søndag 14. april 2019

Første funn utanfor Skandinavia

I 2014 starta eg opp svartstrupeprosjektet mitt på Sandsøya. Dette er først og fremst eit ringmerkingsprosjekt, der eit av måla har vore, og er, å lære meir om vandringane til fuglane, både lokalt, men også å finne ut kor dei fuglane som tilsynelatande forlet øyane blir av. For kor blir svartstruper som er klekt i Norge av? Vi veit jo at ein del overvintrar regionalt, men langt frå alle gjer det. Frå tidlegare har det kun vore eit gjenfunn av svartstrupe ringmerkt i Norge utanfor landets grenser. Ein juvenil hann som blei ringmerkt på Lista i august 2000, vart observert ei periode ved Halmstad på den svenske vestkysten i februar 2002. Seinare same vår var han tilbake som hekkefugl på Lista.

Totalt har eg ringmerkt 53 svartstrupeungar fordelt på 16 kull på Sandsøya sidan oppstarten av prosjektet. Dette i løpet av sesongane 2014 (10), 2015 (32) og 2018 (11). Av desse så veit eg at 3 reir med totalt 10 ungar blei predatert i 2015, og at 1 av 2 ungar i det siste kullet i 2018 gikk i veg i reirperioden. Totalt kan ein difor rekne med at 42 ungar flaug ut i løpet av desse åra. Av desse har det vore veldig få gjenfunn utanfor Sandsøya. Faktisk så hadde eg ikkje fått eit einaste gjenfunn fram til 2018-generasjonen begynte å vise vei i vellinga i fjor haust.

På ein liten Trøndelagsturnè...
I september i fjor dukka nemleg ei av svartstrupene, som eg ringmerkte som reirunge i Sandsvågen på Sandsøya, opp på Hitra sør i Trøndelag. «SNX», ei hoe i ungekull nr. to, blei klekt 18. juni. Då dei 5 ungane i kullet var 8-9 dagar gamle blei dei ringmerkte. Etter at ho flaug ut då ho var 16-17 dagar gammal, holdt ho seg i territoriet til foreldra, der hannen stod for matinga og ungepasset, medan hofuglen allereie forbreidde seg til neste kull. Siste gong ho med sikkerheit blei sett på fødeplassen i Sandsvågen var 24 juli.

Den 15. september vart ho så sett på Strand, Hitra, heilt sør i Trøndelag. Der haldt ho seg i tre dagar, fram t.o.m. den 17. september. Etter dette vart ho igjen sett, då på Storfosna den 14. og 15. oktober. Dette var rett over fjorden ca. 18 km lenger nordvest (sjå kart under).

Her er eit kart som viser forflytningane «SNX» gjorde. Avstanden frå fødeplassen i Sandsvågen til Strand, Hitra er på ca. 236km, og til Godset, Storfosna ca. 254 km. 


Som dykk kan sjå på bilda frå Hitra frå den 15. og 16. september, så har ikkje «SNX» fullført den postjuvenile mytinga enda. Hovudet og øvre rygg består fortsatt meir eller mindre av juvenilfjører. Ho var då desse bilda blei tatt ca. 90 dagar gammal.
Svartstrupe 1K (juvenil/1. vinter), Strand, Hitra, Trøndelag 15. september 2018
Foto: Arvid Bredesen

Svartstrupe 1K (juvenil/1. vinter), Strand, Hitra, Trøndelag 15. september 2018

Svartstrupe 1K F (juvenil/1. vinter), Strand, Hitra, Trøndelag 15. september 2018

Då ho blei sett på Storfosna ca. ein månad etter (bildet under), var alt av juvenile kroppsfjører borte, og ho såg no ut som ein ferdig utfarga hofugl. Det kan sjå ut som ho har inkludert alle dei tre tertiærane i den postjuvenile mytinga. Desse står i kontrast mot meir bleikte og slitte arm- og handsvingfjører. Slike fuglar er veldig greie å aldersbestemme, sjølv på avstand i felt.
Svartstrupe 1K F (1.vinter), Godset, Storfosna 15. oktober 2018


Første funn utanfor Skandinavia! 
Med det beste gjenfunnet var fortsatt i vente. Den 11. november fikk eg ein telefon frå Kjell Mork Soot, leiaren i Summøre Ringmerkingsgruppe. Han kunne meddele at ei av mine svartstruper hadde blitt observert og avlest i Tyskland. Hannfuglen «SNU» hadde nemlig blitt sett og avfotografert ved utløpet av elva Elben i Nord-Tyskland. Dette utgjorde det første funnet av ei norskmerkt svartstrupe utanfor Skandinavia!

Her er eit oversiktskart der både funn- og ringmerkingsstad er plotta på kartet. Avstanden mellom fødeplass og gjenfunnsstad er på 958 km. 


«SNU» vart ringmerkt i det første av totalt 3 kull som svartstrupeparet eg følge i Sandsvågen på Sandsøya i 2018 fikk fram. Faktisk så blei han og dei tre søskna ringmerkt på sjølvaste nasjonaldagen, den 17. mai.

Her er eit bilde av foreldra til både «SNX» og «SNU». Hoa er ein ung fugl (2K) og hannen ein vaksen fugl (3K+). 
Svartstrupe 2K F, Sandsvågen, Sandsøya 24. mai 2018

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 24. mai 2018


Og her er eit bilde av «SNU» tatt under ringmerking. Han var her ca. 9 dagar gammal. 
Svartstrupe pullus, Sandsvågen, Sandsøya 17. mai 2018

Førstekullet, som «SNU» var ein del av, blei klekt 8. mai. Då dei var ca. 16 dagar gamle, den 24. mai, flaug dei ut. Etter utflyging haldt dei seg i territoreit til foreldra, der hannen stod for ungepasset og matinga. «SNU» vart avlest i felt i Sandsvågen fire gongar etter utflyging. Siste gong han med sikkerheit blei blei observert var den 16. juni.

Under kan du sjå eit bilde av «SNU» i full juvenil drakt, tatt den 12. juli. Sjølv på dette stadiet kan han veldig greit kjønnsbestemmst til ein hann. Det enklate ein kan sjå det på er dei indre store armdekkfjørene med mykje kvitt i seg. Ein kan også sjå det på det mørke ansiktet, eller "augemaska" om du vil. Ingen av desse draktkarakterane finn ein hos juvenile hofuglar.
Svartstrupe «SNU»  1K (juvenil) M, Sandsvågen, Sandsøya 12. juli 2018

Då han dukka opp i Tyskland i midten av november hadde han forlengst avslutta den postjuvenile mytinga. Med det meiner eg skiftet av fjør som gjer at dei går frå si første fjørdrakt. juvenil-drakta, til å få si første adult-type drakt. 

Her er nokre bilde av «SNU» frå 18. november. Legg spesielt merke til slitasjen på arm og handsvingfjører, samt store handdekkfjører; der er meir eller mindre alt av bremmar slitt bort. Ser ein så på dei to indre tertiærane, som her er mytt og er av ein betre kvalitet, ein annan fargetone og med komplette bremmar, så står dei i stor kontrast mot meir slitte og bleikte ytste tertiærar og svingfjører. Har fuglane inkludert tertiærar i den postjuvenile mytinga, slik som denne, så er det den enklaste karakteren å aldersbestemme dei på i felt. Denne draktkarakteren er nemlig godt synlig sjølv på ganske lang hold.  
Svartstrupe 1K (1.vinter) M , Elbe Estuary, Landkreis Stade, Niedersachsen, Tyskland 11. nov. 2018

Svartstrupe 1K (1.vinter) M , Elbe Estuary, Landkreis Stade, Niedersachsen, Tyskland 11. nov. 2018

«SNU» vart sett og avlest 4 gongar i Elben-området i november, fordelt i tidsrommet 11. t.o.m. den 29.. Etter dette var det stilt før han igjen blei sett på same stad den 19. februar. Det viste seg altså at han hadde tilbrakt heile vinteren i Nord-Tyskland. Under kan du sjå eitt par bilde tatt 19. februar. 

Her ser ein enda tydligare kontrasten mellom 2. generasjons tertiærar, som blei inkluderte i den postjuvenile mytinga, og slitte/bleikte juvenile arm- og handsvingfjører. 
Svartstrupe 2K (1.vinter) M, Elbe Estuary, Landkreis Stade, Niedersachsen, Tyskland 19. feb. 2019
Foto: Gerd-Michael Heinze.

Svartstrupe 2K (1.vinter) M, Elbe Estuary, Landkreis Stade, Niedersachsen, Tyskland 19. feb. 2019
Foto: Gerd-Michael Heinze.


Tilbake til Norge?
Forhåpentligvis så kan «SNU» kome tilbake til Norge og slå seg ned som ein hekkefugl her. Det har blitt rapportert veldig mange svartstruper langs Norskekysten, heilt sidan midten av februar. Dessverre så har ikkje han vore ein av fuglane som har blitt sett. Eg håper likevel at han dukkar opp. Tenkt om han kunne returnere til Sandsøya og faktisk forstre opp sine eigne ungar. Det hadde vore noko...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar