onsdag 26. februar 2014

Vår i lufta...

I løpet av dei siste dagane så har våren virkelig meld sin ankomst. Årets første gravender har vore på plass i ca. ei og ei halv veke. Og i løpet av dei to siste døgna (25. og 26.feb) så har dei første tjeldane også dukka opp. Dette er litt over ei veke tidligare enn dei (tjeldane) har ankomt dei siste åra. Vidare så vart det observert fire viper på Voksa i går. Men det mest overraksande av alle vårteikna, var årets første linerle som blei observert på Sandshamna på Sandsøya i dag. Erla var riktig nok av den Britiske underarten yarrellii, og som på godt norsk blir kalla svartryggerle. Denne hekkar i hovudsak på dei Britiske øyane, og dei overvintrar både lenger vest og mange av dei også lenger nord enn "vår" linerle. Så er det ei erle som blir observert tidlig på året, så er det ikkje usannsynleg at det er snakk om denne underarten. Dei fleste av "våre" linerler som er av underarten alba, overvintrar i Sør-Europa, i Midausten og NØ-Afrika. Hos oss heilt nord på Vestlandet brukar den å ha ankomstdato rundt den 10.april. Riktig nok så brukar det årleg å overvintre både linerler og svartryggerler lenger sør langs kysten i Norge. Men her nord er det svært sjeldan å sjå dei på denne tida av året.

Her er eit par bilder av dagen overraskelse.
Svartryggerle 3K+ M, Sandshamn/Sandsøya 26.februar 2014
 
Svartryggerle 3K+ M, Sandshamn/Sandsøya 26.februar 2014

 
Stasjonære gobitar...
Ellers så har det også dei siste dagane blitt sett ein del gjennom måsane på hamna. Der har no KASPIMÅSEN som først blei oppdaga den 14.februar blitt stasjonær. Når det er snakkk om GULBEINMÅSEN så held den seg også fortsatt i nærområdet. I løpet av dei to vekene det har gått sidan eg først oppdaga "gulbeinen" så har den blitt observert fire forskjellige dagar. Sist gulbeinmåsen blei sett var i går, altså den 25.februar. I dag vart den ikkje observert, men kaspimåsen viste seg godt, og det virkar ikkje som den har det travelt med å kome seg avgårde. Ellers så er der også to 2K grønlandsmåsar og ein 2K polarmåse på hamna. Alle desse kvitmåsane er snakk om fuglar som har vore stasjonære ei god stund.

Utanom desse små og store raritetane, så har eg i løpet av dei siste dagane også fått lest av ein god del fargemerkte måsar. Dette er då snakk om fuglar som eg ikkje har merkt. Det har vore gråmåsar frå Troms(2), Hordaland(4), Rogaland(2), Vest-Agder(1), Aust-Agder(1) og Akershus og Oslo(1). I tillegg til desse frå Norge, så har eg hatt ein adult gråmåse frå Tyskland. Fuglen frå Tyskland fikk eg dessverre ikkje lest av heile koda til. Det har også blitt sett to fuglar som er merkte i søraust-England. Ein 2K gråmåse og ein 5K+ svartbak. Dette viser berre at det er svært mykje fugl, frå eit stort område, som samlar seg her på nordvestlandet no under den mest intensive perioda med fiskeri. Og fiskeriet er langt frå over... Så forhåpentlegvis dukkar det opp endå meir interessant i den nærmaste framtid.

Her er eit par bilder av gulbeinmåsen frå i går.
Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 25.februar 2014
Frå venstre: Gulbeinmåse 2K, svartbak 2K og gråmåse 3K.

Gulbeimåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 25.februar 2015

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar