I dag var det endelig eit brukbart veir... Og sidan det faktisk ikkje var vind vart det brukt ein del tid til å sjå i skogkanten på sørsida av Voksa etter alt og ingenting. Og gjett om det gav resultat! Sandsøya og Voksa si første SIBIRPIPLERKE vart nemleg funnen der. (Dette vart min art nr.205 på øyane!) Dette er ein svært uvanleg art å sjå i Norge, med ikkje mange funna i året. Den hekkar nærmast oss i Sibir.
Her er nokre "dokubilder" av den nydelige piplerka.
Sibirpiplerke, Voksa |
Sibirpiplerke, Voksa |
Gulbrynsongar X2..
Utanom sibirpiplerka vart det også funnen nokre andre små raritetar. Det vart nemleg høyrd og sett minst 2 gulbrynsongarar på sørsida av Voksa.
Her er eit par bilder av ein av songarane.
Gulbrynsongar, Voksa |
Gulbrynsongar, Voksa |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar