tirsdag 9. oktober 2012

Tartarpiplerke m.m. Sandsøya/Voksa 09.10.12

I dag vart det tatt ein skikkeleg sveip over Voksa. Etter at Voksa var nøye gjennomsøkt for sjeldenheiter vart måsane på Sandshamna på Sandsøya nøye sjekka. Det resulterte i årets første tartarpiplerke for øyane. Den vart då sett rastande på Voksa. Men utanom den var det ikkje noko å rope hurra for. Det var desverre som det har vore den siste tida ganske så daudt med lite fugl å sjå. Men litt var det no likevel å oppdrive...

Her er det andre som var verdt å legge merke til på Voksa i dag:
spurvehauk 1 2K+ M
kvitkinngås 1 1K
kvartbekkasin 1
gråspett 1 F
sivspurv 1

Her kan du sjå nokre bilder av dagens "storpiplerke" på Voksa. For min del blir det nemleg ikkje skikkeleg haust før tartarpipen har vore innom. Eg legg også inn eit bilde av kvitkinngåsa, den også frå Voksa.
Tartarpiplerke 1K, Voksa

Tartarpiplerke 1K, Voksa

Kvitkinngås 1K, Voksa


Engelskmerka gråmåse...
Etter at eg var ferdig på Voksa så vart det som nemnt over måseskoding på Sandshamna. Det resulterte i ein adult engelskmerka gråmåse. Etter litt jobbing fikk eg lest av metallringen fuglen hadde. Ellers så var fortsatt tre av "mine" fargemera gråmåsar på plass på hamna. Det vart også sett ein 1K sildemåse.

Her er eit litt meir informasjon om den ringmerka måsen.
Gråmåse 6K(adult), Sandshamna/Sandsøya
Denne hadde metallring med nr. GG61097
Gråmåsen med metallring nr. GG61097 vart ringmerka som ein 1K-fugl (1.vinter ) den 15.desember i 2007 på Rainham tip rett aust for sjølve London. Måsen er i dag då ein 6K fugl, altså litt over 5 år gammal. Dette var det første gjenfunnet av fuglen etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Rainham tip og Sandshamna er på
1238 km.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar