tirsdag 30. oktober 2012

Polarmåse, Sandshamna 30.10.12


I dag vart det ein meget kort tur for å sjå om det var komt inn litt måsar på hamna. I det siste har det ikkje vore nokon særleg aktivitet på fiskemottaket, då også kombinert med fint veir. Dermed har det vore så og seie heilt tomt for måsar. I dag var det derimot komt inn litt fleire. Ein av desse var polarmåsen som blei sett den 19.oktober, det også då på hamna. I dag fikk eg gode fluktbilder av fuglen. Då viste det seg at måsen har vingeteikningar som peikar mot at den har gråmåsegener i seg. Utanom handsvingfjørene så er jizz og tekningar ellers perfekt for ein 2.vinter polarmåse. Men ein heilt "rein" polarmåse kan nok ikkje ha slike vingeteikningar...

Her er nokre bilder av måsen.
Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Her kan ein tydeleg sjå pigmenta på særleg P9 og P8. Men teikningane
er også synlege på P7 t.o.m P5. Medan P10 som er i vekst
virkar å være normalt farga for ein "rein" polarmåse.

Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Frå denne vinkelen så ser ein tydeleg dei mørke pigmenta og antydning til
vingeteikningar på dei ytterste hsf. På dette bildet ser ein tydelige teikningar
på P9 t.o.m P6.


Svar på russiskmerka gråmåse
I dag fikk eg også svar på den russiskmerka gråmåsen som eg hadde på hamna den 19.oktober. Under kan du lese det eg fikk vite om fuglen.

Gråmåse 1K (1.vinter) Sandshamna/Sandsøya 19.oktober 2012

Gråmåsen med fargeringkode KW99 vart ring- og fargemerka som reirunge (pullus) den 14.juni i år. Den blei merka i Kandalakshskiy naturreservat ved Kvitesjøen, Russland.
 
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Sandshamna og der måsen vart merka
ved Kvitesjøen er på ca. 1383 km.


mandag 29. oktober 2012

Sidensvans

I det siste har det dukka opp ein del sidensvans på øyane. I dag var det fleire hundre ind. i sjå rundt omkring. Det er også ein god del trostar å sjå. Mat har dei nok av, for det er nemleg nok rognebær å ta av enn så lenge.

Her er nokre bilder av sidensvans frå i dag.









Nok ein gråmåse på Bergenstur...
I føregårs (27.okt) dukka ein av gråmåsane (J4729) som eg ring- og fargemerka på Runde i sommar opp i Byparken i Bergen. Dette blei då den andre årsungen merka på Runde som har blitt sett der i år.

Her er er ein link til eit bilde av "J4729" avbilda i Byparken.
http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=22917&VisF=ON&XIF=ON

I går (28.okt) vart den samme måsen sett i Tveitevatnet i Bergen kommune nokre kilometer lenger sør/søraust. Så kanskje blir den verande der ei stund..?

tirsdag 23. oktober 2012

Polarmåse frå Bjørnøya

Som nemnt i blogginnlegget frå den 19.oktober så såg eg ein 1K polarmåse med grøn fargering på Sandshamna, Sandsøya den 16.oktober. I går fikk eg all informasjon om måsen. Under kan du sjå kva eg fikk vite om den aktuelle fuglen.

Polarmåse 1K (1.vinter), Sandshamna 16.oktober 2012

Denne 1K polarmåsen med fargeringkode DU1 vart ring- og fargemerka som reirunge (pullus) den 28.juni i Hamnevika på sørvestsida av Bjørnøya, Svalbard. Dette er ein av dei veldig få polarmåsane som er merka i Svalbardområdet som er funne på det norske fastlandet. Dette var sjølvsagt det første gjenfunnet av måsen etter at den blei merka.


Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstande mellom der måsen vart merka på Bjørnøya
og Sandshamna, Sandsøya er på ca. 1451 km.

lørdag 20. oktober 2012

Havsvale

I dag vart turen lagt til Svinøya i Herøy kommune for å merke havsvaleungar. Det har faktisk ikkje vore ringmerka havsvaleungar der sidan 2010, då det i fjor rett og slett ikkje var veir til å kome seg i land på øya. I 2010 vart det ringmerka 12 ungar, medan det i år er eit mykje dårligare år, med 2 merka ungar.

Her er ein link til Svinøyturen i september 2010: http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2010/09/svinya-280910.html

Havsvaleungane har ei meget lang reirtid. Frå hoa legg egget og til ungen flyg ut går det opptil 4 månadar. Begge dagens ungar var av det små slaget, noko som vil seie at dei har ei god stund igjen før dei tek vingene fatt. Under kan du sjå eit par bilder av ein av dagens to ringmerka ungar.

Havsvale pullus

Havsvale pullus

Her kan du sjå den nydelige utsikta frå Svinøya inn mot Sandsøya og Gurskøya. Så sjølv om det ikkje var all verden verken å sjå eller ringmerke så er det alltid magisk å kome i land på denne veirharde øya.

fredag 19. oktober 2012

KASPIMÅSE, polarmåsar og grønlandsmåse m.m. på Sandshamna 16. og 19.10.12

I dag fikk eg endeleg betalt for den harde måseskodinga i det siste... For Sandshamna på Sandsøya viste seg nemleg frå si aller beste side. Det heile starta med ein 1K russiskmerka gråmåse, så ein 2K norskmerka gråmåse, før den virkelige gobiten satt der... Nemleg MR og Sandsøya sin tredje KASPIMÅSE!! Dei to tidligare funna frå MR vart gjort i løpet av ei veke i månadsskiftet januar/februar i 2010. Fuglane frå 2010 var to 2K(1.vinter) fuglar, medan dagens fugl var av den litt eldre sorten. Det vil då seie ein 3K(3.vinter) fugl.
Kaspimåsen er ein stor raritet i Norge med ein stad mellom 30-40 funn totalt. Så at Sandsøya i løpet av nokre få år skulle kunne vise til 3 kaspimåsar og 2 gulbeinmåsar er over all forventing.

Dagens fugl var av det heilt klassiske eksemplaret. Alt på fuglen skrik kaspimåse. Perfekt hovud, nebb og kroppsform. Mørk iris, bleikt gule bein og ikkje minst perfekt teikna handsvingfjører for å nemne nokre av karakterane. Når fuglen i tillegg var på meget bra fotohold så må ein vel berre vere fornøgd.

Her er eit par bilder av den mildt sagt herlige måsen.
Kaspimåse 3K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Kaspimåse 3K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya

Kaspimåse 3K (3.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Her ser du tydelig det viktige svarte båndet på P5, samt dei lange
grå tungene som strekk seg langt utover i det svarte


 
Kvitmåsar...
Etter at kaspimåsen var i boks vart det sett to kvitmåsar på hamna. Då i form av ein 1K grønlandsmåse. Og ei stund etter satt der ein 2K polarmåse på den same staden.

Her er eit par bilder av dagens to kvitmåsar...
Grønlandsmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya
 
Polarmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya


Fargemerka måsar
For tre dagar sidan vart det sett ein 1K polarmåse på hamna. Eg var egentleg fornøgd med det. Men etter å ha sett litt nærmare på fuglen viste det seg at det var eit ring- og fargemerka individ. Noko som gjorde funnet enda betre. Eg har ikkje fått all informasjon om fuglen enda, men mest sansyneleg er den merka på Bjørnøya ved Svalbard. Det er frå før svært få funn av individmerka polarmåsar som er sett på det norske fastlandet, og sjølvsagt var dette den første fargemerka fuglen som er blitt sett i MR.

Her er eit bilder av den spennande fuglen som har fått påsett ein grøn fargering med kode DU1.
Polarmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 16.oktober


Norskmerka gråmåsar...
I dag vart det sett 3 fargemerka gråmåsar som eg ikkje hadde merka. Ein frå Russland og to frå Norge. Her er meir om desse måsane.

J3104
Gråmåse 2K (2.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Gråmåsen med fargeringkode J3104 vart merka som ein 2K-fugl den 17.januar i år i Breiavatnet i Stavanger, Rogaland. Dette var det første gjenfunnet etter at den blei merka.


Her kan du sjå eit oversiktskart
der ringmerkingsstad og funnstad er avmerka.
Avstanden mellom Breiavatnet og Sandshamna er på 365 km.

___________________________________________________________________________________________

JN308
Gråmåse 8K+ (8.vinter, eller eldre), Sandshamna/Sandsøya
Gråmåsen med fargeringkode JN308 vart merka som ein 4K+ fugl på Hornøya i Vardø, Finnmark den 29.mai i 2008. Det vil då seie at måsen i dag er minst 7 år gammal. Dette var det første gjenfunnet av denne måsen etter at den blei merka.

 Her kan du sjå eit oversiktskart
der ringmerkingsstad og funnstad er avmerka.
Avstanden mellom Hørnøya og Sandshamna er på
1443 km.

Russiskmerka gråmåse
Som nemnt over var det i dag sett ein 1K gråmåse med russisk fargering på hamna. Eg reknar med at denne måsen stammar frå det samme prosjektet som eg hadde ein fugl frå i slutten av februar i fjor. Eg vil no sende over informasjonen om måsen til russerane, og då forhåpentlegvis få ei kjapt svar med livshistoria til fuglen.

Her er eit bilde av dagens russiske fugl.
Gråmåse 1K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya
Med fargerinkode KW99

Her er ein link til fuglen frå 2011: http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2011/03/russiskmerka-gramase.html

Eg vil kome tilbake med meir om denne, samt den fargemerka polarmåsen når eg får vite meir om fuglane.

fredag 12. oktober 2012

Ona og Sandsøya 10-12.10.12

Dei siste dagane har eg vore opptatt med feltarbeid. I går og i føregårs (10-11.okt.) var eg på Ona og jobba. Før eg starta med feltarbeidet vart det ein rask sjekk på eit par av palssane på øya. Det resulterte i 1 gulbrynsongar og
1 tartarpiplerke. Litt seinare på dagen når eg hadde startar med feltarbeidet som innebar å følge med det som trekte forbi på havet utanfor Ona kom det trekkande ein 1K sabinemåse. Dermed så må eg no alt i alt seie meg fornøgd med oppholdet sjølv om det ikkje blei tid til den heilt store sjeldenheitssatsinga. Av og til så må ein prioritere å få pengar inn på kontoen også...

Hubro og høgspentlinjer
I dag har eg brukt dagen på å kartlegge høgspentlinjer på Sandsøya. Dette er med tanke på hubro. Den største dødsårsaka for hubro er nemleg elektroskusjon. Derfor er det svært viktig å få sett i gong tiltak med å sikre dei mest utsatte konstruksjonane. Hubroen brukar nemleg slike stolpar som utkikspost på jakt. Og når ein slik svær fugl med eit vingespenn på opp til 1,8 meter både skal lande å ta av frå stolpane så seier det seg sjølv at det ikkje skal mykje til før det blir ei kortslutning. Så ein må derfor gjere det ein kan for at det ikkje skjer, vi har nemleg ikkje akkurat for mange hubroar å ta av. Forhåpentlegvis kan eit slikt tiltak vere med på å få bestanden på rett kjøl igjen.

Her er eit bilde av ein ung hubro som eg kom over i 2008.
Hubro 1K, Voksa september 2008.

Grønlandsmåse...
I kveld rett før det blei mørkt tok eg meg ein kjapp tur på Sandshamna for å sjå gjennom dei mange måsane som var der. Det resulterte i ein 3K grønlandsmåse. Noko som var ein svært positiv overraskelse. Det har nemleg ikkje vore alt for mykje spennande å sjå på måsefronten i det siste...

Her er eit bilde av fuglen.

Grønlandsmåse 3K, Sandshamna/Sandsøya 12.okt. 2012

tirsdag 9. oktober 2012

Tartarpiplerke m.m. Sandsøya/Voksa 09.10.12

I dag vart det tatt ein skikkeleg sveip over Voksa. Etter at Voksa var nøye gjennomsøkt for sjeldenheiter vart måsane på Sandshamna på Sandsøya nøye sjekka. Det resulterte i årets første tartarpiplerke for øyane. Den vart då sett rastande på Voksa. Men utanom den var det ikkje noko å rope hurra for. Det var desverre som det har vore den siste tida ganske så daudt med lite fugl å sjå. Men litt var det no likevel å oppdrive...

Her er det andre som var verdt å legge merke til på Voksa i dag:
spurvehauk 1 2K+ M
kvitkinngås 1 1K
kvartbekkasin 1
gråspett 1 F
sivspurv 1

Her kan du sjå nokre bilder av dagens "storpiplerke" på Voksa. For min del blir det nemleg ikkje skikkeleg haust før tartarpipen har vore innom. Eg legg også inn eit bilde av kvitkinngåsa, den også frå Voksa.
Tartarpiplerke 1K, Voksa

Tartarpiplerke 1K, Voksa

Kvitkinngås 1K, Voksa


Engelskmerka gråmåse...
Etter at eg var ferdig på Voksa så vart det som nemnt over måseskoding på Sandshamna. Det resulterte i ein adult engelskmerka gråmåse. Etter litt jobbing fikk eg lest av metallringen fuglen hadde. Ellers så var fortsatt tre av "mine" fargemera gråmåsar på plass på hamna. Det vart også sett ein 1K sildemåse.

Her er eit litt meir informasjon om den ringmerka måsen.
Gråmåse 6K(adult), Sandshamna/Sandsøya
Denne hadde metallring med nr. GG61097
Gråmåsen med metallring nr. GG61097 vart ringmerka som ein 1K-fugl (1.vinter ) den 15.desember i 2007 på Rainham tip rett aust for sjølve London. Måsen er i dag då ein 6K fugl, altså litt over 5 år gammal. Dette var det første gjenfunnet av fuglen etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Rainham tip og Sandshamna er på
1238 km.

mandag 8. oktober 2012

Havsule i pleie...

I helga som var hadde eg ei 1K havsule i pleie. Alv Ottar Folkestad hadde den opprinneleg i pleie, men sidan han skulle reise bort i helga tok eg over ansvaret for fuglen i nokre dagar. Denne unge havsula blei funnen forkomen på eit tun i Kvalsvika på Nerlandsøya i Herøy kommune for ca. ei og ei halv veke sidan.

Havsula har ei lang reirtid. Ungane forlet ikkje reiret før det har gått ca. 3 månadar (etter klekking).  Når dei då forlet reiret er dei for tunge til å flyge. Dermed så sym dei til havs. Etter å ha svømt på havet i eit par veker og dermed fått ned vekta nok til å kunne ta vingene fatt skal dei starte å fiske for eiga maskin. I og med at desse skapningane er tilpassa å svelte seg ned i vekt i den første perioden som sjølvstendig så er dei ofte svært vanskelege å få mat i. Denne var heldigvis av det greiare slaget og har blitt meget grei og mate. Dermed er det berre å ta tida til hjelp for å få vekt og kondisjon opp eit nokre hakk til.

Under kan du sjå nokre bilder av fuglen.