mandag 30. august 2010

Gluttsnipe og tundrasnipe

Dei siste par dagane har det ikkje vore noko uvanleg å rapportere om. Det har vore eit par dagar med litt færre rastande vadarar,  men det har no ikkje vore heilt fritt! Under kan du sjå nokre bilder dei to siste dagane.

Gluttsnipe på flyndrejakt!


Her er nokre bilder av tundrasnipe frå i dag. I dag var det minst 3 forskjellige ind. som rasta på Sandsøya.






søndag 29. august 2010

Dvergsnipe del 2

Her er nokre bilder til av denne vesle snipa. Dvergsnipa er ikkje meir enn 14-15 cm lang, og samanligna med ei linerle er ho faktisk betydeleg mindre (sjå bilde under). Dette er fuglar som hekkar hos oss berre i finnmark, men dei fleste som vi ser på hausttrekket er fuglar frå sibir. Desse vert i hovudsak sett hos oss på sørtrekket(haust) sidan dei har ei meir austleg trekkrute om våren.

Dvergsnipa har hatt eit bra år i år, for det nesten dvergsniper i kvar ei småflokk med sandlo og myrsnipe!

Her er eit par bilder av dvergsniper får 27. og 28. august!
Med 1K linerle i bakgrunnen!


lørdag 28. august 2010

Dvergsnipe og sandløpar, Sandsøya 27.08.10

I dag gikk eg over Voksa uten og sjå noko som helst. Men heldigvis var det meir aktivitet på vadarfronten på Sandsøya! I dag var mange dvergsniper, også nokre sandløparar og tundrasnipe. Dvergsnipene og sandløparen var svært fotogene. På det nærmaste hadde eg dvergsnipa på 2,5 meters hold, og sandløpar på 5 meters hold! Dei er nokre fantastiske skapningar........

Obsar frå Sandsøya i dag!
gluttsnipe 3+
dvergsnipe 8+ 1K
temmincksnipe 1 (overflygande)
tundrasnipe 1 1K
sandløpar 3 1K
polarsnipe 2 1K
sandlo 50+
myrsnipe 50+

Her er nokre av dei utallige bilda eg tok i dag!
Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K


















Sandløpar 1K

Sandløpar 1K

Sandløpar 1K

Sandløpar 1K

Sandløpar 1K