torsdag 5. mai 2011

Fargemerking av grashoppesongarar, 04.05.11

I går gikk eg og Kjell Mork Soot systematisk over grashoppesongarane og ringmerka og fargemerka dei. Av dei 9 songarane som var på plass fikk 7 metall- og fargering. Ein av hannane (Nr.3) på Voksa og ei hoe (Nr.10) også på Voksa var ikkje so samarbeidsvillige. Det vil seie at vi ikkje fikk fanga dei.

Vi fargemerkar grashoppesongarane for at det skal verte lettare å følge med på korleis fuglane flyttar på seg. Samt å få eit korrekt antall individ. Det er nemelg lettare å skille songarane frå kvarandre når det er ulike fargeringar på kvar enkelt fugl. Ellers so er det også lettare å lese av ein fargering enn ein metallring. Det gjer slik at når ein kontrollerar songarane går det kjappare å lese av ringen og forstyrrelsane blir mindre! Og sist men ikkje minst å få gjenfunn av songarane vist dei kjem attende frå syden (Tropisk Afrika).

Her er oversiktskart over songarane. Eg har nummerert songarane på karta ut i frå rekkefølga dei vart funnen i. (Songar nr.2 var berre kort innom. Det vil seie at den blei høyrd sy. ein morgon, for so å trekke vidare.)

Sandsøya                                                                                                    Voksa















Under er det bilder av songarane. (Alle desse songarane er hannfuglar)
Nr.1: Denne songaren er med 99% sannsynligheit den same som var på
Støyle (23-29.april), og som no har forflytta seg til Våge. (sjå kart)
Denne fikk metallringnr. EC76130 og fargeringnr. XAK.
Nr.5: Denne songaren har vore på plass i Våge på Sandsøya sidan 2.mai.
Den fikk metallringnr. EC76131 og fargeringnr. XAL
Nr.6: Denne songaren har vore på plass på Voksa sidan 3.mai.
Den fikk metallringnr. EC76126 og fargeringnr.XAA.
Nr.7: Denne fuglen var den som vart merka 10.aug i 2010 og vart
gjenfunnen på Voksa 3.mai 2011. Den har metallringnr. 9E40660,
og den fikk fargeringnr. XAC.
Nr.8: Denne songaren vart funnen syngande natt til 4.mai i Våge på
Sandsøya. Denne fikk metallringnr. EC76128 og fargeringnr. XAH.
Nr.9: Denne songaren vart oppdaga på Voksa 4.mai. Den har og ei hoe i lag
med seg! Denne fikk metallringnr. EC76127 og fargeringnr. XAE.
Nr.11: Denne songaren var ikkje sett før den hang i nettet i dag (4.mai).
 Den har fått metallringnr. EC76129 og fargeringnr. XAJ.

Andre observasjonar...
Eg tek også med nokre andre observasjonar frå øyane i går!
islom 1 2K (S-sida av Sandsøya)
heilo ca.30 (Voksa)
vipe 1 høyrd (Voksa)
skogsnipe 1 (uvanleg om våren) (Sandsøya)
småspove 1 (Voksa)
åkerrikse 1 M sy. (fortsatt på plass i Våge/Sandsøya)
alke 13+ (S-sida av Sandsøya)
sandsvale 1 (Voksevegen)
sanglerke 1 M sy. (Voksa)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar