Her er eit bilde som eg fikk tatt før snøbyga kom inn. På bildet sit fuglen i lag med ein normalfarga grønlandsmåse av underarten glaucoides. Underarten glaucoides hekkar på Grønland, og slike lyse fuglar overvintrar heilt regelmessig langs kysten vår.
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019 Med ein grønlandsmåse ua. glaucoides t.v. |
Etter å ha venta ei god stund på at måsen skulle flytte på seg, utan hell, så bestemte eg meg for å køyre rundt til sørsida av øya for så å ta båten rundt. Kanskje kunne det la seg gjere å få den på betre holdt då, og ikkje minst få dei viktige bilda av måsen i flukt. Etter ei 20-25 minutt var eg på plass. Dessverre var dette så seint på dagen at det no hadde blitt meir eller mindre mørkt. Likevel, alle bilder ville vere betre enn ingen. Då eg kom nord sat heldigvis måsen fortsatt på same plass som då eg forlot den. Og med båten kunne eg kome på kloss hold. For ein nydelig fugl!
Då eg endelig kom til Sandshamn viste måsen seg godt. Den tok etter kvart også til vingene, slik at eg fikk dei bilda eg var ute etter. Sjølv om bilda blei ein smule mørke, var det jo absolutt mykje betre enn ingenting. Bilda som blei tatt ser du under.
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019 |
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019 Her med ein 2K gråmåse t.h. |
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019 |
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019 |
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019 |
Ein Nord-Amerikansk (under)art
Fuglen på Sandshamn viste draktkarakterar som tilsa at det enten måtte vere snakk om ein grønlandsmåse av underarten kumlieni, eller ein eskimomåse. Dette er begge fuglar ein finn i Nord-Amerika.
Både eskimomåsar og «kumlieni» hekker hovudsaklig i arktisk Canada. Eskimomåsar i den vest-/nordvestlige delen (samt heilt NV på Grønland) og grønlandsmåse av underarten kumlieni i søraust. Ut i frå utsjånaden på denne måsen, så er det ingen tvil om at denne fuglen stammar frå nettopp dette området. Spørsmålet er berre om den kjem frå kumlieni- eller eskimomåse-land. I Nord-Amerika har dei nyleg slått saman eskimomåse og grønlandsmåse-underartane kumlieni og glaucoides, til ein art. Dei reknar altså eskimomåse (Larus glaucoides thayeri), grønlandsmåse ua. kumlieni (Larus glaucoides kumlieni) og nominatunderarten grønlandsmåse ua. glaucoides (Larus glaucoides glaucoides), som hekkar på Grønland, for å vere same art; altså grønlandsmåse. I Norge reknar vi enn så lenge dette for to unike artar, men i og med at NSKF følger taksonomiske anbefalingar gitt av AOU (American Ornithologists' Union) når det gjeld artar som har sin hovudutbredelse i Amerika, så må ein vel anta at eskimomåse om ikkje lenge blir å rekne som ein underart av grønlandsmåse også her i Norge. Uansett kva vi klassifiserar ein slik fugl som, art eller underart, så veit vi no kor slike fuglar med ein slik utsjånad stammar frå. I Norge er det frå før av kun eitt funn av eskimomåse. Dette funnet blei gjort i Bergen 3. januar 2000. Funn av underarten kumlieni er det betydelig fleire av, men ser ein bort frå invasjonsvinteren 2011-2012, der det blei sett ein betydelig andel av dei norske funna av denne underarten, så er også dette ei stor, stor sjeldenheit her til lands.
Her er eit bilde som viser eskimomåsen frå Bergen. Med ein slik utsjånad så er det ingen tvil om artstilhøyrigheita. Snakk om eit klassisk individ! (Foto: Alf Tore Mjøs)
Fortsatt på plass
Eg var ikkje heilt fornøgd med bilda eg fikk av den potensielle eskimomåsen på Sandshamn kvelden den 11. februar, så eg håpte virkelig av den fortsatt ville vere på plass dagen etter. Med tanke på å prøve å få den sikkert bestemt, så kunne det jo absolutt vere greit å ha bilder av måsen også i skikkelig dagslys. Etter å ha leita ei stund etter fuglen, flaug den plutselig forbi rett framfor kaia der eg stod parkert. Normalt er det jo veldig lett å plukke ut kvitvinga måsar i flukt, men denne var så mørk at den rett og slett ikkje stakk seg ut i det heile tatt. Ein måtte meir eller mindre plukke den ut på størrelse, kroppsform og proporsjonar (jizz). Måsen flaug att og fram langs moloen og kaia, så det var ingen problem å få dokumentert den godt.
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019 |
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019 |
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019 |
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019 |
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019 |
Nesten, men ikkje heilt god nok...
Etter å ha leita gjennom det eg kunne finne av bilder på internett og i bøker, var min konklusjon at om dette var ein grønlandsmåse av underarten kumlieni, så måtte det i så fall vere ein ekstrem fugl. Eg kunne ikkje finne eit einaste bilde av ein kumlieni som var så mørk. Tilbakemeldingar eg fikk på fuglen, frå både personar frå USA og her i Europa, var litt splitta. Det virka som om visst denne fuglen hadde blitt sett innanfor hovudutbredelsesområdet sitt, så hadde den nok blitt artsbestemt til eskimomåse; men at jizzet på fuglen og også mørkheit, eller mangel på mørkheit, på særleg handsvingfjører, ville gjere det svært vanskelig, om ikkje umulig, å skille den frå ein kumlieni så langt utanfor ubredelsesområdet sitt. Det viste seg også at ein liknande fugl med nesten identiske fjørteikningar, hadde blitt sett ved Aberdeen på austkysten av Skottland i januar 2016. Den vart først artsbestemt til eskimomåse, men blei i etterkant ombestemt til kumlieni. Saken er vel at ingen veit kor slike individ stammar frå, og at ein slik fugl med ein slik utsjånad nok burde stå ubestemt. Det kan vere snakk ein lys eskimomåse, som enkelte personar også meinte det var, men det kan også vere ein mørk kumlieni. Eit anna alternativ, som også strengt tatt kan vere mulig, er jo at det kan dreie seg om ei mellomform av desse to (under)artane, der dei to populasjonane møtest oppe i arktisk Canada. Vi veit jo uansett at det er derifrå dei kjem, så at det er ein Nord-Amerikansk fugl får vere godt nok i denne omgong. Kanskje kan ein ta opp igjen denne fuglen ein gong i framtida når ein har lært dette grønlandsmåse-komplekset betre å kjenne. Ein ting er i alle fall sikkert. Dette er den soleklart beste kandidaten til eskimomåse som er sett i Norge, sett vekk frå den godkjente fuglen i Bergen frå 2000.
Vi kan avslutte her med eit bilde av måsen sitjande, samt ei montasje der eg har samanlikna måsen med ein grønlandsmåse av den grønlandske underarten glaucoides.
Her ser ein tydelig teikningar og fargetonar på både rygg-, skulder- og armdekkarar, samt tertiærar og armsvingfjører. Desse teikningane og fargetonane er meir eller mindre "spot on" for eskimomåse. Når i tillegg kroppsfjørene og fjørene i hovud og hals er så mørke som dei er, er det ikkje rart at tankane raskt blir dratt mot eskimomåse. Dessverre så er det ingen kontrast mellom handsvingfjørene og resten av fuglen. På ein klassisk fugl burde handsvingfjørene vere mørkare, og då stå i kontrast mot resten av fuglen. Slik som dei gjorde på fuglen frå Bergen.
Her ser ein tydelig dei mørkare ytre handsvingfjørene som står i kontrast mot lysare indre, samt det mørke stjertbandet. Samanlikna med ein grønlandsk grønlandsmåse t.h., så er det stor forskjell. Både når det gjeld vinge og stjertteikningar, men også teikningar og fargetongar på det meste av dekkfjører. Som utfarga vil den ubestemte måsen frå Sandshamn ha mørke teikningar i dei ytre handsvingfjørene, mendan den lysare grønlandske fuglen vil mangle slike teikningar.
Be den om å stikke innom Hovindammen.
SvarSletthttp://hovindammen.blogspot.com/
Skal seie det til den visst eg ser den igjen :)
Slett