tirsdag 4. juni 2013

ELVESONGAR og grashoppesongarar m.m. 27.05.-04.06.13

Den siste veka har det blitt satsa ein god del på nattsongarar. Først og fremt på Sandsøya og Voksa, men det har også blitt eit par turar i Herøy, og også ein tur i Ørsta kommune. Av andre litt meir dagaktive artar virkar det som om svartstrupene på Sandsøya har fått fram ungar, då dei har blitt sett ved fleire anledningar berande insekt i nebbet. Ellers har det blitt sett ei kortnebbgås i lag med grågjessene på Voksa. Så ser det også ut som om vi er i ferd med å få ein ny hekkeart på Sandsøya. Ein liten koloni på mellom 5-10 par med sandsvaler har nemleg etablert seg på Sandshamn.

Nattsongarlytting på Voksa, med Sandsøya i bakgrunnen.
Nattsongarar på Sandsøya og Voksa
Så tilbake til nattsongarane. På Voksa satt åkerriksa fortsatt og song natt til den 3.juni. Dermed har den vore på plass i nesten to og ei halv veke. Den har no forflytta seg ca. 300 meter frå der den opprinnelig satt. Natt til den 29.mai vart det høyrd to syngande vaktelar på Voksa, medan det natta etter vart høyrd eitt syngande ind. Etter dette har dei ikkje gitt lyd frå seg. Natta til den 29.mai satt også årets 8. grashoppesongarhann på Sandsøya og Voksa og song. Den vart høyrd syngande på sørsida av Sandsøya. Den hold til på lokaliteten i eit par dagar, men det virkar no som om den har forflytta seg vidare.

Her er eit bilde av den siste ankomne grashoppesongaren på Sandsøya/Voksa.
Grashoppesongar 2K+ M, Kinna, Sandsøya 29.mai 2013
Av dei grashoppesongarane som har vore på plass ei stund så har fleire av desse slutta og synge, om dette betyr at dei har trekt vidare, eller om der er hoer på plass er usikkert. Under kan du sjå eit bilde av årets først ankomne grashoppesongar. Den har no vore på plass sidan den 10.mai, og den vart sist høyrd syngande på sørsida av Voksa natt til den 1.juni.
 
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa  (Her er den av bilda den 12.mai)

Elvesongar og grashoppesongarar i Ørsta- og herøy kommune
I går ettermiddag tok eg turen til Remøya i Herøy kommune der eg hadde fått rapport om at det hadde blitt høyrd ein syngande grashoppesongar i midten av forrige veke. Men etter å ha gått over området der den vart høyrd var det ikkje teikn til at der var ein grashoppesongar på plass. Dermed vart turen lagt vidare til Sørheim i Ørsta kommune. Der hadde det nemleg blitt høyrd 1-2 syngande grashoppesongarar tidligare i år. Før helga fikk eg også ein telefon frå ein av kompisane mine som held til i Volda. Han hadde nemleg fått fortalt at det muligens også kunne vere ein syngande elvesongar på den samme staden. Han som hadde høyrd fuglen var langt i frå sikker, så eg tenkte egentleg at det berre var ein grashoppesongar som hadde blitt høyrd. Men det var mildt sagt verdt ein sjekk! Heldigvis var ein av dei lokale som budde der tilfeldigvis utandørs i det eg kom kjøyrande. Han kunne fortelle at "elvesongaren" hadde blitt høyrd så seint som ein halv time før eg ankom staden. Og ut i frå beskrivelsen av songen var det strengt tatt ikkje tvil om hvilken art det var snakk om. Dermed sette eg på lyden for å sjå om det var nokon respons. Ikkje lenge etter starta det å synge på oppsida av hovudvegen, og det var ikkje lenger nokon tvil om at det var ein ELVESONGAR! Den hadde då vore på plass i ca. 1 veke. Dermed vart dette det andre maifunnet av elvesongar i M&R gjennom tidene.

Her er nokre bilder av den nydelige songaren.
Elvesongar 2K+ M Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Elvesongar 2K+ M Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Elvesongar 2K+ M Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Etter å ha tatt nokre bilder av songaren i felt vart den innfanga for ringmerking.
Elvesongar 2K+ M Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Også grashoppesongar på plass... 
På den eksakt samme staden som elvesongaren "satt" var der også ein grashoppesongar på plass. Ei stund dreiv elvesongaren og grashoppesongaren og jaga på kvarandre. Ein mildt sagt fantastisk opplevelse. Det er nemleg ikkje kvar dag at ein får oppleve to forskjellige locustella-songarar jagande på kvarandre. Etter å ha fanga inn elvesongaren var det grashoppesongaren sin tur, under kan du sjå eit bilde av fuglen.
Grashoppesongar 2K+ M, Sørheim, Ørsta 3.juni 2013

Grashoppesongarar på Remøya og Leinøya
I natt som var vart det lytta etter nattsongarar på Runde, Remøya, Leinøya og Bergsøya i ytre Herøy. På fleire av desse stadane var det ikkje så alt for mykje å høyre, men på Remøya satt det ein grashoppesongar og song, og det samme gjorde det rett over sundet på Leinøya. Songaren på Remøya var truleg nettopp komt i landt på øya, for den dreiv og forflytta seg aktivt. Medan songaren på Leinøya virka å ha etablert seg på eit område med fjorårsvegetasjon. Begge songarane blei innfanga og ringmerka.

 Her er eit par bilder av songarane.
Grashoppesongar 2K+ M, Remøya 4.juni 2013

Grashoppesongar 2K+ M, Leinøya 4.juni 2013

Med gårsdagens og nattas nye merkingar av grashoppesongarar har eg då fått ring- og fargemerka 11 ind. av arten så langt i år. Der 5 av dei er merkte på Sandsøya, 3 på Voksa, 1 på Sørheim i Ørsta, 1 på Remøya, og 1 på Leinøya.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar