mandag 31. desember 2012

Fugleåret 2012

Då er 2012 så og seie over, og som vanleg blir det i løpet av eit år mange gode opplevelsar. Her vil eg ta eit lite tilbakeblikk på året som har gått. For 2012 har hatt litt av kvart å by på...

Januar/februar/mars
Årets tre første månadar var meget like. Det bli først og fremst satsa på måsar. For i starten på 2012 var det nemleg tidenes invasjon av grønlandsmåsar. Det vart sett store antall langs heile kysten av Norge. Den største ansamlinga som vart rapportet var om eg ikkje hugsar heilt feil på rundt 90 individ. Min rekord på Sandsøya og Voksa var på 19 grønlandsmåsar samtidig. Ein forbausande stor andel av desse måsane var av den nord-amerikanske hybriden grønlandsmåse x eskimomåse (kumlien`s gull). Totalt hadde eg minst 11 forskjellige ind. av denne forma. I tillegg til grønlandsmåsane så vart det også sett fleire polarmåsar. Ser ein vekk i frå kvitmåsane så vart øyane sin første dvergmåse sett på Sandshamna på Sandsøya. Det var nemleg ein 1.vinter fugl innom på hamna eit par dagar i måndskiftet januar/februar. Legg ein så måsane litt til side så vart det sett sædgjess (ua. rossicus) og tundragjess (ua. albifrons/flavirostris) på Voksa så seint som i siste halvdel av januar. Dette var fuglar som hadde holdt stand frå seinhaustes av.

Her er eit bilde av årets invasjonsart.
Grønlandsmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 27.januar 2012


April
Denne månaden vart dei første feltdagane unnagjort på Runde. Dette er alltid eit av årets høgdepunkt. Det å kome seg ut i fjellsida å få sett lundeura yre av liv er mildt sagt magisk. Ellers så var det stor spenning knytta til denne månaden når det gjaldt grashoppesongarar. Det er nemleg denne månaden dei første songarane brukar å ankome hekkelokalitetane. I 2012 skulle desverre ikkje veirgudande være samarbeidsvillige. Med nordlege vindar og låge temperaturar vart det svært frå grashoppesongarar. Det vil seie at 2 songarar vart høyrd syngande av lokalbefolkninga på Sandsøya i april. Den eine fuglen utgjorde faktisk det tredje tidligaste vårfunnet av arten i Norge, då den først vart høyrd syngande den 19.april. Ingen av desse songarane vart værande, og dei store antalla med grashoppesongarar frå åra før virka berre meir og meir usansynlege. Av lokale sjeldenheiter vart det i løpet av denne månaden sett 3 grønlandske tundragjess, 2 fjellvåkar, fleire grønlandsmåsar og sist men ikkje minst polarmåse på Sandsøya og Voksa. Årets første "bombe" skulle imidlertidig bli detonert utanfor øyane. Eg var nemleg på feltarbeid på Runde, og før eg rakk å kome meg avgårde frå parkeringa i Goksøyra for å kome meg opp på fjellet kom M&R si femte SVARTGLENTE glidande langs fjellsida og forsvann inn i skodda. Dermed var årets første NSKF-art var i boks! 

Her er eit bilde av fargemerka ludar frå Runde i april
Lunde, Runde 16.april 2012


Mai
Endeleg dukka den første stasjonære grashoppesongaren opp på øyane. Den 9.mai var det nemleg ein ringmerka fugl på plass i Våge på Sandsøya. Songaren vart ringmerka på den samme lokaliteten 2 år før. Fuglen var på plass i 2011, og tek ein med 2012 var dette det tredje året på rad at songaren var på plass på den samme staden på Sandsøya. Etter denne vart det sett ein ny grashoppesongar på Voksa, men desverre var det berre ein av dei ring- og fargemerka fuglane som kom attende til øyane i 2012. Den første gobiten denne månaden var øyane sin første og M&R sin 5-8. AFTENFALK. Den vart nemleg sett kort i Våge på Sandsøya den 15.mai på ei av dei mange grashoppesongarturane mine. Men den største "bomba" small den 24.mai. Når M&R sin andre RAUDSTRUPESONGAR vart høyrd syngande på Støyle på Sandsøya. Dermed gav det varme veiret med sørlige vindar i slutten av mai eit skikkeleg resultat!

Her er eit bilde av den returnerande grashoppesongaren.
Den er her avbilda då den ankom i Våge på Sandsøya i 2011.
Grashoppesongar 3K+ M, Våge/Sandsøya 10.mai 2011


Juni
Denne månaden gikk for det meste med til overføringsprosjektet for havørn til Skottland. 2012 var det siste året det skulle overførast havørnungar. Målet var 20 ungar, men det dårlegaste produksjonsåret for havørn sidan prosjektet for havørn vart oppretta i 1974 gjorde det slik at antallet stoppa på berre 6 ungar. Dermed vart det i løpet av dei 5 åra sidan 2007 overført totalt 86 havørnungar til Skottland. Av lokale raritetar denne månaden vart det sett og høyrd polarmåsevaktel, åkerrisegrashoppesongar og myrsongar. Men den største overraskelsen kom etter ein av havørnturane i midten av månaden. For i det vi kom tilbake til der Alv Ottar Folkestad bur på Aursneset i Ulstein kommune satt M&R sin andre GULIRISK og song. Den vart høyrd kort før den truleg trekte vidare.  

Her er eit bilde av ein av havørnungane som vart oppsøkt. Her for ringmerking.
Havørn pullus, Møre og Romsdal juni 2012


Juli
I 2012 skulle det endeleg gå i boks med hekkinga for lundane. Etter tre nullår på dei fire siste åra var det på tide med ein skikkeleg hekkesesong igjen. Etter å ha følgt med på ungeproduksjonen nøye frå klekkinga i starten på juni enda talet på ungeproduksjonen på ein stad mellom 50 og 60%, noko som er meget bra. Når det gjaldt dei andre sjøfuglartane på Runde var det berre fiskemåse, gråmåse, havsule og storjo som hadde ein god ungeproduksjon. Dei andre artane hadde ingen, eller tilnærma ingen produksjon. Det var i hvertfall ikkje noko antall å snakke om. Ellers i juli vart det satsa hardt på å få ring- og fargemerka flest mogleg måsar. Då først og fremst gråmåsar og svarbak. Det vart då mange fantastiske padleturar med kajak mellom øyane på leiting etter svartbakungar å merke. Til slutt enda totalen på 106 merka måsar, fordelt på gråmåsar, svartbakar, fiskemåsar og sildemåse.

Her er ein ringmerka lunde på veg inn i kolonien med mat.
Lunde, Runde 3.juli 2012


August
Denne månaden vart det satsa mest på måsar. Det vart då først og fremst lest av ring- og fargemerka individ. Men det var ikkje måsane som utgjorde det mest interessante denne månaden. Det mest interessante var nemleg at eg kom over ein grashoppesongar som mata ungar på Voksa så seint som den 27.august. Dette er så vidt eg veit det soleklart seinaste hekkefunnet av arten i Norge. Dette var også truleg kull nummer to. For i det samme området var der minst ein stor og sjølvsteindig årsunge som farta rundt.

Her er eit bilde av den einaste årsungen av grashoppesongar som vart
sett på Sandsøya og Voksa i 2012.
Grashoppesongar 1K M, Voksa 31.august 2012


September
I september vart det eit par turar til Ona på Romsdalskysten. Men eit ekstremt dårleg hausttrekk gjorde sitt til at det var heller lite spennande å sjå. Det beste på dei to opphalda som tilsaman varte ca. ei veke var svarthalespove, gulbrynsongar, tartarpiplerke og varsler. Altså ikkje det heilt store. Heime på øyane var det like dårleg. Det beste frå øyane heime var ein truleg aftenfalk på Voksa. Men det var så definitivt ingen ting å rope hurra for. Det var litt merkeleg, for M&R var definitivt ikkje i "sona" denne hausten. Andre stadar i landet derimot var det veldig, veldig bra, med den eine store rariteten etter den andre.

Her er eit bilde frå Ona.
Lappspove 1K, Ona 25.september 2012


Oktober
Det første som var verdt å legge merke til denne månaden  var Sandsøya og Voksa si første og faktisk einaste tartarpiplerke hausten 2012. Den vart sett rastande på Voksa den 9.oktober. Etter dette vart årets siste tur til Ona unnagjort. Dette var i jobbsamanheng. Men ein har no alltid både auger og øyrer åpne. Turen resulterte i tartarpiplerke, grulbrynsongar og sist men ikkje minst ein ung sabinemåse. Når eg kom tilbake på øyane heime vart det farta ein del runt på leiting etter raritetar, men det var ikkje før eg starta å satse på måsar igjen at det gav resultat. Den 12.oktober vart ein 3K grønlandsmåse sett på Sandshamna. Etter dette vart det sett ein ungemerka polarmåse som stamma frå Bjørnøya. Men den virkelige store dagen i oktober, ja faktisk heile hausten 2012 var den 19.oktober. Denne dagen vart det sett ein russiskmerka gråmåse, årsunge av grønlandsmåse og 2K polarmåsar. Før det small skikkeleg! Nemeleg ein KASPIMÅSE! Dette var M&R sitt tredje funn av arten, og sjølvsagt den tredje for Sandshamna på Sandsøya. Denne gongen var det ein subadult fugl, nærmare bestemt ein 3K. Dermed viste Sandshamna virkeleg sitt potensiale, og hausten var redda!

 Her er eit bilde frå "godagen" den 19.oktober. Med ein noko uvanleg
observasjon av ein havhest innom på hamna.
Havhest adult, Sandshamna/Sandsøya 19.oktober 2012


November
Denne månaden vart det berre satsa på måsar. Det resulterte i Sandsøya og Voksa sin andre dvergmåse. Ein adult fugl vart sett på Sandshamna den 6.november. Etter dette vart hausten sin andre årsunge av polarmåse sett den 15.november. Det også då på Sandshamna. Ellers vart det satsa litt på ring- og fargemerking av måsar. Dette resulterte i 16 ringmerka gråmåsar den 9.november. 

Her er eit bilde av polarmåse på hamna.
Polarmåse 1K F, Sandshamna/Sandsøya 15.november 2012


Desember
Atter ein månad og atter ein månad beståande av måseskåding. Denne månaden var det desverre til tider ganske får måsar. Men som alltid så får ein resultat når ein satsar litt. Resultatet i desember bestod av kvitmåsar. Nærmare bestemt 1 polarmåse og 3 grønlandsmåsar. Alle desse var årsungar. Den siste grønlandsmåsen var faktisk sett i dag, på den siste dagen av året. Ellers så vart min siste avleste måse lest av den 21.desember. Det var ein gråmåse merka i Nidarø i Trondheim. Med denne vart då totalen på avleste ring- og fargemerka måsar totalt i 2012 på 40 fuglar, noko som er meget bra. Her er sjølvsagt ikkje mine eigne merka måsar tatt med i oppsummeringa. Fleire av måsane er merka i England, eit par i Russland og sjølvsagt dei fleste får Norge.

Då avsluttar vi året med eit bilde av ein grønlandsmåse
i den lave desembersola.
Grønlandsmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.desember 2012



Dermed er det til slutt berre å ønske alle til lykke med det nye året som er like rundt hjørnet. Så får vi håpe at 2013 kan bli minst like begivenheitsrikt... Godt nyttår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar