onsdag 12. januar 2011

Stillits og polarmåse, Sandshamna 12.01.11

I dag var målet å få sett nøye over måsane på hamna. Men det er aldri sikkert att det er store antall med måsar. I dag var det heldigvis ein del. Og etter eit par timar med full konsentrasjon på måsar var resultatet slik som det har vore den siste veka. Nemleg ein polarmåse. I går var der riktig nok 2 ind., men i dag var det berre den eine som fortsatt var på plass!


Stillits

Men det vart ikkje berre måsar på "menyen" i dag. Eg satt nemleg å såg på måsar når årets første stillits kom flygande og landa like ved bilen. Dette var berre det 2. funnet på Sandsøya. Riktig nok så er det ein del funn på Marøya og Voksa, og totalen på øyane er minumum 5 funn.

Her er nokre bilder av polarmåsen frå i dag!
Polarmåse 2K
Polarmåse 2K
Polarmåse 2K
Polarmåse 2K

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar