fredag 12. oktober 2012

Ona og Sandsøya 10-12.10.12

Dei siste dagane har eg vore opptatt med feltarbeid. I går og i føregårs (10-11.okt.) var eg på Ona og jobba. Før eg starta med feltarbeidet vart det ein rask sjekk på eit par av palssane på øya. Det resulterte i 1 gulbrynsongar og
1 tartarpiplerke. Litt seinare på dagen når eg hadde startar med feltarbeidet som innebar å følge med det som trekte forbi på havet utanfor Ona kom det trekkande ein 1K sabinemåse. Dermed så må eg no alt i alt seie meg fornøgd med oppholdet sjølv om det ikkje blei tid til den heilt store sjeldenheitssatsinga. Av og til så må ein prioritere å få pengar inn på kontoen også...

Hubro og høgspentlinjer
I dag har eg brukt dagen på å kartlegge høgspentlinjer på Sandsøya. Dette er med tanke på hubro. Den største dødsårsaka for hubro er nemleg elektroskusjon. Derfor er det svært viktig å få sett i gong tiltak med å sikre dei mest utsatte konstruksjonane. Hubroen brukar nemleg slike stolpar som utkikspost på jakt. Og når ein slik svær fugl med eit vingespenn på opp til 1,8 meter både skal lande å ta av frå stolpane så seier det seg sjølv at det ikkje skal mykje til før det blir ei kortslutning. Så ein må derfor gjere det ein kan for at det ikkje skjer, vi har nemleg ikkje akkurat for mange hubroar å ta av. Forhåpentlegvis kan eit slikt tiltak vere med på å få bestanden på rett kjøl igjen.

Her er eit bilde av ein ung hubro som eg kom over i 2008.
Hubro 1K, Voksa september 2008.

Grønlandsmåse...
I kveld rett før det blei mørkt tok eg meg ein kjapp tur på Sandshamna for å sjå gjennom dei mange måsane som var der. Det resulterte i ein 3K grønlandsmåse. Noko som var ein svært positiv overraskelse. Det har nemleg ikkje vore alt for mykje spennande å sjå på måsefronten i det siste...

Her er eit bilde av fuglen.

Grønlandsmåse 3K, Sandshamna/Sandsøya 12.okt. 2012

tirsdag 9. oktober 2012

Tartarpiplerke m.m. Sandsøya/Voksa 09.10.12

I dag vart det tatt ein skikkeleg sveip over Voksa. Etter at Voksa var nøye gjennomsøkt for sjeldenheiter vart måsane på Sandshamna på Sandsøya nøye sjekka. Det resulterte i årets første tartarpiplerke for øyane. Den vart då sett rastande på Voksa. Men utanom den var det ikkje noko å rope hurra for. Det var desverre som det har vore den siste tida ganske så daudt med lite fugl å sjå. Men litt var det no likevel å oppdrive...

Her er det andre som var verdt å legge merke til på Voksa i dag:
spurvehauk 1 2K+ M
kvitkinngås 1 1K
kvartbekkasin 1
gråspett 1 F
sivspurv 1

Her kan du sjå nokre bilder av dagens "storpiplerke" på Voksa. For min del blir det nemleg ikkje skikkeleg haust før tartarpipen har vore innom. Eg legg også inn eit bilde av kvitkinngåsa, den også frå Voksa.
Tartarpiplerke 1K, Voksa

Tartarpiplerke 1K, Voksa

Kvitkinngås 1K, Voksa


Engelskmerka gråmåse...
Etter at eg var ferdig på Voksa så vart det som nemnt over måseskoding på Sandshamna. Det resulterte i ein adult engelskmerka gråmåse. Etter litt jobbing fikk eg lest av metallringen fuglen hadde. Ellers så var fortsatt tre av "mine" fargemera gråmåsar på plass på hamna. Det vart også sett ein 1K sildemåse.

Her er eit litt meir informasjon om den ringmerka måsen.
Gråmåse 6K(adult), Sandshamna/Sandsøya
Denne hadde metallring med nr. GG61097
Gråmåsen med metallring nr. GG61097 vart ringmerka som ein 1K-fugl (1.vinter ) den 15.desember i 2007 på Rainham tip rett aust for sjølve London. Måsen er i dag då ein 6K fugl, altså litt over 5 år gammal. Dette var det første gjenfunnet av fuglen etter merking.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Rainham tip og Sandshamna er på
1238 km.

mandag 8. oktober 2012

Havsule i pleie...

I helga som var hadde eg ei 1K havsule i pleie. Alv Ottar Folkestad hadde den opprinneleg i pleie, men sidan han skulle reise bort i helga tok eg over ansvaret for fuglen i nokre dagar. Denne unge havsula blei funnen forkomen på eit tun i Kvalsvika på Nerlandsøya i Herøy kommune for ca. ei og ei halv veke sidan.

Havsula har ei lang reirtid. Ungane forlet ikkje reiret før det har gått ca. 3 månadar (etter klekking).  Når dei då forlet reiret er dei for tunge til å flyge. Dermed så sym dei til havs. Etter å ha svømt på havet i eit par veker og dermed fått ned vekta nok til å kunne ta vingene fatt skal dei starte å fiske for eiga maskin. I og med at desse skapningane er tilpassa å svelte seg ned i vekt i den første perioden som sjølvstendig så er dei ofte svært vanskelege å få mat i. Denne var heldigvis av det greiare slaget og har blitt meget grei og mate. Dermed er det berre å ta tida til hjelp for å få vekt og kondisjon opp eit nokre hakk til.

Under kan du sjå nokre bilder av fuglen.