fredag 12. oktober 2012

Ona og Sandsøya 10-12.10.12

Dei siste dagane har eg vore opptatt med feltarbeid. I går og i føregårs (10-11.okt.) var eg på Ona og jobba. Før eg starta med feltarbeidet vart det ein rask sjekk på eit par av palssane på øya. Det resulterte i 1 gulbrynsongar og
1 tartarpiplerke. Litt seinare på dagen når eg hadde startar med feltarbeidet som innebar å følge med det som trekte forbi på havet utanfor Ona kom det trekkande ein 1K sabinemåse. Dermed så må eg no alt i alt seie meg fornøgd med oppholdet sjølv om det ikkje blei tid til den heilt store sjeldenheitssatsinga. Av og til så må ein prioritere å få pengar inn på kontoen også...

Hubro og høgspentlinjer
I dag har eg brukt dagen på å kartlegge høgspentlinjer på Sandsøya. Dette er med tanke på hubro. Den største dødsårsaka for hubro er nemleg elektroskusjon. Derfor er det svært viktig å få sett i gong tiltak med å sikre dei mest utsatte konstruksjonane. Hubroen brukar nemleg slike stolpar som utkikspost på jakt. Og når ein slik svær fugl med eit vingespenn på opp til 1,8 meter både skal lande å ta av frå stolpane så seier det seg sjølv at det ikkje skal mykje til før det blir ei kortslutning. Så ein må derfor gjere det ein kan for at det ikkje skjer, vi har nemleg ikkje akkurat for mange hubroar å ta av. Forhåpentlegvis kan eit slikt tiltak vere med på å få bestanden på rett kjøl igjen.

Her er eit bilde av ein ung hubro som eg kom over i 2008.
Hubro 1K, Voksa september 2008.

Grønlandsmåse...
I kveld rett før det blei mørkt tok eg meg ein kjapp tur på Sandshamna for å sjå gjennom dei mange måsane som var der. Det resulterte i ein 3K grønlandsmåse. Noko som var ein svært positiv overraskelse. Det har nemleg ikkje vore alt for mykje spennande å sjå på måsefronten i det siste...

Her er eit bilde av fuglen.

Grønlandsmåse 3K, Sandshamna/Sandsøya 12.okt. 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar