lørdag 19. februar 2011

Fargemerka gråmåsar frå Essex i England

I kveld fikk eg endeleg svar ang. dei to fargemerka gråmåsane som eg såg tidlegare denne veka. Begge desse fuglane var som eg trudde merka på same søppelfyllinga i Essex, England som dei to eg såg på Sandshamna då henholdsvis i januar og mars 2010.

Her er dei frå 2010.  
 
HR2T                                                                                                    RG5T

Måsen over t.v. (HR2T) var merka som ein adult fugl i Essex, England 21.november 2009. Denne vart sett på Sandshamna 27.januar 2010. Måsen t.h. (RG5T) vart også merka som ein adult fugl. Men denne var merka 27.desember året før (2008). Denne vart sett på Sandshamna 15.mars 2010. Etter dette har den blitt sett i Kent, England like ved Essex.

Her er avstanden frå der den vart merka og til Sandshamna.

Her er linkar til begge måsane:
HR2T:  http://www.ntgg.org.uk/map/GN86771
RG5T: http://www.ntgg.org.uk/map/GC86667



Denne vekas måsar 
So var det denne vekas fargemerka gråmåsar. Desse måsane var som nevnt tidlegare også merka på same søppeøfyllinga i Essex.

XJ0T

Denne måsen (merka med XJ0T) vart merka som ein adult fugl på Pitsea søppelfylling i Essex 9.januar 2010. Den var sist sett i England eit lite stykke frå standen den blei merka den 27.desember 2010. Og denne veka har den hold seg ved Voksevegen/Voren på og ved Sandsøya.

Her er ein link til denne måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GN86914
                                                                                                                                                                     

 GJ5T

  Denne gråmåsen vart merka på søppelfyllinga i Essex 23.januar 2010 som ein adult fugl. Den vart so avlest i Varanger, Finnmark 8.juli 2010. So vart den då som kjent sett av meg på Sandshamna 16.februar 2011. 

Denne måsen vart då funnen midt i hekketida i Finnmark, noko som vil seie at den hekkar der. I og med at den blei merka i England så virkar det som om denne overvintrar i det området. Den har nok kanskje tatt turen ned denne vinteren også, og no er den på veg nordover igjen! Dette gjeld for så vidt alle desse gråmåsane. Dei overvintrar leger sør for så å trekke nordover til hekkeperioden.

Her er ein link til måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GN87112

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar