fredag 14. desember 2012

Grønlandsmåsar, Sandshamna 12-14.12.12

Dei siste tre dagane har det blitt brukt ein god del tid på måseskoding på Sandshamna. Det har resultert i blandt anna 2 grønlandsmåsar. I går vart det også gjort eit forsøk på fangst av måsar for ring- og fargemerking, utan at det vart det heilt store. Det resulterte nemleg berre i ein merka gråmåse. Men alt er no betre enn ingenting.

Grønlandsmåsar...
I går (13.desember) vart hausten og vinteren sin andre årsunge av grønlandsmåse sett på hamna. I dag vart det også sett ein grønlandsmåse på hamna. Denne viste seg å vere ein ny fugl, og ikkje den samme som vart sett i går. Dermed har det så langt denne hausten og vinteren vore 4 forskjellige grønlandsmåsar innom på hamna. Fordelt på 3 1K og 1 3K. Noko som må seiast å vere meget bra så tidlig på "sesongen".

Her er nokre bilder av grønlandsmåsane frå dei siste par dagane.

Ind. 1
Grønlandsmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 13.desember 2012


Ind. 2
Grønlandsmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.desember 2012
 
Grønlandsmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.desember 2012

Ring- og fargemerking
I går vart det som nemt over merka ein gråmåse. Det var ikkje akkurat det resultatet eg hadde håpa på, men kanskje var det like greit... Det blir nemleg svært kaldt å sitte stille å merke slik som veiret er no for tida.

Gråmåsen som vart merka i går var ein 1K-fugl. Mål som eg tok av måsen viste at det var snakk om ein hofugl. Måsen er nesten i full juvenil drakt, det einaste den har mytt er nokre få mantel og skapuler-fjører.

Her er eit par bilder av måsen som blei tatt under merking.
Gråmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 13.desember 2012

Gråmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 13.desember 2012


På bildet under ser du måsen frå i dag. Med påsett metall og fargering. Forhåpentlegvis blir det mange gjensyn med denne måsen framover, både på Sandsøya, men også frå andre stadar i inn- og utland.
Gråmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.desember 2012
Her med påsett fargering med kode J4773.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar