torsdag 10. februar 2011

Sandsøya/Voksa 8-10.02.11

Dei siste tre dagane har vore som den siste tida, altso ikkje det heilt store. Det vil seie lite fugl å sjå. I forgårs telte eg totalen på dykkarane og lommane i havområdet mellom øyane. Medan dei to siste dagane har det i hovudsak vorte satsa på måseskåding på Sandshamna.

"Obsane" frå sjøfugltellinga.
islom 2
dvergdykkar 3
horndykkar 2
gråstrupedykkar 9 (rekordantall)
sjøorre 1 (2K M)
tjeld 1
teist 1



Nok ein fargemerka gråmåse
I dag var det meir aktivitet på hamna, og dermed også fleire måsar. Og ganske kjapt fann eg ein fargemerka gråmåse. Denne måsen var fullt adult. Det vil seie at den var minst 5k (4.vinter eller eldre). Men etter å ha fått tilbakemelding på fuglen så viste det seg at den blei merka på Valderøya i Giske kommune sommaren 2006 som 3K+ (2.sommar eller eldre), noko som gjer måsen til ein 8K+ (7. vinter eller eldre) i dag.

Her er eit bilde av den fargemerka gråmåsen.
gråmåse 8k+ (merka med JM6K)
Her er "livshistoria" til JM6K (matallring nr.FA17347)

Dato


Stad


Koordinatar


Observatørar


Dagar/km/°
19.06 2006
Skjongskaret, Valderøy, Giske, Møre og Romsdal, Norway
62°30'09"N 006°06'47"E
Petter Birger Folkestad
-
10.02 2011
Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway
62°15'08"N 005°28'58"E
Støyle Bringsvor, Ingar
1697/43/229



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar