torsdag 18. januar 2018

Grashoppesongarar 2017

Grashoppesongarprosjektet som blei starta opp i 2010 vart vidareført også i 2017. I løpet av desse åra har eg lært veldig mykje om grashoppesongarane. Her er ein lita oppsummering av sesongen 2017, samt ein liten gjennomgong av relevante data.

Her sjekkar eg ein lokalitet på Voksa etter grashoppesongarar.

Årets første kartleggingsrunde rundt på Sandsøya og Voksa i 2017 vart unnagjort 29. april. Og metodikken var slik den har brukt å vere, nemlig å gå rundt på potensielle lokalitetar og spele lyd ei stund på kvar enkelt lokalitet. Har det ankomt ein grashoppesongarhann på lokaliteten, så vil den i dei fleste tilfeller respondere på denne provokasjonen, enten ved å svare med song/varsellydar, eller ved å kome flygande mot der eg står og spelar lyd, for å prøve å skreme vekk det den trur er ein inntrengjar. Gjer eg dette daglig i ankomstperioden så får eg då ein veldig nøyaktig ankomstdato på fuglane. Dette har eg gjort sidan 2011.

I 2017 tok det ikkje mange dagane før eg greidde å lokalisere årets første hann. Allereie den 1. mai var det ein på plass. Denne fuglen responderte på lyd på ein lokalitet der det var ein grashoppesongar også i 2016. Så då var det store spørsmålet, var det den same fuglen som var tilbake? Etter litt om og men så satte fuglen seg opp slik at eg fikk sett beina på den. Var det den same fuglen så skulle den ha ein metallring på venstre bein, og ein fargering med eit nummer på, på høgre bein. Og joda den hadde ringar, men var det den same fuglen? Då var det berre å leite fram fotokameraet for å prøve å få tatt bilder av nummeret på fargeringen. Etter nokre minutt hadde eg endelig fått bildet eg trengte, eit som viste nummeret på den gule plastringen. Dette nummeret var 34. Det ville altså seie at det var den same fuglen som var tilbake nok ein gong. I 2016 ankom den lokaliteten natt til 8. mai. I 2017 var den altså nøyaktig ei veke tidligare ute. Dette kan eg seie fordi lokalitetane, både i 2016 og i 2017, blei sjekka dagen i forvegen, utan at fuglen då hadde ankomt.

Her er eit par bilder av den tilbakevendande grashoppesongarhannen som blei tatt 1. mai, like etter at eg hadde lokalisert den ved hjelp av lyd. Legg merke til fargeringen. Denne let seg relativt enkelt lese av i felt ved hjelp av foto. Dette gjer då at eg slepp å fange inn fuglen for å identifisere den, og dermed stresse den unødig.

Grashoppesongar 3K+ M, Våge, Sandsøya 1. mai 2017

Grashoppesongar 3K+ M, Våge, Sandsøya 1. mai 2017



Statistikk over tilbakevendande fuglar
Når vi først er inne på tilbakevendande fuglar, så kan vi jo sjå litt på statistikken her. I åra f.o.m. 2010 t.o.m. 2016 har det på dette prosjektet blitt ringmerkt heile 74 grashoppesongarhannar. Av desse fuglane så har 10 hannar komt igjen frå eit år til eit anna. Dette gir då ein gjenfunnsprosent frå eit år til eit anna på 13,5% (10 av 74).

I stolpediagrammet under ser du ringmerkte fuglar per år (blått), og kor mange frå det året som blei observert året etter (oransje). Ser vi på 2010 så blei det ringmerkt 10 hannar. Av desse kom ikkje mindre enn 4 igjen året etter, altså heile 40%. Dette er den høgste gjenfunnsprosenten eg har hatt frå eit år til eit anna. Frå 2014 til 2015 kom 3 av 15 (20%) tilbake. Frå 2015 til 2016 kom 2 av 11 (18,2%) tilbake. Og frå 2016 til 2017 kom 1 av 4 (25%) tilbake. 



Men dette er jo fuglar som eg har lukkast å lokalisere. Det er jo nødvendigvis ikkje slik at dei kjem tilbake frå eit år til eit anna på den same lokaliteten. Grashoppesongar «34» er jo eit eksempel på ein fugl som kjem tilbake til den eksakt same lokaliteten også året etter, men alle er ikkje like stadbundne. Av dei 10 tilbakevendande fuglane er det 3 (30%) som har flytta seg fleire kilometer frå der dei holdt til året før. Kor mange slike fuglar det er som sit rundt omkring der ute, med "mine" ringar, skulle eg gjerne likt og visst. Eit av måla for neste år er prøve å sjekke eit enda større geografisk område for songarar, og då sjå om det finst fuglar som eg har merkt åra før som har funne seg nye hekkeplassar.

Her er eit oversiktskart som viser forflytningar frå eit år til eit anna. Ringmerkingslokaliteten er merkt med grønt, og lokaliteten den slo seg ned på året etter er merkt med raudt. Vi kan jo starte med den songaren med lengst forflytning. Dette var ein songar som blei ringmerkt på Hovden, Hareid 1. juli 2014. I 2015 var dette den første songaren eg lokaliserte. Den hadde då slått seg ned  på Sandshamn på Sandsøya. Den hadde då forflytta seg ganske nøyaktig 27,5 km frå der den holdt seg året før. Ser vi på fuglen som har forflytta seg nest lengst, så forflytta den seg frå sørtuppen av Voksa, der den hekka vellukka i 2014, til Remøya året etter, i 2015. Denne flytta seg då ca. 19 km. Og sist men ikkje minst så var det ein fugl som forflytta seg frå Voksa til Sandsøya. Denne fuglen blei ringmerkt i 2010, og var ein av fire som kom igjen året etter, i 2011. Den hadde då flytta seg 3,4 km. 



Denne fuglen vart ringmerkt på Hovden, Hareid i 2014, og i 2015 vart den funnen på Sandshamn, Sandsøya ca. 27,5 km mot vest/sørvest. 
Grashoppesongar 3K+ M, Sandshamn, Sandsøya 4. mai 2015. 

Songar «17» blei den første tilbakevendande fuglen med fargering. Den blei ringmerkt i Sivertvika på sørsida av Voksa 2. mai 2014. Året etter, i 2015, blei songaren funnen syngande på Remøy, Remøya natt til 26. mai, ca. 19 km mot nord/nordaust. 
Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Remøya 26. mai 2015. 

Av desse tilbakevendande fuglane så er det berre ein som har komt igjen til same, eller så og seie same lokalitet, tre år på rad. Ein av fuglane som blei ringmerkt i oppstartsåret for prosjektet i 2010, kom nemlig igjen både i 2011 og 2012. Den hadde altså ikkje minde enn tre hekkesesongar her på øyane. 
Grashoppesongar 4K+ M, Våge, Sandsøya 9. mai 2012.
Denne fuglen blei opprinnelig ringmerkt i Våge i mai 2010. Både i 2011
og 2012 kom den tilbake og oppholdt seg i det same området. 


Eit godt år
Så tilbake til fjorårets sesong. Etter at årets første hann blei lokalisert 1. mai, ankom det to nye hannar den påfølgjande natta. Etter dette ankom det enda ein ny hann natt til 5. mai. Og med ein slik start der eg allereie 5. mai hadde 4 grashoppesongarhannar, så låg alt til rette for eit kjempeår. Ikkje sidan knallsesongen 2011, der det var registret minst 32 hannar her på øyane, har eg hatt liknande tal så tidlig. I 2017 skulle dessverre ankomstmønsteret avvike ein god del frå normalen. Dei fleste åra ser det ut til av vi har ein ankomsttopp i medio mai, altså i perioden 11.-20. mai. I fjor derimot, så akom det ikkje ein einaste fugl i denne perioden. Skulle det likevel bli eit under middels år? Heldigvis så ankom det tre nye hannar i løpet av dei siste dagane av mai, noko som gjorde at totalen då kom opp i 7 hannar. Alle desse fuglane blei verande, og trulig danna fleire av dei par og fikk fram ungar. 

Her er ei oversikt over ankomstdatoar på grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa i åra f.o.m. 2011 t.o.m. 2017.


Den siste grashoppesongaren som kom til i 2017, her på øyane, var ein hann som satt og song i Sivertvika på Voksa natt til 25. juni. Denne kan nok ha vore nokre dagar på lokaliteten då eg ikkje hadde lytta der på ei lita stund. Det merkelige her var at etter at eg fanga inn og ringmerkte fuglen den påfølgjande morgonen, så såg eg ikkje snurten av den. Dette er langt frå normalt. Etter at eg fikk ringmerkingslisens i 2013 så starta eg å fange inn songarane med ein gong dei dukka opp, dei fleste rett etter ankomst. Av 31 hannar som eg har ringmerkt på Sandsøya og Voksa i åra 2013-2017 så har 29 (90,6%) av desse blitt verande i det same området også i dagane etter merking. Det er altså ikkje normalt at dei forduftar frå området etter å ha blitt innfanga. Men kanskje var denne på vandring, og når den då blei innfanga så blei det for mykje stress og den bestemte seg for å flytte seg vidare. Kven veit... 

Totalt enda det då med 8 grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa i 2017. Dette, sett vekk i frå åra 2010 og 2011, er eit godt år for arten. Her er ei oversikt over antal hannfuglar per år i åra 2010-2017. 


Og her finn du to oversiktskart som viser grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa i 2017. 



Unormale forflytningar
Det var ikkje berre ankomsttidene på fuglane i 2017 som var unormale. Forflytningane nokre av dei gjorde etter at dei hadde ankomt var også spesielle. Normalt, etter at ein fugl har slått seg ned på ein plass og danna teritorium, så held den seg der og flyttar ikkje mykje på seg. Dei kan flytte på seg visst dei ikkje får "napp" der dei sit og syng, men dei prøver seg i alle fall normalt minst to veker på ein lokalitet før dei flyttar seg vidare. I fjor var det derimot nokre av fuglane som flytta seg ekstremt mykje rundt. Hadde dei ikkje vore ringmerkte så hadde eg nok fort anslått totalen på grashoppesongarhannar til å vere ein plass mellom 15 og 20. Dette er noko ein må ta i betraktning når ein skal anslå antal ind. utan at fuglane er ringmerkte. I ein slik situasjon der det kanskje er mangel på hofuglar, og samtidig mange territorium står opne og det dermed er fritt for fuglane å forflytte seg rundt utan å møte på ein konkurrent, så kan ein fort anslå eit tal som er betydelig høgre enn det som er reelt.

Songar «36» (innteikna med gult på kartet under) gjorde noko som eg ikkje hadde opplevd tidligare. Den forflytta seg heile 740 meter frå der den opprinnelig sat og song, for så å ende opp tilbake på sin opprinnelige lokalitet. Eg har tidligare opplevd at dei forlyttar seg nokre hundre meter, men aldri at dei har endt opp tilbake der dei kom frå. (Songarane kan også bruke eit relativt stort område på dagtid, men dei har som regl eit ganske fast området der dei sit og syng) 


Grashoppesongar 2K+ M (36), Våge, Sandsøya 2. mai 2017

Ser du på kartet under (innteikna med grønt) så ser du at songar «40» også forflytta seg ein del. Etter at den flytta seg frå der den blei ringmerkt så enda den opp nede mot Sandsvågen der songar «36» holdt til. Der vart dei også sett i lag. To netter etter så hadde den derimot flytta seg lenger vest, og sat då på den same lokaliteten songar «36» hadde sete på berre to dagar i forvegen.

Grashoppesongar 2K+ M (40), Våge, Sandsøya 27. mai 2017

Også songar «34» (innteikna med raudt på kartet under) hadde seg eit par utflukter for så å ende opp tilbake på sin opprinnelige lokalitet, den same som han også brukte i 2016. Ein kan til tider seie at det ikkje var enkelt å holde styr på kven som var kor. Ein ting er i alle fall sikkert, utan ringar på beina hadde det blitt vill gjetting. Men med ringar på beina så får ein eit fantastisk innblikk i korleis dei forskjellie songarane brukar det tilgjengelige arealet, samt korleis dei forheld seg til kvarandre. 


Forflytningar gjort av grashoppesongarar i Våge på Sandsøya i 2017. 
Dei forskjellige punkta er plotta der fuglane satt og song.


Få songarar utanfor øyane
I tillegg til dei 8 grashoppesongarhannane som blei observert på Sandsøya og Voksa, så lokaliserte eg også eitt par utanfor øyane. Natt til 13. mai kom eg over ein syngande hann ved hamna på Koparstad på Nerlandsøya, og natt til 14. mai satt der og song ein på Hageselle i Gjerdsvika på Gurskøya. Utanom desse to var det ikkje mykje meir å oppdrive for min del i 2017. Ser vi på funn ellers i fylket, så vart det der rapportert 5-6 syngande hannar. 

Her er grashoppesongaren frå Koparstad og Gjerdsvika plotta på kartet. 

3 kommentarer:

  1. Interessant lesning dette, Ingar. Her i Nordhordland var det også et godt år, kanskje det beste siden 2011. La oss håpe på et nytt toppår i 2018!

    SvarSlett
  2. Takk, Ola.

    Ja, vi får håpe på eit toppår i 2018. Ingenting hadde vore betre!

    SvarSlett
  3. Hei,
    Jeg skriver for å informere deg om at vi tilbyr personlige lån med 2% rente. Vi kan gi deg lån slik at du kan gjennomføre prosjektene dine eller andre ting du vil gjøre. Kontakt oss direkte via e-post: sduplens@gmail.com
    Beste hilsener

    SvarSlett