tirsdag 10. april 2012

Runde 09.04.12 m.m.

I går vart årets første feltarbeidsdag unnagjort på Runde. Det som skulle gjerast var å ta bilder av fargemerka lundefuglar for så å lese av ringane. Og eg må no seie meg fornøgd... Tusenvis på tusenvis låg på sjøen ved fuglefjellet, og flesteparten av desse kom opp og sverma for så å sette seg inn i fjellsida. Totalt fikk eg lest av 60 forskjellige fargemerka lundar. I alt er det fargemerka 177 ind. så eg har noko å strekke meg etter. To av lundane som var avleste i går vart sett for første gong etter merking. Begge desse vart merka i 2009.

Her er nokre bilder av lundane frå i går.
Lunde, Runde
Lunde, Runde
Lunde, Runde

Andre obsar...
Av andre observasjonar som vart gjort på Runde i går var 1 svartryggerle (F), og 1+ lappspurv (M).
Eg kan også nemne at årets første storjoar var innom fjellet....


Her er nokre bilder av ein 2K+ lappspurvhann som viste seg å vere svært så fotogen!
Lappspurv M, Runde

Lappspurv M, Runde

Lappspurv M, Runde


Siste (fugle)nytt frå Sandsøya og Voksa. (2-10.april)
No har årets første linerler, steinskvettar, sivspurvar osv. komt attende. Sjå observasjonane under...

2.april:
dvergdykkar 3 (Voksevegen)
grønlandsmåse 2 (2K og 5K+) (Sandshamna/Sandsøya)
kaie 1 (Sandshamn/Sandsøya)

3.april:
kaie 1 (Bringsvor/Sandsøya)
ub. grønn-/gråspett 1 (Skarshaugen/Sandsøya)

6.april:
sangsvane 2 3K+ (Ei med engelsk ring) (Voren/Sandsøya)
kortnebbgås 1 (Voksa)
tundragås ua. flavirostris 3 ad. (Voksa)
grønlandsmåse 1 2K (Sandshana/Sandsøya)
grønlandsmåse 1 3K (Voksevegen)

7.april:
grønlandsmåse 1 2K (Sandshamna/Sandsøya)

10.april:
dvergdykkar 1 (Voksevegen)
islom 2 (2K og 3K+) (Sørsida av Sandsøya)
kortnebbgås 1 forts. (Voksa)
tundragås ua. flavirostris 3 ad. forts (Voksa)
kvartbekkasin 1 (Voksa)
sanglerke 1 (Voksa)
linerle 1 (Sandsøya)
sivspurv 1 M (Voksa)
steinskvett 1 M (Marøya/Voksevegen) + 1 F (Støyle/Sandsøya)



Her er eit bilde av ei av dei grønlandske tundragjessene (ua. falvirostris), samt ett av kortnebbgåsa som har holdt til på Voksa i nokre dagar.
Tundragås ua. flavirostris 3K+, Voksa
(1 av 3 ind.)
Kortnebbgås, Voksa

2 kommentarer:

  1. Oi, har de kommet!!!
    Så fint at jeg fant din blogg.
    Skal på Runde i år også så her kan jeg følge med videre...

    SvarSlett
  2. Ja det er berre å følge med!;) Eg Skal på Runde igjen om nokre få dagar...

    Mvh Ingar

    SvarSlett