lørdag 29. januar 2011

Havørn

I dag vart det første dagen på over ei veke at eg tok turen ut for å sjå på fuglar. Eg har nemleg vore sjuk heile denne veka.

Sidan vi no er inne i den tida det er størst antall måsar på Sandshamna, så vart det selfølgelig satsa på måsane. Og antallet var stort, men desverre var ikkje forholda dei beste. Når det er bra med vind som i dag held dei seg ofte på vingene, og måsar høgt oppe i lufta er ikkje særleg enkle å bestemme. Å plukke ut "kvitmåsar" er ikkje vanskeleg, men så er det vel ikkje akkurat kvitmåsane som er det store målet heller.

Når det ikkje vart noko resultat på måseskådinga så var eg så heldig at eg fann nokre fotogene havørner å knipse nokre bilder av. Under kan du sjå resultatet.

Havørn 2K (fjorårsunge)
havørn 6K+ (adult)

havørn 6K+ (adult)
havørn 6K+ (adult)


Gjennfunn av fargemerka gråmåse
For litt over ei veke sidan gjorde eg gjennfunn av den 6K gamle fargemerka gråmåsen som eg fann på Sandshamna 7.januar i år. Den hadde då ikkje vorte sett på 2 veker.

gråmåse 6K (fuglen midt i bildet) Den er merka med J1XP.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar