mandag 31. januar 2011

Sandsøya/Voksa 30-31.01.11

Dei to siste dagane har ikkje akkurat veir og vindforhold vore dei beste, men sjølv på sånne dagar kan ein ikkje sete inne å sjå i veggen. Nei, det er best å kome seg ut å sjå etter sjeldenheiter!

I går såg eg ganske godt over både Voksa og Sandsøya sidan det ikkje var så mykje måsar å sjå på Sandshamna. Det resulterte i årets 3-4. polarmåse. Denne gongen ikkje på Sandshamna, men på Voksa. På Sandshamna var det ikkje så veldig mykje å sjå. Men der var en måse som eg var ganske sikker på var ein grønlandsmåse når eg såg den på langt hold. Denne viste seg å vere ein leucistisk gråmåse truleg i sin 2.vinter (3K).

Her er nokre andre "obsar" frå i går (30.januar):
dvergdykkar 1
bergand 1 (forts.)
toppand 1 (forts.)
brunnakke 15
krikkand 10
sangsvane 49-51 (11 2k)
grågås 5


leucistisk gråmåse truleg 3K (2.vinter)
polarmåse 4K (3.vinter)
Visst du leitar godt så finn du den til slutt....

På plass igjen..
I dag (31.januar) vart det nok ein gong satsa hardt på å finne ein sjelden måse, men det fortsetter slik det har vore so langt denne vinteren, nemleg med få gobitar. Eg har ikkje har ein einaste grønlandsmåse. Heldigvis har det vore nokre få polarmåsar å sjå. Men dagen i dag var no ikkje heilt utan resultat på måsefronten. Den fargemerka gråmåsen (merka med J1XP) som har vist seg eit par gongar i januar var på plass igjen i dag.

gråmåse J1XP 6K (5.vinter)
Merka i Mandal som reirunge i juni 2006

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar