søndag 29. august 2010

Dvergsnipe del 2

Her er nokre bilder til av denne vesle snipa. Dvergsnipa er ikkje meir enn 14-15 cm lang, og samanligna med ei linerle er ho faktisk betydeleg mindre (sjå bilde under). Dette er fuglar som hekkar hos oss berre i finnmark, men dei fleste som vi ser på hausttrekket er fuglar frå sibir. Desse vert i hovudsak sett hos oss på sørtrekket(haust) sidan dei har ei meir austleg trekkrute om våren.

Dvergsnipa har hatt eit bra år i år, for det nesten dvergsniper i kvar ei småflokk med sandlo og myrsnipe!

Her er eit par bilder av dvergsniper får 27. og 28. august!
Med 1K linerle i bakgrunnen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar