torsdag 6. mars 2014

Liv i kystlyngheia...

I løpet av dei siste dagane så har det vore eit innsig av svartstruper lenger sør langs kysten. Dermed tenkte eg at det ikkje vil vere alt for dumt å ta seg ein tur rundt på svartstrupelokalitetane på Sandsøya, for å sjekke om det kunne ha dukka opp ei svartstrupe eller to. Dermed blei det for tre dagar sidan, samt i forgårs (3. og 4.mars) ein sjekk rundt om på dei fleste lokalitetane på øya, der det tidligare har hekka svartstruper. Eg må vel egentleg innrømme at eg ikkje hadde all verdens trua på at eg kom til å finne noko. For tidligare så har ankomst av svartstruper på hekkelokalitet skjedd frå midten av mars til den første veka av april. Ja, sjølv når vi hadde ei overvintrande bestand, dukka dei ikkje opp på hekkeplassen før dette. I år har riktig nok verforholda vore på svartstrupene si side, med ein mild og fin vinter, der det ikkje har vore så alt for store problem med å finne mat (dette gjeld først og fremst for overvintrande fuglar). Og når vi no har hatt fleire fine dagar med milde sørlige vindar, har det komt inn ein del fugl frå sør. Forholda denne vinteren har rett og slett vore på svartstrupene si side!

Runda mi rundt på lokalitetane på øya vart starta i Sandsvågen. Det er her vi dei siste åra har hatt hekking av svartstruper. Og ein kan trygt seie at dette er den beste lokaliteten for arten på Sandsøya. Etter ankomsten på staden tok det ikkje lang tid før eg såg ein fugl sitte i toppen av ei einebusk. Kunne det faktisk vere ei svartstrupe? Etter å ha satt kikkerten på fuglen var det ikkje lenger nokon tvil... Det var nemleg årets første svartstrupe som satt der. Eller rettare sagt, årets to første. For både ho- og hannfuglen satt like ved kvarande. Dermed var det faktisk på plass eit svartstrupepar! Dermed kan ein kan tryg seie at eg fikk fullklaff allereie på lokalitet nummer ein. Hannen vart ved eit par anledningar høyrd syngande, men for det meste av tida eg var der var dei opptatt med å jakte insekt, noko det for tida er meir enn nok av. For med temperaturar på rundt 10 grader er det ikkje mangel på insekt som er ute og flyg.

Etter å ha lokalisert mitt første par for året fikk eg litt blod på tann, og det blei fort litt enklare å kome seg rundt å få sjekka endå fleire lokalitetar. På den neste staden var det dessverre fint lite å sjå. Dette er ein lokalitet der det tidligare hekka to par, men dette var då svartstrupebestanden var på topp. Det var den fram til t.o.m. 2009. Då var det 8-9 hekkande par på Sandsøya. Men i og med at alle desse prøvde og overvintre, så gikk det den veie det måtte gå. For vinteren 2009/2010 var av den svært harde sorten, og ingen av svartstrupene greidde seg.

På den siste lokaliteten eg var innom (Hellandsvågane) har det ikkje blitt sett svartstruper sidan "knekken" vinteren 2009/2010. Etter å ha stoppa bilen og sett over området gjennom kikkerten, var det egentleg ikkje så alt for mykje som stakk seg ut. Men så var der ein kjent lyd! Kunne det vere svartstruper her også? Joda, der var ikkje berre ei, men to fuglar. Ja, nok eit par! Dermed er dette første gongen sidan 2009 det har vore meir enn eit par samtidig på øya. Og fortsatt er det ekstremt tidlig, så kanskje dukkar det opp endå fleire? Forhåpentlegvis så får vi ingen alvorlige tilbakeslag med kulde og snø... Og skjer ikkje det, ligg alt til rette for at vi i år kan få svartstrupebestanden på rett kjøl igjen.

Her er nokre bilder av det eine paret.
Svartstrupe 2K+ F, Hellandsvågane, Sandsøya 3.mars 2014
Sandsøya er den nordligaste staden i Norge der det årleg hekkar svartstruper.

Svartstrupe 2K+ M, Hellandsvågane, Sandsøya 3.mars 2014

Svartstrupe 2K+ M, Hellandsvågane, Sandsøya 3.mars 2014
 
Oppstart av fargemerkingsprosjekt...
Frå og med i år har vi (Sunnmøre ringmerkingsgruppe) no muligheit til å fargemerke svartstruper. Det vil då bli brukt dei samme ringane som allereie er i brukt på både linerler og skjærpiplerker. Med ei slik merking er det svært mykje ein kan lære om arten. For slike ringar er det fullt mulig å lese av i felt. (Ringane er nemleg lesbare på mange, mange titals meter, både ved hjelp av teleskop, men også ved hjelp av foto) Det vil då gi ein heilt ny dimensjon med tanke på å få "data" på fuglane. Skulle ein for eksempel berre sette på metallring, måtte ein også ha fanga dei inn for å få lest av ringane. Men med fargeringar kan ein følge fuglane utan å forstyrre dei i det heile. Då vil ein kunne studere lokale forflytningar både sommar og også eventuelt vinterstid, ha større sjanse på å finne ut kor dei overvintrar visst dei ikkje overvintrar lokalt, sjå korleis ungfuglane forflyttar seg, korleis para brukar områda år for får, osv. Ein ting er i hvertfall sikkert, visst det lukkast å få merkt både voksnefuglar og ungar, kjem dette til å bli svært lærerikt! Merkinga av svartstruper vil ikkje skje berre her på Sandsøya, det vil også bli gjort eit forsøk på å lokalisere par andre stadar på ytre søre Sunnmøre og på Stadtlandet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar