lørdag 20. oktober 2012

Havsvale

I dag vart turen lagt til Svinøya i Herøy kommune for å merke havsvaleungar. Det har faktisk ikkje vore ringmerka havsvaleungar der sidan 2010, då det i fjor rett og slett ikkje var veir til å kome seg i land på øya. I 2010 vart det ringmerka 12 ungar, medan det i år er eit mykje dårligare år, med 2 merka ungar.

Her er ein link til Svinøyturen i september 2010: http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2010/09/svinya-280910.html

Havsvaleungane har ei meget lang reirtid. Frå hoa legg egget og til ungen flyg ut går det opptil 4 månadar. Begge dagens ungar var av det små slaget, noko som vil seie at dei har ei god stund igjen før dei tek vingene fatt. Under kan du sjå eit par bilder av ein av dagens to ringmerka ungar.

Havsvale pullus

Havsvale pullus

Her kan du sjå den nydelige utsikta frå Svinøya inn mot Sandsøya og Gurskøya. Så sjølv om det ikkje var all verden verken å sjå eller ringmerke så er det alltid magisk å kome i land på denne veirharde øya.

2 kommentarer:

  1. 4 måneder ja, det betyr egglegging 20 juni. Når kommer de montro, i mai som på de Britiske øyene? Dere burde nesten ut og se om de går i nett alt i midten av mai :-)

    SvarSlett
  2. Ja dei første legge nok egg allereie rundt den 20.juni, men det kan no sjå ut som om flesteparten er ein god del seinare enn det. I å virkar dei å vere meget seine... Riktignok så var det to plassar som det såg ut til at ungen var utflygd, noko som samsvarar meget bra med 20.juni! Ja kanskje hadde det vore ein ide å sjekke ut kor tid dei er på plass? Det hadde no vore meget interessant å funne fasiten på akkurat det...

    SvarSlett