Dagens resultat vart to nye fargemerka gråmåsar, og vinterens første grønlandsmåse. Muligens var det to grønlandsmåsar, men den andre blei ikkje sikkert bestemt. Fordi etter å ha sett "grønlandsmåsen" så fann eg ein lignande fugl som var ein 2K(1.vinter) polarmåse x gråmåse hybrid. Dermed har eg vorte litt usikker.
Grønlandsmåse 2K(1.vinter) Etter ein unormal vinter med ingen grønlandsmåsar før i dag, var det deilig når den engeleg satt der. |
So fann eg også eit par fargemerka gråmåsar på hamna. Ein Norksmerka, og ein som truleg er merka i Russland.
Norskmerka gråmåse
JN8M vart merka i Farsund i juli 2004 som ein ikkje flygedyktig unge. Under kan du lese heile funnhistoria etter at den vart merka. |
Dato Stad Koordinatar Observatørar Dagar/km/°
08.07 2004 Rauna, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°03'33"N 006°40'10"E Olsen, Knut Sigbjørn -
13.06 2006 Skjolnes søppelplass, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'41"N 006°48'32"E Lorentzen, Nils Helge 705/8/75
08.05 2008 Skjolnes søppelplass, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'41"N 006°48'32"E Jørgensen, Finn 1400/8/75
11.05 2008 Steinsviga, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°04'49"N 006°37'27"E Olsen, Knut Sigbjørn 1403/4/311
08.06 2010 Rauna, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°03'33"N 006°40'10"E Olsen, Knut Sigbjørn 2161/0/89
02.08 2010 Rauna, Farsund, Vest-Agder, Norway 58°03'33"N 006°40'10"E Bentsen, Thomas
Helberg, Morten
Jørgensen, Finn
Olsen, Knut Sigbjørn 2216/0/89
26.02 2011 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 2424/471/352
Her er ein link til eit bilde tatt at måsent 11.mai 2008 i Farsund: http://www.ringmerking.no/cr/visbilde.asp?BID=541&VisF=ON&XIF=ON
Russiskmerka gråmåse????
Den andre fargemerka gråmåsen er ein 3K(2.vinter) gråmåse. Den er truleg er merka i Russland. Skal prøve å finne det ut og få historia til måsen så kjapt som mulig.
Her er eit bilde av måsen.
Gråmåse 3K (2.vinter) merka med KH67. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar