, Sandsøya 30. september 2018


Andre observasjonar
Ellers så har det i perioda 5. januar - 26. januar blitt observert artar som: 
jordugle (3 ind. Storholmen 9. januar)
myrhauk (1 f-farga, Voksa, 13. januar)
tundragås ua. albifrons (2 3K+, Storevika, Sandsøya 15.-22. januar), 
vipe (fleire ind. på Sandsøya)
heilo (2 ind., Sandsøya 24. og 25. januar)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar