onsdag 30. november 2011

Polarmåsar og myrhauk, Sandsøya/Voksa 30.11.11

Etter å ha vore bortreist i nokre dagar vart det i dag endeleg ein tur ut for om ikkje anna å sjå over måsane på Sandshamna på Sandsøya.... Det resulterte i vinterens første kvitmåsar. For på hamna rasta det 2-3 1K polarmåsar! Dermed er det ein mykje betre start enn den dårlige kvitmåse vinteren 2010-2011. Etter at eg var ferdig med måseskådinga så skulle eg ut ut å reise. Dermed kjøyrde eg bort på Voksa for å ta ferja. Då kom det flygande ein 1K myrhauk rett forbi bilen. Dette vart då den 5 myrhauken i år på øyane.

Her er eit bilde av ein av polarmåsane.
Polarmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar