mandag 19. september 2011

Ub. kjerrhauk, Voksa 19.09.11

Etter å ikkje hatt anledning til å kome seg i felten på ei og ei halv veke var det deilig å endeleig kome seg ut. Og det ga faktisk også resultat. Då i form av ein ubestemt kjerrhauk. Ut i frå proporsjonane på fuglen så er det i så fall snakk om enten steppe- eller myrhauk. Eg har fått ein del tilbakemeldingar på kjerrhauken. Då i hovudsak at det er snakk om ein myrhauk, men det er også andre som meiner det ikkje er snakk om myrhauk, og då i staden heller i retning steppehauk. Men alt i alt får den forbli ubestemt. Men eg sjølv heller etter å ha sett ein del på bilda i mot myrhauk. Den er breiarma og den virkar å ha 5 fingrar. Visst det stemmer så er dette ein myrhauk.

Dette vart den 5. kjerrhauken som er observert på Sandsøya og Voksa. Tidligare er det sett 2 myrhaukar, 2 sivhaukar og no denne ub. hauken!

Her er kan du sjå eit dokumentasjonsbilde av hauken.
Ub. kjerrhauk 1K, Voksa

Andre obsar...
Utanom hauken vart det sett ein kvartbekkasin, samt muligens høyrd ein gulbrynsongar på Voksa.

2 kommentarer:

  1. Jeg har ikke allverden med erfaring på artene, men har da sett noen her og der, senest i høst på Falsterbo. Nokså sikker på at det er en myrhauk utfra bildene du har lagt ut.

    Hilsen Espen

    SvarSlett
  2. Du har kanskje rett i det! Men eg har også nokre som meiner at det ikkje er snakk om myrhauk...! So eg trur eg endrar til ub. kjerrhauk! Har lagt den ut som stenghauk for å sjå om folk kommenterte!

    SvarSlett