tirsdag 3. mai 2011

Kontroll av ringmerka grashoppesongar, Voksa 03.05.11

Etter å ha funne 2 nye grashoppesongarar tidligare denne dagen (3.mai) so vart det også sjekka opp på sør-sida av Voksa. Dette er ein svært god lokalitet. Det var nemleg på denne plassen det blei dokumentert det første hekkefunnet av grashoppesongar i Møre og Romsdal i fjor. I dag var det ein grashoppesongar på plass, og ikkje nok med det. Den hadde metallring! Dette vart då den 7. grashoppesongaren så langt i år.

Etter å ha brukt ei stund på songaren fikk eg avlest ringen. Og på ringen stod det 9E40660. Dette var den siste fuglen som vart merka på øyane i 2010. Då den vart merka på Voksa 10.august . Den vart først oppdaga 6.august og vart sist sett 17.august. Og no er den på plass igjen, berre ca.70 meter i frå der den vart merka.

Desse små songarane trekker til den tropiske delen av Afrika. Dermed har denne tilbakelagt nokre kilometer sidan i august i fjor...

Her er bilder av songaren frå 2010.
Her er eit bilde som viser songaren
når den vart oppdaga på Voksa 6.aug 2010.
Her får den metallring.

I dag
Her er nokre bilder frå i dag. Og det viser same fuglen som på bilda over. Ca. 8 og ein halv månad etter at den sist vart sett.

Her ser du dei to sidene av ringen. Der står 9E40660
Grashoppesongar M, Voksa
Grashoppesongar M, Voksa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar