søndag 12. januar 2020

2019 - året som gikk

Då har vi så smått starta på eit nytt år, og då er det vel på tide å gå gjennom og oppsummere litt av kva som skjedde i året som gikk. Eit år der det gikk med mykje tid til vidareføring av dei prosjekta eg har jobba med tidligare. Det blei jobba spesielt med stormåsar (fellesbetegnelse på gråmåse, svartbak, sildemåse osv.), havsvaler, grashoppesongarar og svartstruper. I tillegg så hadde eg også 10-årsjubileum som feltarbeidar på Runde. Der sjøfuglartane på øya blir overvåka.

Nye artar for øyane
Dei siste åra har det ikkje vorte like mykje trakking i felt etter sjeldenheiter, men er ein ute og har auger og øyrer opne, så kan ein no kome over både det eine og det andre. Når det gjaldt nye artar for Sandsøya og Voksa i 2019, så vart det observert både knekkand (2. funn for øyane) og turteldue (1. funn for øyane). Og med desse to nye artane så har eg då personleg sett 226 fugleartar på Sandsøya og Voksa. Under kan du sjå både video og bilde av desse to nydelige fuglane.

Knekkand
Knekkanda, ein hann, vart sett i fjøra nordaust på Voksa 22. april, der den låg og næringssøkte i tangen. Eg hadde lenge venta på at denne anas-anda skulle dukke opp på øyane, så det var kjekt å endelig få stifte bekjentskap med denne arten.

Knekkanda har i hovudsak ein aust/søraustleg utbredelse i forhold til Norge, men ein finn dei også flekkvis i vest-Europa. I Norge er det ein sjeldan hekkefugl, men den har blitt påvist hekkande fleire stadar i landet. I Møre og Romsdal har den blant anna blitt påvist hekkande i Myklebustvatnet i Herøy kommune. Pga. sine strenge krav til hekkehabitat, der dei skal ha frodige og næringsrike tjern/vatn med rik kantvegetasjon, så er det ikkje mange stadane i Norge som er aktuelle som hekkeplassar. 





Turteldue
Og den andre nye arten, turteldua. Den dukka opp på Sandshamn, Sandsøya 25. september. Ei lokal dame hadde sett fuglen, og heldigvis så fekk eg vite om dette og kunne få sett denne nydelige dua med eigne auger. Denne årsungen (1K) må nok ha komt frå eit tidleg-kull, i og med at han hadde komt så langt i den postjuvenile mytinga.

Turteldua er ein relativt sjeldan fugl i Norge. Den hekkar ikkje her, men opp til fleire titals individ kan bli sett her dei beste åra. Funntoppane finn ein i mai og september/oktober. Dette er nok då hovudsakleg fuglar som kjem på avveie når dei kjem trekkande nordover frå Afrika, der dei overvintrar sør for Sahara, på våren, eller på sørtrekket om hausten. For å finne dei hekkande nærmast oss så må vi sør-/søraustover til det kontinentale Europa, samt over til dei Britiske øyane. 
Turteldue 1K, Sandshamn, Sandsøya 25. september 2019

Turteldue 1K, Sandshamn, Sandsøya 25. september 2019

Turteldue 1K, Sandshamn, Sandsøya 25. september 2019


Prosjektartar
Dei siste åra har hovudfokuset mitt vore på å jobbe med artar og artsgrupper. Eg har personlege kartlegging- og overvakingsprosjekt på både grashoppesongar, svartstrupe og havsvale. I tillegg til det så brukar eg veldig mykje tid på måsar, særlieg i vinterhalvåret, og på vår sommar jobbar eg med overvaking av sjøfuglartane på Runde.

Grashoppsongar
2019-sesongen vart den 10. sesongen med data på grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa. Totalt har eg i løpet av desse åra lært ekstremt mykje om denne, for det meste svært kryptiske, arten. Og 2019 var ikkje noko unntak. Då fikk eg blant anna sett på korleis grashoppesongarane taklar snøfall like etter ankomst. For i fjor ankom det nemleg fleire fuglar i slutten av april, like før det blei eit vêromslag, der det gikk frå over 20 grader celcius til kulde og snø.

Totalt kom eg over minimum 11 grashoppesongarhannar på ytste søre-Sunnmøre i 2019. 8 av desse vart lokalisert på Sandsøya/Voksa, medan dei 3 resterande vart lokalisert i ytre Herøy kommune.
Grashoppesongar 2K+ M, Våge, Sandsøya 30. april 2019

Grashoppesongar 2K+ M, Støyle, Sandsøya 27. mai 2019

Svartstrupe
I 2019 hekka det to par med svartstruper i Sandsvågen på Sandsøya. Totalt fekk dei fram 4-5 ungekull seg i mellom. Dessverre så fekk eg ikkje følgt opp desse like tett som tidlegare år, men eg fikk likevel ringmerkt to av desse kulla, eitt på 5 ungar, og eitt på 4. Det vart også innfanga og ringmerkt ei 2K hoe på våren.
Svartstrupe 2K F, Sandsvågen, Sandsøya 13. mars 2019

Svartstrupe pullus, Sandsvågen, Sandsøya 13. mai 2019

Havsvale
I 2018 starta eg opp havsvaleprosjektet mitt på Svinøya i Herøy kommune. Der har eg hatt utplassert fleire viltkamera og ei lytteboks, samt fanga inn fugl og ringmerkt dei på tradisjonelt vis med bruk av mistnett. I tillegg til dette har det også blitt ringmerkt ungar. Spørsmålet eg først og fremst ville svare på, var kor tid fuglane ankom koloniane på våren, men også alt rundt hekkebiologien får ein no innsyn i. Det er fortsatt veldig mykje å lære om desse små stormfuglane.

I 2019 fikk eg for andre året på rad data på ankomsten til havsvalene. Som i 2018 var dei første fuglane innom natt til 19. mai. I 2018 fikk eg videoopptak av ei havsvale som var innom reiret sitt natt til 19. mai, og i 2019 var eg der same natt og fangsta med mistnett. Det resulterte i to ringmerkte svaler. Dei tidligaste ringmerkte på våren i Norge nokon gong. Vi kan difor trygt seie at dei første havsvalene her på Nordvestlandet ankjem koloniane medio mai. Så gjenstår det å sjå om ein greier å påvise aktivitet i koloniane endå tidligare...

Dessverre så gjorde tekniske problem og sjukdom sitt til at eg ikkje fikk samla inn like mykje data som i 2018. Eg får heller kome sterkare tilbake i 2020!

I 2019 fikk eg det første "utslaget" på vilkamera natt til 20. mai. Her kjem svala inn for første gong etter å ha vore på havet i ca. 6 månadar. 


Her blir ungen mata av hannen. 



Her blir ungen satt på plass av ein av voksnefuglane til paret som hekkar like ved. 




Stormåsar
Som dei fleste kanskje har fått med seg, så er eg over middels interessert i måsar. Eg har sidan 2007, altså i 13 sesongar, følgt med på måsane her på ytre søre-Sunnmøre. Både i form av leiting etter sjeldenheiter, ringmerking av både vaksne fuglar og ungar, ringavlesingar osv.

Av sjeldenheiter vart det i 2019 sett ein eskimomåse-kandidat og ein kaspimåse, som eg allereie har skrive om her på bloggen. I tillegg til dei vart det sett eit x-antall kvite måsar, både polar- og grønlandsmåsar. Av desse så fekk eg fanga inn og ringmerkt to polarmåsar, ein i medio januar og ein i ultimo desember. Dette vil forhåpentligvis kunne vere med på å gi meir kunnskap om arten. 

Her er den 2K polarmåsen som blei innfanga og ringmerkt ved Larsnes 18. januar. Den vart etter merking sett 16 gongar på Sandshamn, Sandsøya. Og siste observasjon vart gjort 7. mars. 
Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Larsnes  18. januar 2019

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Larsnes  18. januar 2019

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Larsnes  18. januar 2019

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Larsnes  18. januar 2019

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 14. februar 2019


Sjøfuglovervaking Runde
Eg hadde min første sesong med feltarbeid på Runde i 2009, og hadde difor 10-årsjubileum i 2019. På desse 10 åra, eller 11 feltsesongane, har eg dessverre sett fleire negative endringar i fuglefjellet. Krykkja er meir eller mindre borte, skarveura er tom for toppskarv, og lundebestaden har gått betydelig ned osv. Men alt er ikkje berre negativt. For artane havsule og storjo gjer det godt, og har sunne vitale bestandar. Havsulekolonien, som er Norges største, teller i dag kanskje opp mot 5000 par, og er stadig aukande. Ungeproduksjonen er også svært god. Og når det gjeld storjoane så teller kolonien i dag ca. 105 par, og er norges største fastlandskoloni av arten. Dei produserer også godt med ungar, meir enn nok til å vege opp for den naturlege vaksendødligheita. 

Runde sett frå sørvest. 

Hekkesesongen 2019
Når det gjaldt hekkesesongen 2019 så var den god for fleire artar, då store mengder med sil kom inn i mai/juni og vart verande ut gjennom sommaren. Dette gjorde sitt til at det å finne mat til både seg sjølve og eventuelle ungar, ikkje var noko problem. Men igjen det er ikkje berre lokale næringsforhold rundt klekketidspunktet som spelar inn. Ingen av sjøfuglartane som hekkar på Runde er der heile året. Dei vandrar til forskjellige stadar, både kystnært og pelagisk, i både Atlanterhavet og opp i Nordishavet. Ja, fleire er innom begge hava i tida frå dei forlet kolonien på hausten til dei kjem tilbake på våren. Korleis næringstilgongen er der kan vere minst like avgjerande for korleis hekkesesongen går, som lokale næringsforhold etter dei har ankomt fjellet. 

Lundane, toppskarvane og havsulene gjorde det godt på Runde i 2019. Og krykkjekolonien vi overvakar i Ålesund gjorde det også godt. Dei gjenverande 350-500 krykkjepara på Runde gjorde det derimot nok ein gong svært dårleg, tross ei overflod av mat gjennom sommaren. Vidare så hadde storjoane eit middels år, med ein ikkje alt for god ungeproduksjon. Men dei hadde ein veldig god ungeproduksjon i 2018, så eit halvdårlig år er ingen katastrofe. Når det gjaldt alke og lomvi så virka dei å ha ein dårlig hekkesesong. Der var nok kondisjonen dårlig etter vinteren, og sjølv ein god næringssituasjon frå mai og utover hjalp då ikkje. For ei overflod av mat då har no ingen tilbakevirkande effekt, dessverre. 

Vi får berre håpe at det eksplosjonsarta innsiget av sil langs kysten i 2019, som ikkje er sett på mange, mange tiår, kan virke positivt for heile det marine økosystemet i åra som kjem. I så fall så kan ein jo vere forsiktig optimist med tanke på situasjonen til sjøfuglane våre... 

Under ser du ein vaksen lunde med ein nebbfull sil, samt ein av ungane som såg dagens lys der i 2019. 
(Dessverre så har vi pr. dags dato eit minkproblem på Runde. Og dei største tapa finn ein hos lundane. Det blei drept totalt fem minkar i feller i lundeura i tidsommet mai t.o.m. oktober, men dette var nok langt frå alle. Forhåpentligvis kjem det enda fleire minkfeller ut i fjellet i 2020. For minken har ingenting i fjellet å gjere. For allereie sterkt pressa sjøfuglbestandar, så er det siste dei treng minken som predaterer i stort omfang)

Lunde 4K+, Runde juni 2019

Lunde pullus, Runde juni 2019

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar